torsdag 30. mai 2013

Avduking av vinterhud

Suveren utsikt frå mjukt og vindtørka fjorårsgras på Bakkefjellet....

Nok ein herleg trimtur på Bakkefjellet i ettermiddag. Nydeleg temperatur, delvis skya og sol. I dag sprang eg opp i berre shortsen. 

Avdukinga av den kvite vinterhuda er alltid litt skummel. Skal ikkje så mykje til for å brenne seg. Men no er sjølvsagt ikkje sola så sterk når det lir mot kveld som midt på dagen. Likevel er det alltd greitt å vere forsiktig. Fantastisk kjensle å springe slik...!



onsdag 29. mai 2013

Godt nytta tid

Blåfjellssåta frå Blåfjellet

Peter vart igjen med kompisane sine i Askvoll i dag i godvèret, sidan han òg skulle på trening om kvelden. Eg køyrde difor ned med treningskleda hans etter middag og ein liten kvil. 

Tida passa såleis perfekt for ein tur bortom Blåfjellssåta og Blåfjellet òg etter oppturen til Bakkefjellet. Dette er tre fjell som ligg nær kvarandre, men med litt klyving opp og ned. Moro å klatre i stein og berg når det er så tørt som no. Utstyrt i shorts, t-trøye og joggesko i det varme vèret, vart det ein nydeleg tur. Litt fjelltrekk på toppane var reine sælebota i varmen... Traff forresten Anne oppe i bakkane til å begynne med. Vi gjekk eit stykke i lag. 

Perfekt onsdagskveld....:-)  

Nytt fjelltelt

Etter nokre dagars sondering på nytt fjelltelt, har eg i dag bestemt meg for å gå for Helsport sitt Fjellheimen 3 Superlett. Det er kåra til det beste lette teltet i "Fjell og Vidde i fjor, og får elles god omtale. Det gamle High Mount teltet mitt er forsåvidt greitt nok, men er noko tungt. I tillegg er spilene spikka i hop etter fleire års bruk (både av den eine og den andre)...:-) Håper å kunne dra mykje nytte av det nye teltet i sommar, spesielt på fisketurar i fjellet.

tirsdag 28. mai 2013

Lett og greitt

Lett og greitt på Bakkefjellet i dag òg. 
Fin trim...:-)

mandag 27. mai 2013

Fjell likevel

Ja, ja så vart det ein trimtur i kveld òg. Var ikkje heilt meininga. Synest mandagen er grei å ta det litt med ro etter helga. Men no vart det ikkje slik i dag. Trimbehovet det kom etter ein god middagskvil. Kroppen var visst klar igjen....:-) Så då vart det Bakkefjellet igjen. Snart halvveges no....!

søndag 26. mai 2013

Ny trimtur...

Moldura og Blåfjellssåta frå Bakkefjellet

Det vart tid til ein ettermiddagstur på Bakkefjellet òg i dag. Skodda lette og det vart retteleg fint. Lett opp og ned med joggesko i det tørre og gode lendet. Ja, jammen hadde det vore ein god del folk på trimposten der oppe i dag. Flott ! Fin tur !

Morgonskodde

Her er gjengen samla før siste biten heim....
F.v. Christoffer, Peter, Andreas og Ole-Johan

Som forventa kom skodda sigande fort på gutane i går kveld. Dei fekk seg ei god erfaring med det. Beskjeden frå meg var krystallklar. Ingen heimtur eller annan tur før skodda var letta. Teltet skulle vere innan synsvidde, og helst skulle dei opphalde seg "innandørs" ! 

Eg fekk likevel ikkje heilt fred på meg heime då eg såg skodda låg tjukk nesten i fjorden i dag tidleg. I tilfelle katane vart utolege og ville heim att var det fort gjort å surre seg ut av stien øvst oppe. Då fann dei han garantert ikkje igjen, og då vart det berre baluba. I tillegg skulle Andreas og Peter spele smågutekamp i fotball. Så eg bestemte meg for å gå opp att å få dei ned igjen "heilskinna". Olaug vart i tillegg med slik at ho slapp å sitte heime og lure.... Det er ikkje mobildekning ved Krikavatna. Akkurat det er sjølvsagt eit aber. 

Gutane har heldt seg i ro ved Krikavatnet - som avtalt...
...humøret er bra trass i skodde og kjøleg, fuktig vèr...

Gutane fann vi der dei skulle vere. Praten høyrde vi i skoddeheimen langt oppe i bakkane. Dei hadde rett nok pakka ned teltet og var nesten klare til å gå. OM dei var tenkt å gå kjem eg på eg må spørje om. Skodda var nemleg så tjukk som graut heilt ned til under Rinda... !

Turen ned igjen gjekk heilt fint. Katane var i perlehumør. Pratsame og blide. Det var ikkje lenge til dei skulle opp igjen, men då skulle det ikkje vere skodde. Om det hadde vore lite søvn var opplevinga dessto betre. Herleg utan både nett og mobil. Slikt har dei godt av !

Andreas og Peter
 Ole Johan
 Christoffer
Andreas


lørdag 25. mai 2013

Gutetur

Gutane kjem til Krikavatnet
Kristoffer og Peter sløyer kjø

Eg følgde Peter, Andreas, Ole-Johan og Kristoffer til Krikavatnet i stad. Dei ville overnatte i telt og fiske. Så eg bar m.a. opp teltet mitt til dei, og sette det opp. Litt never og kveikje er dessutan alltid lurt å ta med seg heime i frå. Men mest hjelp vart det visst til fiskeutstyret. Greitt med litt vaksenhjelp når gøtten snurrar seg i vaser og det må settast på ny svivel...:-) 

Sidan eg no var oppe, så tok eg meg ein tur på eigahand ned i nedste Krikavatnet og rundt omkring. Fisken beit den, men nokon storleik var det diverre ikkje på han. Iallefall ikkje her. Men for katane sin del er det no moroa og det å få fisk som er det viktigaste. Ja, nokre av kjøa gjekk no an å steike òg. 

Ja, bade gjorde dei òg...

Eg vart med dei nokre timar. Men dei var fast bestemte på å skulle overnatte utan voksne, så då får dei vise at det går greitt òg...! 

Utsikt mot Mangevatna og øyane i Florø 

Skodda fòr...


Skimtar Blegja, Storehesten og Kringla over skoddelòket...

Eg tok å venta ut skodda eit par timar heime i dag tidleg før eg tok morgonturen. Det fungerte greitt. Skodda låg rimeleg tjukk over skoggrensa, men på sjølve toppen av Bakkefjellet kom eg over lòket. Her var det faktisk veldig fint og varmt i morgonsola. Så eg sat like godt ei stund på toppen. 

I dag skal Peter på overnattingstur med nokre kompisar opp til Krikavatna. Han har prata om det ei stund. Eg tek meg difor ein tur opp dit i ettermiddag. Området her oppe på nordsida av Stongfjorden er kanskje det finaste i heile kommunen. Eg kjem tilbake med ein rapport der i frå i kveld. 


fredag 24. mai 2013

Skodda kom...

Skodda dreg inn over Moldura og Kalderasnipene

Ho kjem brått på deg - havskodda. No gjekk eg klar på Bakkefjellet i ettermiddag. Og her er det så god sti og godt merka at det ikkje hadde vore noko problem likevel. Men ei grei påminning på kor fort skodda driv inn frå havet ved rette vèrtilhøva. Ein flott og solrik dag kan bli til noko heilt anna berre på nokre minuttar. Utan noko hjelpemiddel tilgjengeleg kan det bli temmeleg  ubehageleg. Ja, rein risikosport på høgste toppane. I den samanheng minnest eg godt aksjonen på Blegja i fjor haust... 

Noko meir å skrive heim om er det vel ikkje. Fint, raskt og lett i Inov8 Rocklite 312 skorna som eg har brukt fleire par av dei siste åra. Gode og lette goretex joggesko som sit godt på alt slags underlag. 

Herleg trim igjen ! 




torsdag 23. mai 2013

Panorama Bakkefjellet

Panorama med mobil frå Bakkefjellet

Artig å prøve eit panoramabilde frå Bakkefjellet i ettermiddag. Blir litt snodig når du får det ned på ein flat skjerm...:-) Knallflott trimtur opp igjen. Tørt og fint i bakken. Lett og fort med joggesko, og moro med full fart ned igjen. Det tek ikkje så lange tida dette no, men godt gjere det etter ein dag på kontorstolen. 

Eg gjekk ned på sørkanten av fjellet i dag for å ta dette panorama-bildet. (Eg går rett opp fjellet til varden frå vestsida no). Då fann eg ei fin heimestrikka hue. Det som ikkje er stole og oppbrunne... Er det nokon som kjennest ved denne hua, så finn de ho att etter at eg drog ho over ein vardestein i søkket før toppen...

Det som ikkje er stole og oppbrunne...

onsdag 22. mai 2013

Kjapt og greitt



Stakk ein kjapp tur oppom Bakkefjellet etter arbeid i dag òg. Fint og greitt, men temperaturen var jo ein heilt annan enn i helga. Ganske så kald nordvest vind på toppen. Heldigvis hadde eg no litt meir enn sommarhabitten på meg les: nesten naken...:-) 

Elles er det vel ikkje så mykje å seie. Det kjennest nesten ut som det går fortare og fortare denne turen no når eg har fått han under huda. Eg lyt nesten sjå å finne på noko anna å variere med framover. Heldigvis ligg Blegja der - på veg heim...:-) 

mandag 20. mai 2013

Kjekke fjellfolk

Mobilbilde frå Blåfjellet i ettermiddag

Det vart ein rask tur til i dag. Ja, du treng ikkje tippe to gonger. Tørt, varmt og stilt på Blåfjellet i joggesko og shorts. Aldeles herleg. Slik som eg ynskjer desse sommarturane her nede. Det går jo så mykje kjappare og lettare med lite klede og lette sko enn vinterdagen då ein må dra på alt slags utstyr og klede opp i fjellheimen. Så no er det berre å peise på opp og ned. Easy match easy done....:-)

Det nådde opp ei jente på toppen nett før meg i ettermiddag. Vi hadde oss ein god fjellprat ved varden i det flotte vèret. Både om fjella i Askvoll, ruter, merking og fjelltrimmen. Kanskje er det noko med fjellfolk som gjer at slike møte alltid er av det gode slaget? Ei felles plattform og interesse når ein treffest i fjellet? Iallefall er mange eg treffer både utadvende og sosiale i slike settingar. Berit var ikkje noko unntak i så måte. Kjekk jente med foreldre i Askvoll. 

Ja, så var pinsa unnagjort. Og slik ser det visst ut til at godvèret er òg i denne omgang. Alt er ein overgang. Men fjellturar blir det nok i neste veke for det. Stay tuned...:-)

Kjekk jente på Blåfjellet i ettermiddag

Tynne bein


Fint på Bakkefjellet i dag tidleg òg...
men no er jammen føtene begynt å bli tynne...!

søndag 19. mai 2013

Sveitte greier...



Blåfjellet i dag

Det vart ein skikkeleg sveitt tur til i dag. På Blåfjellet i Askvoll. Igjen. Det er desse fjella her sør eg konsentrerer meg om no på fjelltrimmen. Dei andre ser eg meg ferdige med. Meir eller mindre. Får sjå kva tid det blir til seinare. Men sjølvsagt blir det òg nokre "dessert-turar" på Blegja òg etterkvart.

Det vart ei sveitt affære på Blåfjellet iallefall. Varmt. I så varmt vèr har eg ikkje gått før i år... Så shortsen måtte fram. Det gjekk fort opp og ned på den tørre og gode stien. Herleg!

Varmt møte

Tulipanane ventar på sola.... klokka er 05.30

Eg vakna og stod like godt opp klokka 05 i dag til eit fantastisk møte av ein ny dag. Nesten for godt til å vere sant. Pinse og konfirmasjon i bygda. Det gjekk simpelthen  ikkje an å gå og legge seg igjen. Morgonstunda var for flott. Eg tok meg ei runde på altanen og ut og tok nokre bilder av denne nye dagen. 

Etter ein god frukost gjekk turen igjen til morgonvisitten på Bakkefjellet. Fantastisk biltur til Holmedal òg om eg kan seie det. Her i Størdal kl 06.10:


Som vanleg dei siste dagane gjekk turen lett opp på Bakkefjellet. Berre å peise på. Tørt og fint dei fleste plassane. På toppen ein varm og god austavind. Fjellvindens kviskring i øyra. Ber bod om ein flott dag. Varmar inn i sjela. Øsen. Rusande. Godkjensle. Fantastisk å kunne vere så priviligert å få oppleve all denne vakre herlegdomen rundt Dalsfjorden frå fjellet ein tidleg pinsemorgon.  . Sjå dei flotte Bygdene kledd i si finaste morgondrakt ! Takk !

Bakkefjellet i dag tidleg

fredag 17. mai 2013

Gratulerer med dagen !



Flott 17.mai morgon på Bakkefjellet.
Her er utsikt mot Dale og Holmedal kl 07.10 !
Gratulerer med dagen til alle !

torsdag 16. mai 2013

Blåfjellssåta

Utsikt mot Dale frå Blåfjellssåta i ettermiddag

Eg stakk ein tur oppom Bakkefjellet i ettermiddag òg. Stilt, varmt, overskya og fint. Beste temperaturen i år iallefall. Ja, eg klatra like godt oppom Blåfjellssåta for eit utsyn der i frå òg. Og gjekk ned igjen skaret rett på nordsida. Her låg det noko snø i henget høgst oppe. I tillegg må ein vere litt obs i urane her. Det er ikkje all steinen som ligg like stott. 

Det går flott og lett om dagen. Veldig kjekt å kjenne at det berre er å peise på og kroppen gir tilsvar.... ! Kjempetur igjen ! 

onsdag 15. mai 2013

Litt væte

Det vart ei ganske våt affære på Bakkefjellet i ettermiddag. Diverre heldt ikkje veret til eg kom heim frå arbeid. Likevel gjekk eg. Men skodda heldt seg vekke. 

Turen gjekk no sjølvsagt heilt greitt den. Litt væte tole ein no...

tirsdag 14. mai 2013

Holmedalsfjella

 Blåfjellet, Blåfjellssåta, Bakkefjellet og Heileberget. Dalsfjorden t.h.
Sola viste seg 2 minutt ved Blåfjellssåta denne dagen...
Begge foto frå Dokka.

Sidan eg går mykje på Bakkefjellet om dagen, og kjem til å gå her utover sommaren, fann eg eit par spesielle bilder frå ein tur i 2009. 
Kjekt å sjå tilbake på...!

Fotoserie 15/8-09

mandag 13. mai 2013

Skiftande skydekke...

 Blåfjellssåta
Ja, desse to bilda er tekne på same turen i ettermiddag...

"Han kappsprang med døden mot løa og slo han med knapt eit sekund" - 

Ja, slik kan eg nesten samanfatte turen på Bakkefjellet i ettermiddag. Eg såg det var reine ragnarokket på veg frå vest og sør då eg nærma meg toppen. Det var berre å gi full gass resten av stykket opp, og ned igjen gjekk det så fort som eg berre torde. Med full konsentrasjon gjekk det bra. Og eg nådde akkurat ned igjen til bilen då det braka laust med eit vanvittig regnvèr. Slikt er egentleg veldig moro. Ikkje det at det hadde gjort så voldsomt om eg fekk byga på meg, men det blir ein slags konkurranse med naturelementa som er litt artig. Som på Boge i gamle dagar då vi måtte skunde oss med å få inn turrhøyet før floa kom... 

Elles viser dei to bilda ovanfor kor skiftande vèret var. Ja, det er faktisk ikkje så mange minuttane mellom dei. Fin trim iallefall...


søndag 12. mai 2013

Ref tidleg

Med referanse til bloggen i går om å stå tidleg opp, og fordelane med det, så er sjølvsagt ein av desse openberr - du får meir ut av dagen. Personleg brukar eg i grunn å stå opp på same tid anten det er helg eller kvardag. Nokolunde då. Å halde ein stabil døgnrytme trur eg er viktig. 

No om sommaren kjenner eg at lyset påverkar meg. Eg vaknar tidlegare når det er lyst ute. Dette har nok sikkert noko med alderen å gjere, men frå naturen si side trur eg det er viktig at kroppen mest mogeleg får bestemme døgnrytmen sjølv, og ikkje klokka. Sjølvsagt vanskeleg når ein går i full jobb, men for meg er det iallefall like naturleg å stå opp tidleg om helgane som om kvardagane. Såleis fekk eg mykje ut av denne dagen òg. Mellom anna ein tur nummer to - ikkje overraskande kanske, på fjelltrimposten på Blåfjellet igjen. 

Fjell og fugl



Morgonbilder frå Bakkefjellet 12/5

Flott og kjapp morgontur på Bakkefjellet i dag tidleg. Tørt, fint og opplett. Men i dag var her ingen å sjå. 

Det virkar som om våren er ein månad seinare enn den har vore dei siste åra. Men truleg meir lik slik som i ungdomstida mi. Då hugsar eg at når ein skulle pynte med grøn bjørk til 17.mai i Dale, måtte ein køyre til Stavsdalen i Flekke for å finne litt grønfarge på bjørka. Grøn bjørk har jo ikkje vore særleg vanskeleg å finne dei siste åra. Det ser eg no greitt av bilda mine. Frå fleire år tilbake.  

Litt fugleliv. Det har vore begredeleg denne våren. Kanskje ikkje så rart. Trekkfuglane er forseinka på grunn av tele, snø og kulde. Spesielt oppe i fjellet sjølvsagt. Men dei siste dagane har no iallefall heipiplerkene dukka opp. Tallrikaste fuglen i fjellet. Snøsporven har eg sett tidlegare, men heiloen, strandsnipa og steinskvetten har endå ikkje dukka opp. Elles er trastesortane komne. Ringtrasta såg eg på Osland forrige helg. Svarttrasta er her heile året. Raudvengjetrast, måltrast og gråtrast er på plass både her og der. Og linerla sjølvsagt. Spova i Rivedal og Bygstad. Likeeins vipa, som diverre er i sterk tilbakegang. Mest grunna endringane i landbruket. Elles får vi tru at smålomen ved Nipebu finn isfritt vatn no. 

Eg har sett opp nokre nye fuglekassar i år. Kjøtmeis og blåmeis har flytta inn, men eg håpar endå på eit svart-kvit flugesnappar par. Det har alltid vore min favoritt. Elles høyrde eg gauken i går morgon. Men det jamnar seg nok med flygedyktige ungar i år òg... For sjølv gauken er i tilbakegang som art.   

lørdag 11. mai 2013

Ei tidleg lukkestund

Eg vart so blenda av jentene at eg ikkje tenkte på bakgrunnen... 
skjønt kontrastar seier no mykje òg...:-)

Eg har ein egenskap som til tider kan vere irriterande for andre - eg likar å vere tidleg ute. Slik er det på jobb - eg møter opp ein halv time før eg skal, så eg får god til til å opne opp system og drikke kaffi  med dei andre morgonfuglane. Prate litt om veir og vind og anna small-talk (betaling får eg ikkje for dette altså...) 

No er det nok sikkert slik at eg er arveleg belasta med dette å vere tidleg ute. Det er sagt at oldefaren min på Boge, han Jens, alltid stillte seg opp på kaia i Dale ein halv time før ferja skulle gå då han skulle ut igjen til Eikenes. Han var redd han ville bli for sein... Til tider kan det sjølvsagt vere irriterande for familien at eg alltid skal vere så tidleg ute. Eg er som regel klar både til det eine og det andre før andre er begynt å kle seg. Men ein ting har eg iallefall lært meg - å sitte i bilen og tute på Olaug, eller dei andre, for at dei skal skunde seg - det gjer eg ikkje...! Ja, for då blir det leike...:-) Eg får heller springe litt kvilelaust rundt om i huset.  

Men det eg egentleg ville seie var at det ofte svarar seg å vere tidleg ute. Som i dag! For sjå kven eg traff på veg ned igjen frå Bakkefjellet i dag tidleg. Klokka 08.14. Oppe i hogstfeltet. Ja, dei daue granene gløymde eg heilt då eg tok bildet av desse spenstige jentene... Blenda som eg vart, kan du skjøne...! Nei, denne åpenbaringa hadde eg nok ikkje fått om eg hadde lege heime i senga og purka. Då hadde nok jentene gått meg hus forbi...! Nei, fjellgeitene Anne-Grethe Lien og Anita Vårdal brukar heller ikkje morningane til å liggje og dra seg - så difor godtfolk - ha dykk opp av senga om de skal treffe ein slik bukett! 

Dagen min er iallefall redda. Og når eg difor kutta ut Blåfjellet på same racet i dag tidleg, var det nettopp for at eg allereie hadde fått meg tre toppar... Om eg får behov for noko meir utover dagen får no tida vise...! Denne morgonturen vart iallefall av det minnerike slaget. No har eg gøymt den for ettertida òg. Kan jo vere kjekt å sjå attende på når eg ein dag sit nede på heimen...;-)

Ei lita solstråle vitja Holmedal klokka 07.50 i dag

SEINARE PÅ DAG
Blåfjellet, Askvoll i ettermiddag

Utan å rippe for mykje opp i tabbar eg har gjort her i livet, må eg likevel få innrømme at eg kom i skade for å ramponere eine nedløpet på ei takrenne på huset her i påska. Kva reiskap eg brukte til det stuntet får vere usagt... Det var så gale at eg helst ikkje vil seie det... Men i alle tilfelle måtte eg ha ei ny takrenne. Og då vart det ein tur ned til Leknes`n i Askvoll ut på dagen. 

No kunne eg i grunn ikkje køyre sør igjen utan å ta med meg Blåfjellet i same slengen. Det ville nesten vere for gale. Ein vekkasta biltur for å seie det på den måten. Så eg heiv meg avgarde opp igjen bakkane der òg. Men skulle du ha sett slikt - trur du ikkje eg traff på Anita igjen, denne gongen med dei to superfriske jentungane sine sprettande ned bakkane. Dei måtte luftast dei òg. Imponerande! 

Ja, dette kan eg trygt seie vart dobbel gevinst for dagen ! Ja, min santen sit det i endå.. #sportyaskvolljenter 


fredag 10. mai 2013

Berre eg ser Dalsfjorden...

 Utsikt mot Dale, Flekke og Rivedal
 Bakkevatnet og Straumsnes
Holmedal
(alle foto mobil)

Eg gjekk meg ein fantastisk flott tur på Bakkefjellet igjen etter middag i dag. Flott opplett vèr og bra temperatur. 

Må nok ein gong få skryte av flott sti opp. At eg må krysse og trakke litt skogsvegar må eg berre bite i meg. Forresten gode når eg spring ned igjen. 

I dag gjekk eg opp midt på vestsida av fjellet siste stykket. Der går ei skår bratt opp sør om Blåfjellssåta. Her kom eg meg ganske greitt opp og rett på varden. Herleg. Kjekt å prøve nokre nye far. Elles gler eg meg til å gå opp og ned både her og der framover. Her er mange alternativ å velje i. Og ikkje minst ta med meg desse andre toppane i same snuren.