Facebook

tirsdag 7. mai 2013

Tjukk som graut

Eg var ein rask tur på Blåfjellet igjen i ettermiddag. Skodda var så tjukk som eg knapt har sett ho før oppe på toppen. Eg kunne ikkje sjå antenna frå varden ein gong. Og den er stor - og nær! Men å finne fram er jo ikkje noko problem så god sti som her er. Ja, no er all snøen forsvunnen òg... 

I morgon er det visst meldt både mildare og betre vèr, så kanskje det kan bli nokre brukbare bilder igjen. Det hadde no vore kjekt om det hadde blitt litt grønt etterkvart...! Det går smått dette i år...!
Legg inn en kommentar