søndag 12. mai 2013

Fjell og fugl



Morgonbilder frå Bakkefjellet 12/5

Flott og kjapp morgontur på Bakkefjellet i dag tidleg. Tørt, fint og opplett. Men i dag var her ingen å sjå. 

Det virkar som om våren er ein månad seinare enn den har vore dei siste åra. Men truleg meir lik slik som i ungdomstida mi. Då hugsar eg at når ein skulle pynte med grøn bjørk til 17.mai i Dale, måtte ein køyre til Stavsdalen i Flekke for å finne litt grønfarge på bjørka. Grøn bjørk har jo ikkje vore særleg vanskeleg å finne dei siste åra. Det ser eg no greitt av bilda mine. Frå fleire år tilbake.  

Litt fugleliv. Det har vore begredeleg denne våren. Kanskje ikkje så rart. Trekkfuglane er forseinka på grunn av tele, snø og kulde. Spesielt oppe i fjellet sjølvsagt. Men dei siste dagane har no iallefall heipiplerkene dukka opp. Tallrikaste fuglen i fjellet. Snøsporven har eg sett tidlegare, men heiloen, strandsnipa og steinskvetten har endå ikkje dukka opp. Elles er trastesortane komne. Ringtrasta såg eg på Osland forrige helg. Svarttrasta er her heile året. Raudvengjetrast, måltrast og gråtrast er på plass både her og der. Og linerla sjølvsagt. Spova i Rivedal og Bygstad. Likeeins vipa, som diverre er i sterk tilbakegang. Mest grunna endringane i landbruket. Elles får vi tru at smålomen ved Nipebu finn isfritt vatn no. 

Eg har sett opp nokre nye fuglekassar i år. Kjøtmeis og blåmeis har flytta inn, men eg håpar endå på eit svart-kvit flugesnappar par. Det har alltid vore min favoritt. Elles høyrde eg gauken i går morgon. Men det jamnar seg nok med flygedyktige ungar i år òg... For sjølv gauken er i tilbakegang som art.   

Ingen kommentarer: