lørdag 27. april 2013

Glitrande vårfjell



Foto Bakkefjellet i ettermiddag

Eg gjekk to fantastisk flotte fjellturar i dag. Først ein tidleg morgontur på Stordalsfjellet med start i Oslandsbotnen klokka 08. Det var 0 grader og frost på marka. 

Mykje av snøen er forsvunen heilt til opp i Porten no. Her låg snøen hard. Flott å gå på med berre skorne no på morgonkvisten når sola ikkje hadde fått tak. I øverste bakken ved Portafjellet seig eg noko gjennom i den nye snøen som berre var ei halvhard skorpe på, men då hadde eg allereie sett frå meg trugane lenger nede, så no er det spor for den som vil gå. Hvis ikkje de melde regnet tek alt i hop. Det er framleis ganske hard snø oppe på sjølve toppen. Her var det difor greitt med broddar. Ja, det er ikkje rare temperaturen oppe i fjellet sjølv om sola skin. 

Eg gjekk deretter ned igjen same vegen og var heime igjen før 10.30. Raskt og greitt! 

Men dagen var endå såpass ung at etter å ha ete nokre skiver og eit par krus med kaffi, bar det til Holmedal og Bakkefjellet. Start ved vassverket. 

John Lien har gjort eit formidabelt arbeid med å merke og rydde sti på Bakkefjellet. Ruta er lagt inn på ut.no og her er linken til den. Det er fantastisk flott utsikt til Rivedal, Dale, Dalsfjorden, Flekkefjorden, Leitet, Holmedal etc. Eg laga ein videosnutt med ei oversikt over landskapet og utsikta. Snutten finn du nedanfor. 

Det vart ein nydeleg tur opp. Tørt og fint med litt snø oppe ved toppen. Stien var bar med litt is øvst som gjekk heilt fint å trakke utanom. Traff forresten på Torunn og Leif F nesten med det same eg starta. Vi slo av ein god prat. Hyggjeleg!

Eg kjem til å gå mange turar på Bakkefjellet framover. Herleg med joggesko på god sti. Raskt og greitt! Gler meg til turane og den flotte utsikta!




Ingen kommentarer: