Facebook

onsdag 17. juli 2013

God sommar

Etter å ha nådd eit greitt mål før ferien på 5x50 på årets fjelltrim, reiser eg på ein 14 dagars tur til Icmeler i Tyrkia på fredag. Godt med varme og sol. Sleppe skodde og regn ein periode. Og ikkje minst opparbeide litt motivasjon til nye tak. I Tyrkia held eg forma nokolunde vedlike ved å jogge strandpromenaden frå Icmeler til Marmaris og tilbake før sola står opp. Dette er ei knapp mil. Temperaturen er då under 30 grader. 

I denne perioden vil eventuelle oppdateringar på bloggen bli noko tilfeldig. Mogeleg eg legg inn litt nyhende frå Tyrkia. Vi får sjå. Elles har eg to veker ferie når eg kjem igjen. Kva eg finn på då er vèravhengig. Men eg har kjøpt nytt fjelltelt og liggeunderlag... Og så står ein tur på Falketind på programmet hvis vèret tillet det.

Elles ynskjer eg alle som er innom bloggen min god sommar. Her er rikeleg med stoff, bilder og filmar å sjå på i ledige stunder...:-)  Her Turkey smiling faces... 

søndag 14. juli 2013

Fullt hus og model -57


Champagneregntur i gjørme og skodde på Blåfjellet i ettermiddag. Regnet kom vassrett inn frå sørvest i vindkasta oppe på toppen. Skikkeleg sleipt og glatt ned igjen. Så eg fekk meg eit par seglasar på rumpe. Kliss joggesko og gjennomvåt bukse, så heim igjen i bilen gjekk turen netto - med varme i setet...:-) 

Tidleg haust i år...?

lørdag 13. juli 2013

Steikje vått

Ei våt kråke på Blåfjellet i dag tidleg
Eg gjekk meg ein morgontur på Blåfjellet i dag tidleg før dei andre bryllaupsgjestane var stått opp. Det er nemleg stor bryllaupsfest i bygda tre dagar til ende sidan Håvard og Miriam gifter seg. Turen er ikkje mykje å skrive om for det var skikkeleg silregn og skodde. Ja, skodda låg tjukk heilt ned til sentrum i bygda. Og som vanleg var det begynt å bli blautt og gjørmete igjen. Nei, no skal det bli godt med ein tur til sydlegare breiddegrader med sol og varme.... Vi reiser komande fredag til Icmeler i Tyrkia igjen. 5 turen til det landet no. 

torsdag 11. juli 2013

Fucking fog

Så seig det forsyne meg på med skodde igjen i ettermiddag òg. Eg skrinnla difor turen på Blegja etter jobb som eg var tenkt til. Eg såg kva som var på gang ute rundt øyane i Florø då eg kom over heia med bilen frå Førde. Eg har rikeleg med tid på meg til desse turane likevel. Det vart difor ein tur på Blåfjellet i Askvoll igjen etter ein snarvisitt heimom. Det er ikkje så nøye med skodda her nede. Berre knapt fjerdeparten av Blegjaturen og god sti i tillegg. Men kald er han i kantane skoddevinden... No blir det snart 30 grader å springe i, så då så....:-) Men først er det bryllaup og nokre dagar til på jobb...!

onsdag 10. juli 2013

Gapahuk ved Presteelva


Eg gjekk meg inn i ein dugnad av 
Barnas Turlag ved Presteelva i kveld. Rydding og klipping av gran. Og John L i høgste skuffa på traktor med Vigdis som sjåfør (heiter det det med traktor forresten?) Lill Hege, Anne Grethe og gutane rydda skog. Det er gjort klart for oppsetting av gapahuk i regi av nemnde turlag. Flott tiltak. Glimrande eksempel på gode og skapande drivkrefter for tilrettelegging av turliv.  



Eg var sjølvsagt på veg på Blåfjellet, men måtte stoppe opp litt og ta nokre bilder med mobilen. Alltid kjekt å forevige situasjonar eg kjem bort i. Spesielt når det gjeld natur og friluftsliv. Applaus for BarnasTurlag i Askvoll. Dei gjer ein flott jobb.


tirsdag 9. juli 2013

Westerly hills 2

Eg tok å bearbeidde "Westerly hills" i går kveld med ein ny versjon. Namnet har eg sett fordi bilda er tekne på fjella på Askvollhalvøya vest for Ringstad. No har eg lagt til nokre bilder frå Blåfjellet siste sesong. Dette er det Blåfjellet som ligg ovanfor Askvoll sentrum. (Her er jo ganske mange Blåfjell....) Somme av bilda med folk på er nokre år gamle, men er med for stemninga sin del. Igjen vart filmen litt lang...:-)



mandag 8. juli 2013

I same spora


Opplett, overskya, stilt og fint turvèr på Blåfjellet i kveld. Litt turrare i stien enn i helga. I motsetnad til i går var det lite folk å sjå. Men eg traff Rosa då eg gjekk opp og Alice og ei veninne då eg sprang ned igjen. Flott trimtur igjen.

søndag 7. juli 2013

Fine sommardagar





Det er noko med grønt gras og ungar. Friskt, ekte og i vokster. Her er eit knippe bilder eg tok i går med barnebarna til Olaug. For dei heiter eg Goffa og er far til Peter. Utan dikkedariar og spørsmål. Ungar er framtida. Eit livsbejaande under same kva slags opphav. 




Maroder

Eg kjende meg noko sliten i kroppen i dag tidleg. Og med ei ny veke for døra, vart det berre med ein tur på Blåfjellet. Her var det ganske så folksomt i det fine vèret. Eg vart difor snakkande med "hund og hare". 

90-åringen Arvid Sæther var sjøølvsagt på tur. Eg traff han på same plassen som sist oppe ved toppen av Blåfjellet. Elles var dei faste jentene i Askvoll opp i hogget. Men i tillegg var det mykje ukjende folk, eldre og barnefamiliar. Kjekt ! Turterrenget og fjella rundt Askdalen er supre for alle og ein kvar til litt mosjon og turliv. Flott søndag !

lørdag 6. juli 2013

Skoddevindar på Blegja





Gjekk meg ein flott tur på Blegja i dag tidleg. Men diverre var eg omlag ein times tid for tidleg ute. For skodda låg tjukk oppe på platået. I tillegg bles det. Eg fraus på meg naglebit aldeles, for hanskar tenkte eg sjølvsagt ikkje på å ta med meg.. Ja, det var så tjukt at eg fann ut eg måtte følgje nordkanten bort over platået for å finne varden. Alt er nemleg aldeles likt her oppe når du ikkje ser meir enn 4-5 meter framfor deg. 

Eg kom meg fort bort att same vegen, og fann søkket ned att urane. Skodda hadde likevel lagt igjen fukt på steinane i første delen av urane, så steinane var skummelt glatte. Men utanom eit par kakk på leggene gjekk det greitt. 

Vel nede ved Nipevatnet igjen såg det ut til at skodda hadde lette på toppen. Men kaldt bles det likevel. Her nede òg... Ikkje akkurat nokon særleg sommartemperatur her oppe i dag. Kjekk tur for det...  

Summery

Eg har laga eit lite samandrag med bilder frå Bakkefjellet i vår + nokre få til å begynne med frå i haust. Bilda er for det meste tekne med smarttelefon Galaxy 3. Dei har litt variabel kvalitet. Musikken eg har lagt på er "Sylvia`s song" med KP Devlin. Hugs å sette på beste kvalitet på YouTube.

Mudbath 2

fredagskvelden...

torsdag 4. juli 2013

Mudbath

Det var berre endå verre på Blåfjellet i kveld enn i går kveld. Tjukk, tjukk skodde, silande regnvèr og kuling frå sør. Spesielt oppe ved toppen var det heftig. Stien var eit einaste gjørmehav. Eg sprang for det meste utom ned igjen. Turen heim igjen i bilen gjekk i berre trusa...:-)

onsdag 3. juli 2013

Skiten Gust


Vått, grått, skodde og vind på Blåfjellet i kveld. Gjørme, væte, sleipt og glatt. Har eg fått med alt no...? Nokon særleg fin sommarkveld var det ikkje nei. Men dette er no berre slik det er på våre kantar. Berre å hoppe i det, så gjer det i grunn ingen verdens ting når ein først er komen i gang. Hèten i kroppen kjem fort likevel. 

Eg traff forresten Vigdis og Arild K då eg sprang ned igjen i gjørma. Vi slo av ein liten prat der i bakken. Men lettkledd og sveitt blir det fort kaldt igjen. 

tirsdag 2. juli 2013

Kjapt men godt



Var ein tur oppom Blåfjellet i Askvoll i ettermiddag.
Mobilfoto ovanfor...

mandag 1. juli 2013

Eit levande vidunder

Ja, så var ventetida over for Kristine og Rudi. Guten kom til verda kl 19.12 på lørdag 29/6. Vitale mål 4 kg og 52 cm. Alt i skjønnaste orden med barn og mor. Det sjuande barnebarnet mitt er akkurat like perfekt som alle dei andre. Ei velsigning om eg så skal bruke det ordet.

Eg var ein tur på sjukehuset i ettermiddag, og med løyve frå mor kan eg gje att nokre bilder her!