onsdag 14. august 2013

Besuch aus Pulsnitz

Bakkefjellet

I den siste ferieveka mi har vi hatt besøk av eit vennepar frå Pulsnitz i Tyskland. Dette er ein småby utanfor Dresden. Ben og Viola kom forrige fredag og blir ut veka. Dei har vore her fleire gonger tidlegare. Etter ein kjapp tur på Indrevågefjellet i går morgon, m.a. for å "gravleggje" eit lam eg fann dagen før, tok vi oss ein flott tur på Bakkefjellet og Blåfjellssåta. 

Ben og Viola likar vestlandet og kysten særs godt. Hollevika og Staveneset er reine paradiset. Diverre har vèret vore sånn opp og ned. Men relativt brukbart. Dessutan er kanskje vi nordmenn meir opptekne av at det skal vere fint vèr og sol når vi får gjestar enn gjestane sjølv. 

Utan å like kysten likar òg gjestane våre fjell. Viola driv såleis med fjellklatring i mellomeuropa. Ben er prosjektansvarleg for ein ny brannstasjon i Dresden til mange mill Euro. Vi har såleis ein del fellesinteresser. 

Blåfjellssåta
(foto Ben)

Turen på Bakkefjellet og Blåfjellssåta var super. Men ein kald nordavind var kvass i kantane. Eg for min del var glad eg hadde med både ekstra jakke og hue. Og Olaug sette pris på hanskane eg òg hadde teke med. Ikkje akkurat ein varm sommarkveld. Likevel er det godt å kome seg opp i høgda. Ikkje minst med den ustsikta over bygdene og Dalsfjorden som Bakkefjellet eksponerer. 

I dag vert det øyhopping i Solund, Gåsver, Bulandet og Verlandet. Eg kjem tilbake med litt stoff og bilder derifrå seinare. Blogginga f.t. blir litt sånn comme ci comme ca, men det får vi ta som det er.   

Viola og Olaug

++


Ingen kommentarer: