fredag 3. mai 2013

Gjørme 2

Askvoll i kveld
Blåfjellet 3/5

Om ikkje det var vått og gjørme på Blåfjellet i går, så var det iallefall det i ettermiddag. Tung våt snø som smelta i det allereie gjørmete underlaget. Og lenger oppe låg snøen jammen djup. Ja, han rakk meg over knea fleire plassar. No lyt eg takke dei som allereie hadde gått opp, for det vart lettare å gå opp i spora som var sette frå før. Greitt å sleppe akkurat det for ein gongs skuld. For trakke spor har eg stort sett gjort i 6 månader no. Det må piskadausen snart vere nok...

Ingen kommentarer: