onsdag 1. mai 2013

Gjørme og væte


Blåfjellet i ettermiddag

Eg såg det var eit lite vèrvindauge mellom 18 og 20 i ettermiddag, så eg bestemte meg for ein rask tur på Blåfjellet igjen. Og vèret heldt seg. Unnateke ei solid haglebyge på ca 5 minutt. Men det var både vått og grått. Vått og gjørmete i bakken og grått lys. Men jammen stakk sola fram eit par gonger òg. Såvidt, får eg fort føye til. Fort kom eg meg òg ned frå toppen. Der bles det gjennom marg og bein. Eg fekk likevel knipsa nokre bilder med mobilen som eit minne om den seine våren i år...

Ingen kommentarer: