søndag 30. juni 2013

Askvoll`s sprekaste

Arvid Sæther fotografert i Fossedalen 
for nokre år sidan

Eg traff Arvid Sæther på fjelltur igjen i dag. Ved toppen av Blåfjellet i Askvoll på veg ned igjen. Vi vart ståande å prate ei stund. Om alder, helse og natur og det å halde seg i form. Eg lèt meg stadig imponere av mannen. Han var 90 år i desember i fjor. Og han går på dei høgste fjelltoppane her ute. Ikkje mindre enn eineståande... Han burde få ein eigen medalje frå Fjelltrimgruppa i Askvoll. (Hvis han ikkje har fått det). Ei heiderbevisning eller noko slikt. Andre får jo Kongens fortenestemedalje for eitt og hitt. Arvid burde få det for å halde seg i form. Eit lysande eksempel for andre over kor viktig det er å vere i aktivitet.

Eg tek ikkje mål av meg til å følgje i Arvid sine fotspor. Eg er sikkert vangjengde lenge før. Men ikkje mindre trur eg at alle får ein betre alderdom ved å jobbe med den fysiske forma før ein ligg der.  Det er for seint når ein ikkje maktar å gjere noko med det...! 

Applaus og blomar til Arvid...!

lørdag 29. juni 2013

Ei "lokkedue"...

Blåfjellet i Askvoll i kveld

Eg var egentleg ikkje tenkt meg på nokre fleire toppar i dag, men etter at vi hadde passa barnebarna til Olaug nokre timar, fekk ho lyst å lufte seg. Eg lèt meg difor lokke med på ein tur på Blåfjellet i Askvoll. Vel, lokke og lokke... enkelte ting lèt eg meg nok lett overtale til å bli med på då... Men i motsetnad til raca mine, vart dette for reine koseturen å rekne. Veit ikkje om eg løyste sveitten for den del. Såleis vart det tid til både small-talk og fotografering i det flotte nordavèret. 

Vi møtte Leif F med ei yndig lita frøken då vi kom ned igjen i dalen. Han var no blid og ty som vanleg. Frøkna var meir beskjeden, men vart litt tøffare i ånden då vi gjekk. Her er dei:


Etter at vi kom ned igjen ville Olaug til Holmedal for å sjå etter foreldra sine graver. Vi tok difor turen om Hellestranda. Og såleis andre turen min til Holmedal i dag. Det er veldig fint her på solsida ved Dalsfjorden. Flotte hus og hagar og nydeleg utsikt over fjorden. 

Ved kyrkjegarden i Holmedal hamna vi opp i eit brurefylgje. Vi var no ikkje akkurat kledde for det då, men kom oss unna etter ein liten prat med nokre kjenningar. Eg fekk teke eit par bilfoto i det høve, mellom anna av Olaug med det så mykje omtala Bakkefjellet i bakgrunnen... Det viste seg frå ei litt anna side i kveld enn i dag tidleg...! Kjekt det sidan det var ein liten jubileumsdag. 
Jubileumsdag på fleire måtar, sidan eg vart bestefar igjen til ein liten gut ! Nr 7 i rekkja. 

Fin avrunding på ein herleg lørdag. 

Olaug ved kyrkjegarden i Holmedal. Bakkefjellet bak. 
Denne er ikkje nett produsert i år...

Blåfjellet ++ 290613

Johooo weeeahh weeeahh

Godt nøgd på Bakkefjellet i dag tidleg...

Med 49 turar på Bakkefjellet sidan 27/4, har eg nådd målet eg sette meg her (gjekk Stordalsfjellet-Bakkefjellet 25/11-12 òg). 50 turar og level 4 completed... Alt GPS-tracka og dokumentert med bilder. Det blir difor ikkje meir Bakkefjellet no (iallefall ikkje på eit par månader). No står nokre champagneregnturar igjen på Blåfjellet i Askvoll før level 5 er fullført. I lag med desse turane vil eg konsentrere meg om Blegja framover. Vel og merke når vèret og lysta er på plass. 

Olaug lurte på om ikkje dette vart kjedeleg etter kvart. Så utfordrande er det jo ikkje å gå opp att dei same stega heile tida, men har ein sett seg eit mål så har ein sett seg eit mål... I dag måtte eg ha ein favoritt som selskap - Monster Magnet og Powertrip. Den passa jo godt...:-)

Eg har gått alle turane opp på framsida av toppen på Bakkefjellet. Her går det eit skar opp til venstre og nokre bratte bakkar opp mot toppen. Fotafara er no som ei "trapp" og lette å følgje for den som vil gå denne vegen. Det er kortare opp her enn den merka stien som går sør om, men ein god del brattare...

No står snart ferien for tur. Den opnar med 14 dagar i Tyrkia og ein pause frå fjelltrimmen. Då blir det joggeturar langs strandpromenaden frå Icmeler til Marmaris før soloppgang. Det er ikkje så altfor varmt då (24-26 grader). Dette gler eg meg veldig til. 

Hvis ikkje du har sett naturbilda (eit utval) frå Icmeler i fjor, kan du sjå dei her. Hugs lyd og beste kvalitet. 

Elles må eg nesten fortelje om ei sværa styr eg har hatt med smarttelefonen min, ein Samsung Galaxy 3, og det ekstra minnekortet på 32 gb eg kjøpte. Minnet på telefonen var nemleg fullt. Mest pga. Spotify-offline musikk. Men det var slett inga enkel sak å flytte musikk og bilder over på det ekstra minnet for å gje plass til meir. Ja, det er nesten det mest krøkkje eg har vore bort i. 

For etter å ha kopla mobilen på pc`en, måtte eg flytte heile Android-fila frå telefonen til det ekstra minnekortet, avinstallere Spotify, og legge appen opp igjen på nytt. Deretter måtte eg synkronisere Spotifyen på pc`en med mobilen att. Det tok sjølvsagt halve natta å få inn igjen vel 2000 melodiar... Men no er musikken iallefall på plass på det ekstra minnekortet, og det nye kjem inn same vegen. Snakk om å gjere ting vanskeleg. Kva politikk som ligg bak dette veit eg ikkje. Det er jo tydeleg at Samsung ikkje vil ha filer flytta frå telefonen over på eksterne minnekort... Ja, for då hadde dei gjort dette på ein mykje meir brukarvennleg måte. Snakk om å gjere ting vanskeleg...! Eg sat i heile går kveld med dette, men det ordna seg no til slutt...


fredag 28. juni 2013

Windy


Kald vestavind på Bakkefjellet i ettermiddag med nokre dråpar i lufta no og då. Ingen hadde vore opp sidan eg var der i går. Elles kan eg konkludere med at det var nest siste turen min som gjekk i boks. No står ein til på programmet i morgon tidleg, så får eg finne på noko anna...

Spikra i minnet

I desse ferietider dukkar eg litt i arkivet...
 Nipevatnet - minuttar før det hogg denne grytidlege morgonstunda

Det er ferietid. Berre tanken på å sleppe pendlinga til Førde nokre veker gjer meg lett til sinns. Eit hav av mulegheiter. Altanen ligg nyolja og sommarmøblane brenn i solsteiken. Nærast lokkar meg til å flate ut. Fjellheimen kallar og kallar. Kva sytten skal eg velje? Skal eg reise vekk? Jotunheimen eller Stølsheimen? Skal eg ta postane på fjelltrimmen? Ja, og så ligg båten klar i hamna …Valgets kvaler. Eit eldorado av kjekke fritidssysler ligg og ventar.

For eg har ordna meg fint. Olaug har ei veke igjen på jobb før ferien. Og Peter likeeins i barnehagen. Ahhh – du har det så uendeleg godt Gustav, kling det gong etter gong i øyra. Så slår det meg. Kvifor reise vekk? Eg bur jo på verdas beste ferieplass. Med dei flottaste fjell, og fjorden nett nedom huset. Havet med alle øyane ligg like i vest. Hit kjem tyskarane i hopetal om sommaren, ja, plassen dei har gledd seg til å komme til resten av året. Ja, er det ikkje akkurat det som gjere at eg bur her? I vakre Stongfjorden?

Då er det avklara, men kva no? Så tikkar det inn ein SMS, er det frå Agnar eller Roald?  Hugsar ikkje. Ja svarten, Nipebu….  DNT-hyttta NIPEBU! Eg må jo sjølvsagt dit! Langevatnet og Nipevatnet er opna for fiske i slutten av mai. Å tenk, dei slupsa vi har sett frå altanen i solnedgongen der oppe….Synet brenn på netthinna. Ro deg ned, det hastar ikkje slik med å komme seg av garde. Har jo dagesvis til disposisjon.

Eg fortel fruen om planane mine då ho kjem heim frå jobb. Er ho litt letta? Er ho kanskje redd  ”solrøven” skal ta meg på ei sveitt solseng på altanen? Eg flin godt for meg sjølv…Eg er biten av fiskebasillen. Den er det ingen kur mot.
Men ekspedisjonen må nøye planleggast. Påfyll av slukskrinet. Håven er vel heil etter i haust? Og begge lettspinnstengene må vere med. Ei til convoy med tjukkare gøtt. Og ei til vanleg lettspinn med 0,15 eller 0,18 gøtt. Ekstra gøtt må handlast. Ja, så må det plukkast makk. Ser convoyane sist brukt i Haukedalsvatnet bra ut? Eller må eg ha nye?

Då fiskeutstyret er fullstendig under kontroll, set eg meg ned på altanen og skriv ut resten av lista på utstyr og mat og er klar på ein dag. 85 liters sekken er fyllt til randa med godsaker. Så er det berre å køyre det vesle stykket opp til Markavatnet med luksushytta Nipebu som mål. Den godt merka stien kan eg i blinde. Sjølv ein med cafe au lait som nippedrykk og fortausrestaurant som spelearena vil finne fram.

Allereie oppe ved skiltet til Nipebu merkar eg at klokka går litt seinare. Feriekjensla og roen senkar seg – stille, på vandring langs den oppgådde stien, delvis på gamle fururøter og kvartsstein til demninga av vatnet. 

Ved Grunnevatnet blir kjensla av urørd natur fullkomen. Idyll og atter idyll. Elvar og fossar sildrar og klukkar ned i det vakre grunne, skinande vatnet. Verbitte furutre i alle fasongar. Eit urørt landskap slik herren skapte det.

I ura nedom Krokavatnet har eldsjelene i turlaget, Jens Petter og Agnar, laga bru. Sirleg over bratte, glatte og vanskelege kampesteinar ligg ho. Unikt engasjement. Sjølv bestefar kjem seg no opp desse ulende hamrane.Ved Krokavatnet er det tid for velfortent drikke. Jammen er sekken tung, sjølv om eg har prøvd å redusere tyngda til eit minimum. Nordre og Søndre Kringla ligg bada i ettermiddagssol. Småkjøa vakar varsamt i yta. På vakt i det klåre fjellvatnet. Vaka føl meg i sinnet opp svaberga til under Hengenipeholten. Nipevatnet ligg så stilt så stilt i ettermiddagssola. Er det mogeleg å få fisk her då? Tvilen set inn...Er veiret alt for fint? Er natta for lys så nett etter Jonsok?

Tyngste stykket til Nipebu er skaret opp mellom Fossedalshengenipa og Hengenipeholten. Tid for å bite tennene i hop. Tankens flykt til andre sfærer enn det neste steget. Og så brått er du oppe under toppen på mektige Fossedalshengenipa. Den innoverhengande fjellsia er ly for folk og fe. Du rundar så kanten av Hengenipeholten og ser vestover til dei tusen sjøars land. Vakkert ligg Nipebu på sørsida av Langevatnet. Umerkeleg, i eitt med terrenget. I aust kneisar majestetiske Blegja og Ertrenipa. I sør Heileberget og litt av Dalsfjorden. Vatn på vatn, pyttar og tjern. For eit land – for eit gudommeleg land, så jomfrueleg, nakje og bart, men likevel så rikt. Til evig tid.

Sist biten til hytta er det berre å gje på. Lysta på å få av seg sekken er stor. Vel framme er det berre å låse seg inn. Nøkkelen heng på veggen. Heilt åleine – ohh kor herleg.
Nipebu, du herlege Nipebu...



Nipebu and surroundings

Etter ein god matbit er det berre å rigge til fiskeutstyret. Båten ligg på plass. Årane finn eg i hundehuset. Og så er eg klar. Blodet pumpar. Her er fisk, men korleis ser den ut? Lysta på å finne ut dunkar i skallen. Eg prøver convoy først. Ei skikkeleg makkeklyse blir egna på ongelen. Finn takten og kjenn rykkinga i skeiene. Jau, den går fint. Men akk, eg ror - og ror.  Skiftar makk. Og ror. På nordsida og ut i vestre delen. Innatt på sørsida. Ingenting. Det er for fint veir. Nei, det er for tidleg på kveld. Convoy er ikkje tingen. Tolmod er ein dyd seier dei. Her er fisk, det veit eg.

Gostanga - President med Shimano 500, full spole med 0,18 gøtt og 7 gram Sølvkroken Spesial i bronse med raud bakside. Er det forsvarleg med så lett utstyr..? No skal det bli andre bollar. Eg dorgar vidare. Kjenner trebolane alt. Ja, så men, Shimanoen kvin til i to lange ras og ei blank kjø fær som ein rakett opp av vatnet 30 meter bak båten. Hald gøtten stram. Etter to ras til og lett køyring, ligg ei sprell levande 4 hekto kjø i håven.
Ååå, mi første kjø i Langevatnet - for eit syyyyn, som ei blank sjøkjø, så feit, så lite hovud. Eg må sløye den og jaaa, den er knallraud i kjøtet. Nett som Haukedalskjøa. Perfekt steikefisk!

Spaninga er utløyst og pulsen søkk. Det er kveld og eg kjenner brått at eg er trøytt. På veg til hytta får eg ei til. No vil eg kvile litt og prøve Nipevatnet i gryotta.

Eg ligg lenge i lakenposen før eg sovnar. Tankane spinn til Nipevatnet. Eg har knapt hatt blund på auga då mobilen ringer kl 0300. Eg får i meg nokre raske skiver med pålegg frå det rike proviantlageret til hytta. For ein luksus.

Det er allereie bra lyst ute. Eg dorgar meg inn i osen i austenden av vatnet. Og jammen får eg ei til av same slaget som i går kveld. Perfekt. Eg set att båten ved osen og går opp i Nipevatnet.

Ikkje ein lyd er å høyre. Ikkje ei krusing krummar vassyta. Nokre lette fjærskyer leikar i grytidleg morgonsol i nord. Som om eg var åleine i verda. Berre eg og tankane. Er det mogeleg å få fisk frå land her då? Eg nærast ålar meg som ein indianar godt oppe på land. Kan ikkje skremme fisken no. Han står sikkert heilt opp under land på dette belet. Og kastar. Eg føler plasket til sluken gir gjenlyd langt oppe i fjellet.

Etter ein halvtimes tid skjer det. Eit vanvittig tilslag. Kva i himmelens navn. Gøtten kvin av Shimanoen så vasspruten står. Eit crescendo. Puls på 150, hjarte i halsen, roleg, roleg, ikkje miss han…. Eg går i eitt med dyret av ei kjø der ute. Bremsa, eg og dyret. Tida står stille. Ikkje ei unødig rørsle. Ikkje eitt knepp for hardt på bremsa. Ras ut og stram. Om att og om att, på 0,18 gøtt! Kvar er håven? Jau, han heng i beltet. Eg køyrer og køyrer. Fisken sit. Det er nesten for godt til å vere sant. Klarar eg dette? Nei, ikkje tenk på det...Roleg. Og kjøa kjem inn. For eit monster. Eg trur nesten ikkje det eg ser..  og bommar på håven. Nesten, men berre nesten..og eg har sytråd på snella. Fisken rasar ut igjen. Inn att og ut igjen. Same leksa! I himmelens navn kva skal eg gjere? Kor lett er det ikkje å misse fisken når du skal lande han. Den kjem inn igjen, no på sida og ut igjen så vassføyka står. Eg går varsamt uti vatnet og fisken kjem inn igjen for nte gong. Fører håven varsamt bak monsteret. Hiv heile stasen opp i lyngen og hoppar etter.

Eg skrik. Åleine. Eg rullar meg i lyngen med kjøa, gaular av full hals. Den er mi. For svingande den er miii.

Kringshyla skræmer sikkert geitene til Gunnaren oppe i Hengenipeholten. Klokka er vel fem. Tok det 20 minutt eller ei æve?

Eg ligg på ryggen i lyngen med kjøa i armane og ser opp i ein azurblå himmel.
Så renn sola over Fossedalshengenipa og badar landskapen i gull. Sommarmorgon på Nipebu. Eg er det lukkelegaste menneske på jord.

På Nipebu heng omrisset av kjøa spikra i plank. Ta deg ein tur opp og sjå......

torsdag 27. juni 2013

Varm som ei glo...

Dokka, Kalderasnipene,, Nyksvatnet og Langeberget i kveld

Nok ein super fjelltrimtur på Bakkefjellet igjen. Lettkledd i joggesko og shorts går det bra unna. Men jammen var det varmt oppe i bratta mot toppen. I dei vestvende bakkane steikte sola inn frå vest. Og ikkje eit vindpust. Lufta dirra i varmen. Sveitten sila. Pusten gjekk som ein blåsebelg. Fotblada kjendest ut som om det måtte vere glør i skorna.... Ja, det er lenge sidan eg har teke slik i for å halde farten oppe. Det var sikkert minst tredve grader i sola. Temmeleg uvant for å seie det på den måten. 

No manglar eg berre to turar på målsettinga mi på Bakkefjellet. I løpet av veka burde det late seg gjere å få i boks. Men då ventar større utfordringar....:-)

Utan nett, men nett...

"Skipper på eiga skute"...

"Fisken var lat og sei"....

Merkeleg kor hjelpelaus ein blir utan nett. Nextgentel skulle visst oppgradere nettet hjå oss i går. Det medførte sjølvsagt problem. Eg hadde nær sagt at dette er meir regelen enn unntaket. Tekniske oppgraderingar er nokre tekniske greier. Alt blir nok raskare og betre "når det får litt tid på seg", men først må ein gjennom ein periode med problem. Så i går var det denne dagen.

No snakkar eg sjølvsagt greitt med meg sjølv i slike situasjonar. Tolmod er ein dyd (jmfr. bloggen nedanfor om Kristine). Verre er det med Peter (13). Internett er ei like stor sjølvfylgje som at det er straum i stikkontaktane. Vi som fekk oppleve at fjernsynet kom, og at det landa menneske på månen, ser vel litt annleis på det.

"Utan mat og drikke"....

Vel, utan nett får ein betre tid til andre ting. Nettet stel tid. Det er ikkje til å kome vekk i frå. Men tida ein har fått utdelt er no der. Den går sin gang. Anten ein vil eller ei. Å gjere absolutt ingenting, har eg funne ut er komplett umogeleg. For ein GJER alltid på noko. Om ikkje anna enn å sjå ut i lufta.

Eg handla nytt tauverk til båten hin dagen. Så no er det på plass. Båten brukar eg i grunn ikkje noko særleg lenger (fjorden er jo fisketom...). Det er berre ein enkel liten sak, men kòstar bra avgarde. Fint for katen å kome seg ut på fjorden sommarsdagen. Fiske litt og ragge med kompisane som òg har båt. Heldigvis har eg god oversikt frå stova heime kva dei driv med nede på fjorden. Aberet med dette båtlivet er sjølvsagt prisen på bensin. Båten ligg i båthamna i Stongfjorden. Her er hamna:


Det vart no tid til ein tur på Bakkefjellet òg i går. I shorts og greier. Fantastisk flott i nordavèret. Litt vind, men sol og klårt. Halvspringing opp og god fart ned igjen. Ei rusande kjensle av endorfinar. Det er eit privilegium å springe halvnaken i fjellet sommarsdagen. Ja, eg vil nesten kalle det toppen på fridom. Der og då trur eg neppe det går an å bruke tida til noko meir fornuftig. Eg ser på dette som ei rein prising av livet i seg sjølv.

onsdag 26. juni 2013

Ho lyt gje tòl...



Vi feira Amalie sin 4 årsdag i Movika i går ettermiddag.
Bilda her i frå held eg noko tett til brystet.
Men ovanfor er døtrene mine Kristine og Ingebjørg.

Kristine og Rudi (oppe t.v. for Ingebjørg)
ventar no på overtid på baby-guten sin.
Lukke til Kristine !
Takk for fin feiring til Ingebjørg og Sondre !

(P.S. Margunn (eldste dotter) med familie er i Tyrkia)

mandag 24. juni 2013

For n`te gong...

...låg skodda som eit tjukt lòk over toppen på Bakkefjellet. Ja det var ganske bra med regn i den òg. Men heldigvis vindstille. Elles som før. 

søndag 23. juni 2013

Medan eg venta....

...på Peter, tok eg nokre bilder med mobilen i båthamna i Askvoll.



Ja, han var ganske stolt katen (13) over å ha fått seg "Våttsertifikat". Heilt gratis. I Førde kostar visst eit slikt kurs 2000,- kr, medan Odin Hestholm gjorde dette gratis her i Askvoll. Her er Odin sin padleblogg. 

På veg heim igjen frå Askvoll hadde guten eit ordforråd som var ukjent for meg. Det er berre å applaudere og sende blomar til Odin og elevane for innsatsen.

Dette bildet er teke med makro på mobilen.
Himmelen og skyene er ei spegling frå vatnet.

Maks flaks

Blåfjellssåta og Bakkefjellet i dag tidleg

Eg hadde maks flaks med vèret på Bakkefjellet i dag tidleg. Det klårna heilt opp etter at eg hadde sett frå meg Peter i Askvoll for andre dag på kajakk-samlinga. Seinare på dagen hølja det ned. 

Eg tok att Olav S. der nede i bakkane. Medan vi prata kom ein ung familie frå Bakkestølen. Dei hadde vore på overnattingstur. På veg ned igjen traff eg òg Gunnar T. Og slo av ein prat med han òg. Då vi stod der kurra orrfuglen oppe i lia. Ja, i Holmedal på morgonen spankulerte storspova med ungar på bøen til Helgheimen. Litt for langt unna til at mobilen min var noko tess til å fange det opp. Kjekt å sjå og høyre litt fugleliv !    

lørdag 22. juni 2013

Sjekk nettbutikk i Stongfjorden

Husbond

Bakkefjellet i dag tidleg

Det fall litt huslege plikter på meg i dag sidan Olaug er i Oslo. Ja, for eg må nok innrømme at det er ho som er primus motor i heimen til vanleg. Peter skulle nemleg på kajakksamling, som eg nemnde i går. Utrustning for det eine og det andre som kulde, varme, sol og regn, mat, kakao, smågodt, drikke, badety og ekstra klede, hua o.a. Det vart ein heil fjellsekk til slutt. Men så blir han vekke heile dagen i dag òg då.... 

Og så stod handlinga for tur. Som ovanfor brukar eg å sleppe billig unna... Men i dag var det min tur. Jonsok og greier. Eg fekk no fylt opp i ei handlevogn på runden rundt i butikken. Kanskje noko tilfeldig...!? Olaug brukar iallefall å seie at eg kjem heim igjen med mykje meir og dyrare varer enn det som er meininga dei gongane handlinga fell på meg. Slik er det vel når ein er ute av trening...

No fekk eg meg ein tur på Bakkefjellet òg i dag tidleg då. Godt å få renne av seg litt igjen. Ikkje det - det var jo ikkje så mange timane sidan eg var der oppe. Men i dag var det så mykje skodde  ved toppen at eg tok berre eitt mobilbilde. Og det var ned for føtene - sidan eg ikkje såg lenger. Men det er mykje rart som kan vere der om ein ser seg nok føre... 

Kva resten av dagen blir til får eg sjå. Må jo hente Peter igjen i sia, så muleg det blir ein tur til. No står iallefall kaffi og avisa for tur...

fredag 21. juni 2013

Eit vèrskilje

Nyksvatnet i Holmedal i midten.

Det var eit markert vèrskilje ute i havet i kveld som bildet ovanfor viser. Elles var det rimeleg kald vind og overskya. Ikkje akkurat noko jonsokvèr å skryte av. Men vi får sjå i morgon. Det er ikkje sikkert det blir heilt håplaust. 

Med fruen i Oslo og Peter på kajakk-kurs i Askvoll, har eg heile dagen i morgon for meg sjølv. Kva det blir til får vi sjå. Det er no godt å slappa av etter eit lite morgonrace òg....:-)

torsdag 20. juni 2013

...og oppatt


Eg gjekk meg inn i ein kvinnestim oppe i bakkane på Bakkefjellet i dag. Ja, dei ville visst ikkje sleppe meg forbi. Kvifor ikkje fekk eg ikkje svar på. No er det forsåvidt ein grei adspredelse det å gå bak damene, men diverre har eg då litt lett for å misse fokus. Noko anna er skvaldringa som føl med. Nei, det greiaste er i grunn å vere sin eigen herre. Fullt fokusert på det ein held på med. Ja, alt til si tid. 

No sprang eg utanom følgjet ned igjen. Eg har trakka meg forderva og rulla omkol i slike møte før, jamfør ovanfor, so no gjekk det bra. Ja, som eit skot fòr eg ned att. Som ein dans på roser...  

onsdag 19. juni 2013

Oppatt og oppatt



Regnet er på veg, berre spring spring spring

Det vart ein aldri så liten kamp med regndråpane igjen i dag. Ikkje det at eg er spesielt redd for å bli våt, langt der i frå, men ein smarttelefon utan vern er eit lett offer for væte. Iallefall ein Galaxy 3. Så det tok eg ikkje sjansen på, og ila ned igjen til bilen i kveld. No heldt det greitt då, men det begynte å regne heim igjen. 

Sjølvsagt er det toskje å ikkje ha med vasstett innpakning til mobilen, men no tek ikkje turen på Bakkefjellet all verda med tid heller. Og i dårleg vèr har eg med slikt vern. Hvis ikkje eg brukar berre ei vasstett jakke. Mobilen er alltid viktig å ta vare på. Men det har diverre roke med eit par stykke opp igjennom åra. I dag er det no forresten greitt med at du kan kjøpe deg både vass- og støvtett mobil. Sony skal visst ha ein god ein her. Den ligg vel i same prisleie som Galaxy`en som no har kome i ein 4-ar modell. 

Sjølve turen er i grunn ikkje så mykje å skrive om. Det blir i grunn oppatt og oppatt det same. Men trimmen er iallefall god...!

tirsdag 18. juni 2013

Sakte men sikkert...

Det nærmar seg sakte men sikkert måloppnåing på Bakkefjellet òg. Fin tur opp igjen i kveld. Eg håpar å vere i mål med turane hit i utgangen av månaden. Det gler eg meg til. Då står nemleg rosina i pølsa igjen - å springe på Blegja (pluss nokre turar på Blåfjellet når vèret er ulageleg...)

No er sjølvsagt Blegja lenger enn desse andre toppane på fjelltrimmen. Men forma er no så god at det skal gå greitt. Satsar då på å gå opp på veg heim etter arbeid, og elles bruke nokre feriedagar. Om det blir like mange turar som i fjor gjenstår å sjå. Men held eg meg frisk og skadefri er sjølvsagt det målet. 

mandag 17. juni 2013

Bang on

Kjapp tur oppom fjelltrimposten på Bakkefjellet i kveld òg....

søndag 16. juni 2013

Miljøforandring

 Utsikt frå Yndestadhøgeheia til Mangevatna og Skylefjellet
 Yndestad har fått "ny frisyre" i dag...
Stongfjorden i kveldsol

Etter racet på Bakkefjellet siste tida, fekk eg akutt lyst på miljøforandringar. Toreheia er nærast for eit hjartebarn å rekne. No var det lenge sidan eg hadde vore opp. Ja - for å prøve å halde motivasjonen oppe til dei siste turane i Holmedal, trong eg å sjå noko anna.... 

Eg stakk difor opp her heime på Yndestad i kveldinga. Tok kjappaste vegen opp på Yndestadhøgeheia gjennom Selda. Diverre er det veldig tilgrodd her no. Her trengst det ein omgang med ryddesaks. Det er tydeleg at folk brukar den vanlege stien om Rinda, og ikkje opp Selda. Stien om Rinda er godt brukt. Dette er òg ruta til Skylefjellet som er ein del at turstiprosjektet i Kulturarven. 

Det bles skikkeleg kald nordavind då eg kom opp på fjellkammen austover. Sikkert liten kuling. I tillegg segla tåkedottane inn frå havet. Heldigvis heldt dei seg unna, så eg fekk teke ein snutt på Toreheia. Men lenger nede ved Krikavatna var det ganske så tjukt då eg kom ned igjen. 

Eg hadde ein plan om å gå om Skylefjellet og Mangevatna. I tillegg hadde eg med meg lettspinnutstyret for å prøve nokre kast i vatna. I utgangspunktet var det nok dårleg fiskevèr. Og då den iskalde vinden og skodda kom, hoppa eg over fiskinga. Eg var dessutan for dårleg kledd. Ein sveitt skrott blir fort iskald når ein skal stå i ro og fiske i slik vind.... Eg tok difor Selda ned igjen der eg kom opp. Kjempeflott kveldstur !

      

Ny pers

Morgonstemning i Stong
Var ein kjapp tur på Bakkefjellet i dag tidleg.
Ny pers opp...:-)

lørdag 15. juni 2013

Malerikt

Morgonstemning i Holmedal 

Etter ein rask morgontur på Bakkefjellet igjen i dag tidleg, har eg brukt dagen til malearbeid i staden for meir fjell. Ja, det var faktisk like godt det som å ta eit fjell til i dag. Så fekk eg sanka meg nokre ekstra poeng i heimen, ei nøgd frue og godt samvit. Nokre glaskarmar, ein ram og eit par blasse vegger har no fått ny glans. Håvard og Miriam skal jo gifte seg i sommar. Då må alt skine. Fruen i huset er nøyen på slikt....:-)

fredag 14. juni 2013

Teater, sau og skodde

Peter og Andreas på avslutninga til teatergruppa på kulturskulen i Askvoll
Flypiloten Peter...

I går kveld var eg med på avslutninga til teatergruppa på kulturskulen, der Peter har gått i år som før om åra. Men i kveld gjekk turen opp igjen på fjelltrimposten på Bakkefjellet. Skodde og vind på toppen. Det klårna heilt opp igjen då eg kom heim. Ja, ja slik er det - some you win some you lose...:-) Vi får tru det blir betre resten av helga...!

Litt action på sauefronten heim igjen i kveld

onsdag 12. juni 2013

Sauer på topp

Foto mobil (lomoaktig)
I dag var det trekt sauer heilt til topps på Bakkefjellet. Ja, det vart næring for dei i høgda i år òg. Det såg spøkje ut ei stund. Men vår blir det no alltid. Kven det er sine veit eg ikkje. Det var iallefall spelsauer med gult merke. Heilt sikkert lokalt frå Holmedal. Folk såg eg ikkje. 

Elles var eg ganske heldig ved at eg slapp regnet i ettermiddag. Det begynte nemleg å regne på veg heim igjen. 

Apropos bildet ovanfor, så las eg om uår i Firda hin dagen. I gamle dagar hadde vel våren i år gjort til at året vi no er inne i vart rekna som uår. Den gong måtte ein til med barkebrød og det som verre var for å halde liv i seg sjølv og familen. Mykje har heldigvis endra seg her til lands sidan den gong. I dag harvar bonden opp igjen dei isbrende bøane og sår i att.

Ja, som om ikkje dette er eit godt nok, så las eg i går at halvparten av maten her til lands blir kasta. Det er nesten som ein ikkje skulle tru det var sant. Eg synest at "overflodssamfunn" er ein mild betegnelse for dette. Vi har det så godt her til lands at det nesten er ei skam. (Iallefall i denne samanhang). Dette er ei problemstilling som bør opp på høgste plan for å gjere noko med.  

 

tirsdag 11. juni 2013

Klårt nordavèr

 Dale i Sunnfjord
Flekke inst i Flekkefjorden
Hauglandssenteret framom. Jensbua i midten framme.

Dei er i grunn gjennomfotograferte desse landskapsmotiva frå Bakkefjellet etterkvart. Men i dag tok eg med meg kameraet til ein forandring. Mest for å ta ein snutt igjen. Elles fordi det er flott og klårt når det er slikt nordaveir som det har vore no nokre dagar. For å kome mest mogeleg unna nordvesten gjekk eg heilt fram på kanten på sørsida. Der er det òg best utsikt inn og ut fjorden. 


mandag 10. juni 2013

Godt selskap

Det vart ein tur på Bakkefjellet i ettermiddag òg. Køyrde Peter og Andreas på fotballkamp, og nådde deretter halve første omgangen og andre omgangen etter fjellturen. 

Tørt, fint, lett og greitt. Selskap Gamma Ray - Land of the free.... Good work...:-) 

søndag 9. juni 2013

Hyggjeleg fjellpreik


Fin morgontur på Bakkefjellet igjen i dag tidleg. Fekk meg ein god prat med Olav S som var på veg på Bakkestølen. Ein del fjellprat, Dalsfjordbrua og ikkje minst kor flott det blir med tilkomst til Fossedalen no snart. Her må det opparbeidast sti frå brua til Fossevikja så barnefamiliar og eldre lettare kan komme seg opp i Fossedalen. Hyggjeleg prat.  

Turen sin del var heilt som før. Det seig på med litt skodde, og med litt trekk i tillegg var det ganske surt. Elles heilt piano.


lørdag 8. juni 2013

Eitt fjell til...

Så vart det ein kjapp trimtur til i dag. Eg tok nemleg turen på Blåfjellet i Askvoll igjen. Det er desse to fjella i dag eg no konsentrerer meg om, sidan eg i grunn har sett meg ferdig med dei andre fjella på fjelltrimmen denne sesongen (med forbehold om kva tid som blir att før oktober då dei nye postane  blir lagde ut). 

Flott tur. Opplett. Litt skodde på toppen. Og ikkje verre temperatur enn at eg sprang opp i ei trøye utan lange armar (det heldt akkurat...:-))

Mann med bør

Eg traff på ein nedlessa Håkon H med solid bør til Bakkestølen i dag tidleg. Som ei pakkesel med digre plankar til  golv og anna på ryggen. Under skoddelaget tok vi oss ein god prat. 

Bakkestølen ligg liksom midt mellom rutene forbi Hålandsstølen til Siklabergvatna, og ruta til Bakkefjellet. Det er ei god stund sidan eg har vore hittom her, så eg må ta ein tur ein dag. No har eg teke nokre bilder bortover til stølane frå Blåfjellssåta, men det blir no ikkje det same. Lyt hitt og ta nokre foto ein dag. 

Utruleg kjekt at slike stølar blir tekne vare på. Dei er gull verdt i dagens oppjaga samfunn. Stilt og fredeleg.  Ja, døgnet har på ein måte fleire timar på slike stadar. 

For turen sin del er det ikkje så mykje å seie. Det var tjukk skodde og høg fuktfaktor, det regna og yra, men heldigvis var det vindstille. Elles hadde det ikkje vore opp folk sidan eg var der i går. Men ei sommarbrun Anita V og jentene stakk forbi då eg prata med Håkon på vegen ned igjen. 

Slike turar som i dag er mest for trimmen sin del. Det gjer alltid godt når ein først kjem i gong... Uansett vèr...!

fredag 7. juni 2013

Skodde - igjen...

Nok ein gong la skodda seg på Bakkefjellet. Heldigvis heldt seg nokolunde opplett. Med "joggeklede", tights og joggesko var det like greitt. 

Eg slo av ein liten prat med Sigmund S og frue då eg sprang ned igjen. Eg traff på dei under skodda. Dei hadde gått den merka stien, medan eg går rett opp fjellet frå vest. Det er som sagt tidlegare raskare, men ganske bratt opp. 

Elles er det vel ikkje så mykje å berette. Det er tid for ein viktig fotballkamp no, så då får bloggen vere....:-)

onsdag 5. juni 2013

Skiftande


Veldig skiftande skydekka på Bakkefjellet i ettermiddag. 
Ei god regnbyge vart avløyst av varm sol.
Nok ein god trimtur...!

tirsdag 4. juni 2013

Nordaklårt


Kjempeflott treningstur på Bakkefjellet i kveld òg...
Perfekte forhold!
(Mobilbilder)

mandag 3. juni 2013

Ein broten bakfot...

Panorama frå Bakkefjellet i ettermiddag

Nok ein kjempeflott trimtur på fjelltrimposten på Bakkefjellet igjen i ettermiddag. Nydeleg vèr, men litt nordatrekk. Tørt og fint oppover. Perfekt til å halde farten oppe. 

Eg kom over eit svart lam med broten bakfot ved skoggrensa. Det gjekk åleine. Så lite som det var, hadde det nok dårlege odds. Eg fekk gitt beskjed til PAT då eg kom ned igjen. Han visste truleg kven eigaren var etter beskrivelsen. 

Elles var det no som vanleg fort opp og ned. Men eg fekk knipsa nokre mobilbilder på toppen. Motiv som eg har mange av frå før då, men likevel...