Facebook

lørdag 4. mai 2013

Vått og grått

 
Eg tok turen ned igjen på Blåfjellet i dag tidleg. Ingen hadde vore der sidan eg var opp i går kveld.  På toppen var det faktisk frose på i løpet av natta. Elles var det mykje likt som dagen før. 

I dag tok eg Rab-buksa med strikk under og fjellskorna. Etter å ha sprunge i gjørme, væte og myr ned igjen var eg faktisk heilt like tørr på føtene etterpå. 

Litt seinare på dag tok eg turen i lag med Olaug på Bakkefjellet i Holmedal. Litt tung snø oppover, men takk til fjellgeitene som hadde gått turen tidlegare på dag. Det gjorde det litt lettare opp. Ned igjen sette vi oss på baken i dei øverste bakkane og segla så snøspruten stod. Moro. 

To flotte turar i boks. For det meste i grått og opplett vèr. 

Olaug på Bakkefjellet i dag med Dalsfjorden for sine føter...


Legg inn en kommentar