lørdag 6. april 2013

Som ei nakja barnerumpe...

Veldig skiftande vèr på Stordalsfjellet i dag

5 cm nysnø låg som eit kvitt laken på terrenget i dag. Alle spor etter i går kveld effektivt viska ut. Perfekt å spenne skia på seg igjen i Oslandsbotnen. 

Ja, i dag gledde eg meg til skituren. Etter at det kjendest så bra ut i går. Effektivt på feller opp Brekka, forbi Botnastølen, og opp den lange bakken til Porten. Over myra, og opp bakkane på nordsida av Portafjellet, for så å svinge oppover mot sør til toppen. Men jammen vart det både kvitt og blindeføre oppe ved toppen. Umuleg å sjå konturane av lendet i snøen. I tillegg bles det kraftig opp. Bitande kaldt i dei sveittevåte kleda. Is på nevane på ein augneblink. Det var berre å kome seg der i frå så raskt som mogeleg. 

På veg ned igjen, på nordsida av Portafjellet, traff eg Dag Tore. I eit bratt heng eg hadde sett utfor og i god fart tok eg eit svalestup framfor føtene hans i laussnøen. Opp stod snømannen frå det store intet...:-) Litt leik og spel må ein fjellfant unne seg... Vi vart pratande litt om forholda o.a. før vi gjekk i kvar vår retning. 

Turen ned igjen bakkane til Botnastølen og Oslandsbotnen gjekk som ein røyk. Kjempeglid og retteleg moro. Kjekt å stå på ski gitt...:-)

Ny byge opp frå sør

Ingen kommentarer: