onsdag 1. mai 2013

Frisk morgonstemning


Bakkefjellet 1/5-13
Vi ser Dokka og Kalderasnipene midt i bildet. T.v Atløynipa.

Kjempeflott morgontur 1.mai på Bakkefjellet i Holmedal. Opplett, god sti og god fart! Herleg...;-) Men jammen bles det godt oppe på toppen. Nokon temperatur som vitnar om sommarlege tider er det ikkje. Snarare tvert imot! Men, men vi lyt ta det som det kjem. Vèrgudane lever sitt eige liv. 

Eg traff Gunnar T og Siv G.T. på veg ned igjen, og slo av ein liten prat med dei. Koseleg. Gunnar trenar med sekk til Josten på langs. 

Elles er det fantastisk kjekt å ha litt nye bakkar å bryne seg på. Eg gler meg til mange turar på Bakkefjellet framover. Akkurat passe langt til å halde god fart opp på den gode stien. Ikkje minst skal det bli moro når vinterhabitten kan leggjast til kvile for nokre månader...!

Ingen kommentarer: