mandag 29. april 2013

Sledaføre

Eg fekk på meg ei vanvittig sludd- og snøbyge på Blåfjellet i Askvoll stad. Ho rakk vel omlag heile turen for å vere meir eksakt. Ja, det snøa trollkjerringar i øvste partiet. Sikta var dårleg, og i tillegg bles det. Ufyseleg med andre ord. Men eg kom no meg greitt opp. 

Ned igjen var det reine sledaføre med våt snø på fjorårsgras, vatn og gjørme. Men heilt utruleg nok var eg like tørr på føtene i dei halvhøge Salomon gtx joggeskorna. Med strikk i buksa, surra rundt skorne, var eg både god og varm på føtene. 

På veg heim igjen til Stongfjorden var byga over. Klårt og fint ute i havet. Fjella kvite og flotte etter ein ny omgang med nysnø. Men er det ikkje vår snart no...? 

lørdag 27. april 2013

Glitrande vårfjell



Foto Bakkefjellet i ettermiddag

Eg gjekk to fantastisk flotte fjellturar i dag. Først ein tidleg morgontur på Stordalsfjellet med start i Oslandsbotnen klokka 08. Det var 0 grader og frost på marka. 

Mykje av snøen er forsvunen heilt til opp i Porten no. Her låg snøen hard. Flott å gå på med berre skorne no på morgonkvisten når sola ikkje hadde fått tak. I øverste bakken ved Portafjellet seig eg noko gjennom i den nye snøen som berre var ei halvhard skorpe på, men då hadde eg allereie sett frå meg trugane lenger nede, så no er det spor for den som vil gå. Hvis ikkje de melde regnet tek alt i hop. Det er framleis ganske hard snø oppe på sjølve toppen. Her var det difor greitt med broddar. Ja, det er ikkje rare temperaturen oppe i fjellet sjølv om sola skin. 

Eg gjekk deretter ned igjen same vegen og var heime igjen før 10.30. Raskt og greitt! 

Men dagen var endå såpass ung at etter å ha ete nokre skiver og eit par krus med kaffi, bar det til Holmedal og Bakkefjellet. Start ved vassverket. 

John Lien har gjort eit formidabelt arbeid med å merke og rydde sti på Bakkefjellet. Ruta er lagt inn på ut.no og her er linken til den. Det er fantastisk flott utsikt til Rivedal, Dale, Dalsfjorden, Flekkefjorden, Leitet, Holmedal etc. Eg laga ein videosnutt med ei oversikt over landskapet og utsikta. Snutten finn du nedanfor. 

Det vart ein nydeleg tur opp. Tørt og fint med litt snø oppe ved toppen. Stien var bar med litt is øvst som gjekk heilt fint å trakke utanom. Traff forresten på Torunn og Leif F nesten med det same eg starta. Vi slo av ein god prat. Hyggjeleg!

Eg kjem til å gå mange turar på Bakkefjellet framover. Herleg med joggesko på god sti. Raskt og greitt! Gler meg til turane og den flotte utsikta!




fredag 26. april 2013

God fjelltrim


Mobil-foto Blåfjellet i kveld

Flott kveldstrim på Blåfjellet igjen i kveld. Litt vått og gjørmete, men fint vèr og vindstille. Herleg fort opp og ned. Piano!

onsdag 24. april 2013

Som i går...


Mobilbilder Blåfjellet i kveld

Fin trimtur på Blåfjellet i Askvoll igjen i kveld. Forholda var som i går, men med litt mindre vind. Til alt overmål heldt det seg opplett heilt til eg kom ned igjen, då det kom ei skikkeleg sturtebyge. 

Konge i eige liv

Kom tilfeldigvis over dette blogginnlegget som eg skreiv på banken sin blogg "Meir enn bank" i fjor. Legg det inn her så eg har det.

tirsdag 23. april 2013

Vestakuling


Mobilfoto frå Blåfjellet i kveld

Tok meg ein rask og flott tur på Blåfjellet igjen i ettermiddag. Opplett og ganske fint. Heile stien opp frå Askvoll, gjennom Askdalen og opp ligg i le for denne vindretningen, men jammen tok vestakulingen bra oppe på toppen. Ja eg måtte faktisk krøkje meg i hop for vinden. Framleis var det rimeleg tørt trass i regnet i det siste. Ingen problem med å bruke joggesko for terrengbruk. Elles er det vel ikkje så mykje å legge til. Heilt kurant som denne turen er. 

søndag 21. april 2013

Lang søndag

Blåfjellet i kveld

Søndagen vart egentleg såpass lang at eg tok med meg eit fjell til i kveldinga. Såleis traff eg Svein F med selskap nesten med det same eg starta på turen på Blåfjellet. Vi slo av ein prat i bakken. 

Det er utruleg kor det har tørke opp på fjellet der nede (så lenge det varer). Vinden har reine føn funksjonen. Og den var jammen sterk i dag. No lurte likevel telen meg igjen ned att første bakken frå toppen. I god fart tryna eg og fekk ei vriding i ankelen. Dette går nok bra denne gongen òg. Risken å få slike hogg er ganske mykje større når du spring i joggesko enn fjellsko. I tillegg er farten større. Men dette er no berre noko ein må leve med. Flott og vindfull affære dette òg!

Vårvindar


Stordalsfjellet 21/4

Skal seie forholda hadde endra seg berre på EIN dag på Stordalsfjellet. Det var 9 plussgrader i Oslandsbotnen i 08-tida. Snøen hadde blotna heilt til topps! Til og med islaget på toppen var begynt å gå opp i limingane. Vinden bles omlag rett frå sør. Skikkeleg blåst òg. Eit par kast heldt på å kolkaste meg. Trass i plussgrader på toppen, kjennest likevel vinden kald ut når han er såpass sterk. Eg kom meg kjapt derifrå. 

Men det var ikkje berre på toppen det var endringar. Snøen hadde jammen minka i bakkane opp til Porten. Berre på ein dag. Ja, det var nesten løye å registre det slik berre med det blotte auge på nokre timar. Så det blir nok vår i år òg...!

Elles såg det ut som ein kvan hadde prøvd seg oppover på berre føtene, men snudd ganske fort. Snøen er godt blautt no. Det hadde vore skikkeleg slet å gå opp utan trugar i dag iallefall. 

lørdag 20. april 2013

Full vinter i høgda...

Elva i Porten i dag

Det vårast sakte med sikkert. Beste eksempelet på turen i dag var elva i Porten som var gått opp i mildvèret i det siste. Men jammen er det endå full vinter på Stordalsfjellet. Mykje is og knallhard skare oppe på toppen gjorde til at broddane måtte fram igjen. 

Elles gjekk eg i dag på trugar. Det var nok fornuftig. Mykje av snøen er forsvunnen frå Botnastølen til Porten. Den som ligg att er var både blaut og ròten. Frå Porten og vidare oppover var han hardare. Bakken opp på nordsida av Portafjellet er omlag snøfri, så her er det ikkje lenger skiføre. Eg tok den andre vegen i dag. Opp sørsida av Portafjellet og opp skaret. Det gjekk heilt fint å komme seg opp. Her låg ein skavl hallande utfor, men den gjekk an å kome seg forbi på innsida mot fjellet. 

Sjølv om turen opp gjekk heilt smertefritt, var det skikkeleg ufjelgt på toppen. Vind og rennefòk. I tillegg snøa det ganske så tett. Sikta var difor minimal. Eg kom meg fort derifrå og ned igjen same vegen. 

Elles har dagen vore prega av den store gebursdagsfeiringa i Førde. Barn, barnebarn og svoger har hatt dagar i det siste, så vi brukar å ha ei fellesfeiring midt i april. Ei slags oppsamling heime hjå Margunn, eldste dotter mi. Flott familetradisjon dette. Ikkje minst for dei minste. Bilda her i frå arkiverer eg i private album.

fredag 19. april 2013

Fin vårkveld

 Blåfjellet 19/4 (mobilfoto)
Eidsfjorden 19/4 (mobilfoto)

Eg køyrde Peter og Andreas på fotballtrening i Askvoll i kveld, og stakk sjølv oppom Blåfjellet i mellomtida. Supert i lette joggesko (Inov8 Roclite 312) som sit godt på alt slags underlag. 

Det hadde faktisk tørke bra opp sidan hin dagen. Men eg såg ikkje eit menneske på turen. Flott kveldssol. Den har no kome nordvest om Staveneset før ho går ned. Flott trimtur!

onsdag 17. april 2013

Treige post-påskedagar

Blåfjellet 7/3

Etter nokre treige post-påskedagar med dårleg vèr og motivasjonsproblem, kom eg meg endeleg igang igjen med fjelltrimmen i kveld. Andre omgang står for døra. April til oktober. Eg ligg bra an for det eg har lagt ein plan for, men tida framover er ikkje akkurat iberekna sofasliting. Til det har eg for mange turar på programmet. 

Nei, det er ikkje alltid like kjekt å springe halsande etter fjellranane i regn og vind, rokk og fokk og is... Heile året, år etter år. Eg er ikkje verre på det enn at eg innrømmer det. Men har ein sett seg eit mål lyt ein no prøve å nå det. Og kroppen må haldast i gong. Elles tek sofaen deg. Akkurat dette kjende eg tendensane til i dag. Heim igjen frå jobb. Utferen og sliten. Kroppen halvròten.  Og sofaen gaular etter selskap er farlege greier. Så heldigvis tok eg meg sjølv i nakken og kom meg ut. Ja no skal du sjå at alt går så meget bedre... 

Turen på Blåfjellet i Askvoll var i grunn akkurat som berekna. Snøen var smelta, og lendet var vått, glatt og myrete. To brakfall på ræva i firsprang ned igjen. (Det sleipe fjorårsgraset i bakkane er skumle saker). Men til alt overmål heldt det seg opplett heile turen. Steikje godt å kome i gang igjen! 

Kommentar: Eg las ein link om kor tid du ikkje skal trene i dag, legg den inn her.

tirsdag 16. april 2013

Turtips

For nokre år sidan skreiv eg nokre ord om stiar til Blegja, Eitrenipa og Fossedalshengenipa. Hin dagen fekk eg ein førspurnad om primærfaktor på over 100 på fjella i Askvoll, og stiar til desse. Eg hadde problem med å finne att desse nedteikningane, så eg har lagt dei opp i høgremenyen under "Mountains in Askvoll". Saman med eit samla oversyn over fjella i kommunen, m.o.h. og primærfaktor

No ser eg at John L og Turlaget legg inn turar og ruter på ut.no Det er flott. Mellom anna Bakkefjellet, Dokka opp ranen, og om Nyksvatnet, Hav og land hand i hand (som er ein kopi av min og mine bilder ovanfor) og Moldura er lagt inn.

Kor mykje meir arbeid eg legg i nedteikning av stiar veit eg ikkje. Kommunen har utarbeidd gode kart med mange ruter. I tillegg er folk utstyrde med GPS og smarttelefonar med det same. Men er det nokon som lurer på eitt eller anna i høve fjella og turruter her ute, står eg alltid til disposisjon. Nummeret mitt er 971 69 357. Elles er eg lett å treffe på annan måte.   

søndag 14. april 2013

Fjellfri helg

Frå Torget i Bergen laurdagskvelden

Eg har hatt ei fullstendig fjellfri helg. Å ta ekspressen til Bergen frå Askvoll er ein behageleg måte å reise på tur på. Ja, ein slepp faktisk fjellsko,...:-) Så ilag med Olaug og Peter har eg vore på det årlege vårbesøket hjå Kirsten, søster til Olaug, og Arnt i Åsane. Som vanleg var vi ein tur i teateret lørdagskvelden. Ei kjekk og sosial helg med mykje god mat, sightseeing, og sjølvsagt eit besøk hjå Marie som studerer i Bergen. Noko nærare beskriving av "gjøren og laden" let eg liggje. Det blir meir av privat karakter. Men litt shopping vart det sjølvsagt tid til. Eg måtte ha meg eit par nye joggesko til Tyrkia-turen til sommaren. Eg likar Mizuno. Eller det vil seie føtene mine likar dei. Så eg kjøpte meg eit par nye Mizuno Eleksir 8 av årets modell. 

Fotoapparatet la eg igjen heime denne gongen, så alle bilda på linken inn under er teke med smarttelefon. Eit lite inntrykk av ei koseleg helg gir det vel, sjølv om kvaliteten på bilda er noko variabel. Somme har eg dessutan teke vekk. 

Peter i vinden på veg til byn
Pikebuekorpset laga vårstemning i byn

torsdag 11. april 2013

Ein til...


Kjempeflott ettermiddagstur på Stordalsfjellet igjen. Same procedure. På veg heim etter jogbb. Klede i bilen. Skia i Oslandsbotnen. Og raskt opp og ned. Flott trim i flott vèr, men noko vind og småfòk på toppen. Ja, sjølve toppen er ganske avblesen og isete igjen. 

Som nemnt minkar det på turane eg har planlagt opp hit. Litt før skjema. Men det skal no noko til at finvèret vi har hatt i vinter held fram ut over våren. Om litt står Bakkefjellet i Holmedal for tur. I lag med Blåfjellet i Askvoll. Og dei hadde eg egentleg tenkt å ta i shorts og joggesko. Akkurat det ser det ut til å bli ei stund til...

Stordalsfjellet winter




Sidan det lakkar og lir på turane mine på Stordalsfjellet no, har eg samla ein ny best of vinterfilm her i frå. Bileta er tekne no i vinter. Og somme bilete dreg du sikkert kjensel på. Eg synest det er greitt å samle desse på ein eigen link på bloggen, så er det lett å finne tilbake til i mengda av bilder og turar eg har liggjande. Dessutan lettare presentabel med musikk. Stillfilmen vart litt lang, men det står du gjerne i...:-)




tirsdag 9. april 2013

"Skiguru"



Nok ein nydeleg tur på Stordalsfjellet på veg heim etter arbeid. Vindstille og sol. Men i dag var det ikkje eit menneske å sjå her oppe. Ikkje dyr eller fugl heller for den del. Dei ventar nok inderleg på våren både den eine og den andre. No hetar sola i dei solvende bakkane, men det er jammen ikkje mykje som minner om vår her oppe. Snøen har iallefall ikkje minka, sjølv om det relativt sett ligg lite på toppane

Det går rimeleg kjapt ned igjen alle unnabakkane på ski no. Faktisk veldig moro. Eg har gått litt for lite på ski dei siste åra, men no kjem det seg. Eg har eit par Fischer E109 som er ganske greie. Fin trimtur igjen.  

mandag 8. april 2013

Ettermiddagssol i vestvende bakkar

Det skar seg med Stordalsfjellet i går morgon. I fullstendig whiteout snudde eg på nordsida av Portafjellet. Skodda og snøen gjorde at eg knapt såg lenger enn til skituppane. Eg fann det difor uforsvarleg å gå siste biten opp. Vèret vart mykje betre ut over dagen, og hadde det ikkje vore for at eg hadde avtalt eit besøk hjå foreldra mine i Dale, hadde eg sjølvsagt venta med å gått. Men slik er det - det klaffar ikkje alltid. Det var forresten berre andre turen eg har snudd denne sesongen. 

Etter jobb i dag gjekk eg difor opp igjen. I praktfull ettermiddagssol. Ikkje ei sky på himmelen. Omlag akkurat der eg snudde i går, tok eg att Leif S og Connie, så vi slo av ein prat. Både der og då eg møtte dei att på veg ned igjen frå toppen. Like bortanfor i sola sat forresten Dag Tore og Anita. Vi vinka, men dei fòr vidare nordover til Indrevågefjellet. Det ser eg meg egentleg ferdig med denne sesongen. 

Ned igjen til Porten, Botnastølen og Oslandsbotnen gjekk det i ein fei med god gli på skia. Flott tur! Og vèret ser visst ut til å skulle halde seg.... Så her er det berre å stå på...:-)

lørdag 6. april 2013

Som ei nakja barnerumpe...

Veldig skiftande vèr på Stordalsfjellet i dag

5 cm nysnø låg som eit kvitt laken på terrenget i dag. Alle spor etter i går kveld effektivt viska ut. Perfekt å spenne skia på seg igjen i Oslandsbotnen. 

Ja, i dag gledde eg meg til skituren. Etter at det kjendest så bra ut i går. Effektivt på feller opp Brekka, forbi Botnastølen, og opp den lange bakken til Porten. Over myra, og opp bakkane på nordsida av Portafjellet, for så å svinge oppover mot sør til toppen. Men jammen vart det både kvitt og blindeføre oppe ved toppen. Umuleg å sjå konturane av lendet i snøen. I tillegg bles det kraftig opp. Bitande kaldt i dei sveittevåte kleda. Is på nevane på ein augneblink. Det var berre å kome seg der i frå så raskt som mogeleg. 

På veg ned igjen, på nordsida av Portafjellet, traff eg Dag Tore. I eit bratt heng eg hadde sett utfor og i god fart tok eg eit svalestup framfor føtene hans i laussnøen. Opp stod snømannen frå det store intet...:-) Litt leik og spel må ein fjellfant unne seg... Vi vart pratande litt om forholda o.a. før vi gjekk i kvar vår retning. 

Turen ned igjen bakkane til Botnastølen og Oslandsbotnen gjekk som ein røyk. Kjempeglid og retteleg moro. Kjekt å stå på ski gitt...:-)

Ny byge opp frå sør

fredag 5. april 2013

Eg fann eg fann...


Kor heldig går det an å bli? Komme over dette knippet på toppen av Stordalsfjellet i ettermiddag? Ja, jammen måtte det inn i minneboka mi. Den som eg skal ta fram igjen når eg sit på heimen ein gong...! Nei, blide og stilige fjelljenter er det ikkje nett kvar dag eg snublar over her ute, og så på ein "Friday I`m in love"... Åååå det er godt det er vår i lufta. Like godt kvart år. Same kor gamal du blir. Men så er eg alltid aprilbarn då...:-)

Turen? Ja, nei den gjekk som vanleg. Eller det vil seie eg har vel gått mest utan ski i år, men i dag tok eg dei på. Dei ligg under ein stor stein i Oslandsbotnen. I alle tilfelle. I lag med trugane. Så hvis nokon manglar utstyr der oppe så er det berre å legge igjen ein lapp...:-) 

Indrevågefjell winter

Eg har laga ein ny film med bilete frå i vinter. Denne gongen er bileta tekne på Indrevågefjell.

Indrevågefjell er første toppen rett aust for Osland. Den når du ved å gå over Vågeskardet frå FV609, og følgje stien opp over kanten på fjellet som du ser frå vegen. Sjølve toppen ligg litt lenger aust. 

Film gjer seg best i HD på YouTube og stor skjerm. Eg har som før sett til musikk.




torsdag 4. april 2013

Flott ettermiddagstur

Portafjellet (S) t.v. og bakken opp mot sør
Snøkunst på ryggen opp på Portafjellet (N)

På veg heim etter jobb i dag stogga eg i Oslandsbotnen, kledde meg om, og gjekk på Stordalsfjellet. Nydeleg tur i ettermiddagssola. No var snøen tydeleg begynt å rotne etter ein dag med sol. Iallefall enkelte plassar. Elles var det noko vind og fòk oppe ved toppen. Men temperaturen var bra, trass i at vindretningen var beint frå nord. Flott tur! 

Litt fòk og vind i ettermiddag




onsdag 3. april 2013

Størdalsstauren winter

Eg tok meg eit par dagar pause frå fjelltrimmen. Både for å lege ein noko sår hals, og "for å ete meg opp igjen litt"...:-) I kveld sette eg difor i stand ein liten serie bilder frå Størdalsstauren i vinter. Ein best of om du vil. Ved høve er stillfilmen lett å finne tilbake til i høgremenyen.  

No er sjølvsagt ikkje motiva så mange frå denne toppen. Utvalet bilder avgrensar seg difor litt. Men her er iallefall dei bilda eg har valt ut i denne omgang. Som før har eg lagt på musikk. Godkjent av YouTube.    

mandag 1. april 2013

Ei påske er over

Helsing frå snøfonna øvst i Stordalen i dag...

Fantastisk! Ikkje til å tru! Hadde aldri innbilt meg å få full uttelling på Stordalsfjellet denne påska. Men jammen gjekk det. Heilt utruleg flott påske. Og bra skrell på fjelltrimmen. 

No hadde det likevel vore kjekt med litt vår i bakkane. Det har ikkje akkurat vore tilfelle førebels. Minst 5 cm tørr nysnø hadde viska ut alle spor i dag. Så dei måtte eg gå opp igjen nok ein gong. No var det nesten råflott å kutte ut skia (dei ligg oppe i Oslandsbotnen). Men ikkje hadde eg innbilt meg at det var kome ned såpass med kvitt, og heller ikkje hadde eg med meg skiskorna. Så då så. Noko særleg å renne er eg ikkje lenger, mest av mangel på trening trur eg, og så kjem eg meg fortare opp bakkane utan. Og ikkje minst så slepp eg den ekstra vekta. Ned igjen kan eg springe om eg må fort heim igjen. 

Eg tok runda sør igjen til Stordalen, og fann att den vindstille bakken med sola midt i mot. Eg trur knapt sola varmar betre nokon stad her oppe. Eit par skiver og ei appelsin gjorde godt. Den heimelaga safta til Olaug slær heller aldri feil. Etterpå slumra eg ei god stund i sola, før eg gjekk ned igjen gjennom Porten til Botnastølen, Oslandsbotnen og bilen. Dermed var ei fantastisk påske over. Meldingane framover borgar nok for meir fjelliv, men akkurat no føler eg for ein dags pause...:-)