lørdag 31. august 2013

Fine infoskilt og godt merka...





Det er ei stund sidan eg har vore på Blåfjellet i Askvoll, så eg stakk nedom der i dag tidleg. Eg vart møtt av eit nytt flott info-skilt om turruter rundt i Askvoll ved parkeringsplassen. Eg leverte frå meg eit bilde til dette føremålet i vår ein gong, og no var jammen både skiltet og bildet kome opp. Til rette vedkommande: Flott jobba! Ikkje minst den flotte merkinga som var utført heile vegen opp. 

Elles traff eg ein annan frisk morgonfugl (Anita V)  på veg ned igjen brattaste bakken då eg gjekk opp. Vi hadde bra fart begge to, så eg stakk berre til sides, med eit hei. Dessutan var eg midt inne i ein stoner-solo med COC (Corrosion of Conformity) som passa ganglaget og tok ikkje sjansen på å få jenta i fanget...;-) 

Blautt, vått og gjørmete summerer vel opp resten av morgonturen. Men heldigvis heldt det seg opplett...!

fredag 30. august 2013

Fin seinsommarkveld

 Bakkefjellet i kveld
 
Eidsfjorden 

LysandeStemningar

Har vore litt meir aktiv på poesifronten i det siste. Som kanskje de veit ligg det link i høgremenyen til dei siste oppdateringane. Adressa finn du dessutan her.

Når det gjeld fjellivet satsar eg på ein dag i fjellet i morgon med fisking. Kjem tilbake til det i løpet av helga.

onsdag 28. august 2013

Asfalt-trav

Eg knytte på meg Mizuno Wave Eleksir 8 skorna i kveld, og tok meg ein god joggetur til Vågane og heim igjen. Godt å kjenne at joggeforma er intakt. Eg jogga ein heil del i Tyrkia i sommar, men det er ikkje akkurat det kjekkaste eg veit. Men god trim er det sjølvsagt. Og så slepp eg å køyre nokon stad for å trimme...:-) 

Til helga har eg eit par fisketur-prosjekt på gang. Det ser nemleg ut til å bli bra fiskevèr. Til det føremålet har eg difor reimpregnert nokre klede i kveld. Så får vi sjå kor lenge det held. 

mandag 26. august 2013

Exit fjelltrimmen



 Knallflott kveld på Bakkefjellet igjen. Tørt og lett i berre shorts og joggesko. Vel, eg hadde med meg ei trøye, og den trengde eg godt på toppen. For vinden var ganske skarp i kantane. Spesielt når sola til tider forsvann bak skyene. 

Elles skal eg ha meg eit par turar til på Bakkefjellet før eg avrundar årets fjelltrimsesong. Den blir dessutan min siste i dagens form. Eg vil ikkje gå etter bøkene lenger. Men skal sjølvsagt halde fram med å gå i fjellet. Det skal bli både meir spanande og interessant å velje turane sjølv enn å gå oppatt dei same turane heile tida pga bøkene. Dessutan har eg kjellaren liggjande full av fiskeutstyr. Kanskje blir slike turar kjekkare å skrive heim om òg. 



søndag 25. august 2013

Fantastisk augustdag

På lukkens vinger...
Sauer nord av Portafjellet
Tjørna aust av Stordalsfjellet
Kjø i elva i Porten
Vakre lonar i Porten



 I dag køyrde eg i lag med Olaug og Sissel i Oslandsbotnen 
og fekk bruke Sissel som grindepike. Det er nemleg tre grindar på Osland som ein må gjennom for å kome inn i botnen. Alltid eit herk med desse grindane når ein er åleine i bilen. 

No gjekk eg raskare enn damene då slik at eg ikkje trong å vente når eg kom ned igjen. Difor var det greitt med eigen bil. 

På toppen traff eg i dag Gisle S. Han hadde gått over Indrevågefjellet og den vegen. Vi slo av ein liten prat der ved varden. Men i dag hadde eg bestemt meg for å gå ned igjen på nordsida. Der vi gjekk på ski i vinter. Her traff eg på ein god del sauer på nordsida av Portafjellet. 

Elles traff eg på Sigmund H og Edvin H med fruer i bakkane nedom Porten. Eg måtte sjølvsagt slå av ein prat med dei òg... Etterpå sprang eg ned igjen i Oslandsbotnen.

Herleg tur i berre shortsen. 

Google+ photos Stordalsfjellet 250813

Foto heime i går kveld

Foto heime i dag tidleg

lørdag 24. august 2013

God økt

Stordalsfjellet og Bakkefjellet

Etter å ha vore ein kjapp tur på Stordalsfjellet etter arbeid i går, tok eg opp att same ruta i dag tidleg. Etter ein kopp kaffi og ei skive heime, vart det ein tur til Holmedal og Bakkefjellet òg i dag. Fine turar, bra vèr og god temperatur. Herleg. 

torsdag 22. august 2013

Fin seinsommarkveld




Flott tur på Bakkefjellet i kveld. 
Endeleg ein solskinnsdag att etter arbeid.
(mobilfotos)

onsdag 21. august 2013

No time to worry


Foto frå Nipevatnet under Blegja

Nei, eg har ikkje teke pause frå fjellet. Trass i eit slèt i ryggen. Steikje ilt og problem med å ta på meg sokkane. Develskapen fekk eg i to porsjonar, men det går nok over av seg sjølv om nokre dagar. Når eg ikkje har blogga alle turane i det siste, så er det sjølvsagt for at eg har gått dei ørten gonger før. Vèret har heller ikkje vore noko å skryte av, så bilda blir deretter. Men vi får håpe på nokre fine dagar etterkvart når haustfargane no kjem i fjellet.

mandag 19. august 2013

Temaparken, Bulandet S&Fj


Bilder frå Temaparken i Bulandet

(smart-telefonfotos)

søndag 18. august 2013

Gåsvær, S&Fj


Her er ei samling av bilete eg tok frå Gåsvær....

fredag 16. august 2013

Ekspedisjon Grimelid

 Dag Bentås, Andreas, Peter, Viola og Ben

Eg tok med meg Viola og Ben, Andreas og Peter på ein ekspedisjon til dei gamle kopargruvene i Grimelida i dag. Vi traff på Dag Bentås der ute. Han er næraste nabo til dette gamle minnesmerket. Vi slo av ein prat med han. 

I skikkeleg væte og sturtebyger tok vi oss opp fjellet til det øvste holet for gangane. Dette er diverre dårleg sikra. Ja, det ligg som eit hol til helvete om du sklir utfor..... (noko som det absolutt skulle vore gjort noko med)....

Viola og Ben tykte dette var veldig interessant! 





Ladydate

Sissel, Viola og Olaug på Stordalsfjellet

Meininga i går var å gå på Stordalsfjellet med Viola og Olaug. Men når så Sissel og Torunn skulle avgarde på same turen, bestemte eg meg for å gå om Indrevågefjellet først. Det er ei fin runde å gå. Du startar då ved FV609, går over stien på Vågeskardet, og opp den lange og bratte bakken. Her er bra sti opp heile vegen. Oppe på toppen her held du så fram småkuppert opp og austover til varden. Dette er ein fin tur for alle og ein kvar. 

Når det gjeld turen vidare her i frå er det veldig kuppert austover. Mykje opp og ned. Ein må dessutan ganske langt inn for å komme ned i Norddalen og vidare oppover fjellet mot sør. Fjellskråningen her er veldig karakteristisk. Blankskurd, utan vegetasjon. Herleg å gå på når det er tørt.

Gjennom øvst i Norddalen ser vi Staveneset i det fjerne...

Frå toppen av skråningen her held ein først sør, og sidan litt sørvest, for å kome opp på Stordalsfjellet. Som bestilt traff eg jentene att her på toppen. Utan nokon spesiell avtale om tid (om eg vart for sein hadde eg sprunge etter ned igjen). Artig! 

No ville jenten ha seg ein pause og ei skive, men det hoppa eg over, så eg gjekk vidare opp på Portafjellet òg. Her er det nydeleg utsikt til Stongfjorden. Vinden reiv godt i skrotten her oppe. Med handa på hjartet kan eg seie at eg aldri har ete modne molter på toppen av fjellet her. Litt spesielt tykkjer no eg. 

Hoo hoo - her er det bratt utfor...rett ned i Porten!

Eg tok att damene i skaret under Portafjellet (under bildet ovanfor). Dei hadde sett seg godt til rette i solbakken her i ly for vinden. Men eg fekk låne meg nøkkelen til bilen til Olaug og sprang like godt i Oslandsbotnen igjen og heime. Kjempetur!

Jentente nyt medbrakt turmat under Portafjellet

Foto hin vegen ved heimkome til Yndestad. 
Vi ser toppen oppe t.h der eg nett sat...


torsdag 15. august 2013

"Das war klasse"


Gåsvær frå "Telenor-haugen"...

I saman med Ben og Viola frå Tyskland tok vi Øyhoppings-turen til Fjordkysten i går. Jøss, det var fantastisk frå A til Å. Inntrykka vart etterkvart så mange at dei ikkje kan skildrast i eit kort blogginnlegg. Så sjølve informasjonen om turen finn du m.a. på linken ovanfor, men turen må berre opplevast sjølv for å få rette inntrykka. Men eit par trekk kan eg likevel dra fram. 

Ventar på ekspressen til Krakhella.
 Olaug og Viola i Askvoll

Vi starta i Askvoll og tok ekspressen til Krakhella. Etter litt ventetid på ekspressen frå Bergen, var vi ei heil lita forsamling som tok bussen til Hardbakke med postruta mellom holmar og skjer som mål. Ja, sjølve den 40 minutts lange bussturen vart ei skikkeleg positiv oppleving. Full informasjon om Solund av ei ung og blid dame som køyrde bussen. Som heimehøyrande i øyriket fekk vi info om bedriftsliv som båtbygging og vasking av oppdrettslegg. Polakkar som arbeidskraft er viktige ingrediensar i Solund. Ja hadde det ikkje vore for dei kunne det fort blitt stilt rundt om på verfta. Vidare fortalde den kvinnlege bussjåføren om landskap, sitkagran, fjelltoppar, fjelltrimpostar, vegar og korrespondanse. Dette innslaget på turen var sjølvsagt ikkje lagt inn i noko turprogram. Det var gratis. Ubetaleleg og kanonbra. Allereie no sat eg med eit inntrykk av kor mykje meir sosiale og opne kystfolk er av natur enn dei lenger inne i landet. Takk du bussjåfør! 

Motiv frå Hardbakke

Ja, så var følgjet komne fram på kaia på Hardbakke. Stjernsund låg klar til å gå postruta. Vi vart ganske mange etter at turistane frå Bergen var komne til. Her var til og med folk frå England og Australia som hadde teke turen. No talde eg ikkje alle i hop, men eg trur vi måtte vere over 20 stk. På båten fekk eg dessutan høyre av føraren av ruta at dette turopplegget hadde vore veldig populært i sommar. Sjølvsagt mest på dei finaste dagane som då hadde hatt venteliste. Det vart sagt at ein då kunne ha fylt opp to båtar med folk. 

Lågøy

Vi stoppa på følgjande plassar sørvest og nordover: Lågøy, Litle Færøy, Tangenes, Ytrøy, Storøy Indrøy, Oddekalv og tilslutt Gåsvær. Her vart det nesten ein time pause før vi gjekk til Bulandet. Inn i mellom stoppa fekk vi sjå og høyre om den spesielle naturen her ute, om folket og historier. Det vil føre altfor langt å gje att dette her. Men bildetserien min fortel vel sitt. Det var fantastisk interessant og gjevande. Undervegs omsette eg til tysk så godt det let seg gjere. 


Mange nydelege perler undervegs...

Føringa av båten med over 30 knops fart blant holmar og skjer, og gjennom tronge passasjar, var spektakulært. Ja ein plass fekk vi beskjed om å ikkje lene oss over rekka. Om så var kunne vi skade oss i fjellsidene på kvar side av båten... Båten fauk gjennom passasjane på centimeteren i vanvittig fart.... Herleg!

Mange spesielle naturelement undervegs...

Om ikkje eg nemner nokon av dei andre stopp-plassane til postruta ovanfor, må eg nemne nokre ord om Gåsvær. Fuglelivet er ein ting her ute. Det lèt eg liggje no. Men vi kom tett innpå hordar med toppskarv. Plassen er ein fantastisk flott og gamal handelsstad (sjå bilete). Vi fekk omvisning i samlinga av gjenstandar knytt til det gamle livet her ute. Veldig interessant. Ja, så var det sjølvsagt kaffi og pannekaker av innehavaren. Det smakte fortreffeleg i solveggen. Info om Gåsvær.  

Olaug, Viola og Ben nyt kaffi og pannekaker i solveggen på Gåsvær

Viola og Ben på Gåsvær

Turen vidare nordover gjekk over ope hav. Vi skimta Utvær, Norges vestlegaste punkt. Litt nordavind fekk sjøsprøyten til å stå i høgste lufta langs rekkene på Stjernsund. Herleg. Ikkje minst for dei tilreisande turistane som knapt hadde sett ope hav før. Og langt mindre hadde kome så nær innpå dei saltfriske elementa. 

Friske element nordover til Bulandet....

På Bulandet vart det nydeleg fiskesuppe med varme bollar i Pernillestø. Flott ute i solskinnet på kaia. Deretter tok vi turen i den fantastiske Temaparken i Bulandet. Her fekk vi full omvisning av Håvard Halsøy. Her var ei utruleg samling av gjenstandar knytt til det gamle livet langs kysten. Ja, her var så mykje at eg lurte på kor tid det tok slutt. Heile historia til Bulandet openbara seg. Bilder av alle innvånarane på alle øyane. Historier og bilder frå krigens dagar, frå daglegliv og fest, gamle innreiingar av skulestover, kjøkken, ja, eg veit ikkje kva... Det var heilt imponerande kva dei hadde samla i hop. Dette må berre opplevast. Biletserien min (som no var gått over til mobilbilder) fortel vel sitt. Eg knipsa iallefall så godt eg kunne. Fantastisk!

Fiskesuppe frå Bulandet sit godt i skrotten...

Turen vidare gjekk med buss over alle dei nye bruene her ute. I Værlandet var det ny runde med is på Joker`n, før ferja tok oss til Askvoll. Heime om kvelden sat eg att med ei kjensle av at dette kanskje var rikaste dagen i heile ferien min... 

Temaparken i Bulandet var ei fantastisk flott oppleving

FOTO

(p.s. dette albumet kjem eg til å dele opp ved høve)