Facebook

lørdag 16. mars 2013

"Jordskjelv"...

Løyste ut dette raset i Porten i dag, men klarte å springe unna...

Eg såg bakken såg skummel ut. Sjølv om han såg aldri så kvit og fin ut. Så eg prøvde meg opp på sida. Men brått høyrdest det ut som torevèr. Alt levde under føtene på meg. Heldigvis var eg nett starta opp, så eg greidde å springe ned att på flata der eg kom i frå og kom meg unna. Men jammen var det ei påminning om at det ikkje alltid er berre berre... Sør-aust vinden hadde lagt ein brote med snø her i lebakken. Og det er jo sjølvsagt på lesida der snøen har fòka seg til det er skummelt. 

Elles gjekk eg innom i øvste delen av Stordalen i dag òg som førre helg. Er ikkje heilt trygg på skaret opp ved Portafjellet no. Det er bratt, isete og stygt utfor. Og sjølv med broddar kan ein gli. Eg valde difor den sikrare og lengre ruta forbi Porten og til Stordalen. 

 Foto frå Stordalsfjellet mot Stongfjorden i dag

Endå ei god påminning i så måte fekk eg oppe på Stordalsfjellet då eg skulle ned igjen i dalen på vestsida... Den tørre nysnøen som hadde lagt seg på isen her gav brått, og eg segla på isen nedover så snøføyka stod. Akkurat her vil ein automatisk stoppe nede på flata ein 50 meter nedunder. Heller er her ikkje stein som ligg i vegen på segleturen pga all snøen, så her ville det i alle tilfelle gått bra, men nok eit varsko var det...  

Som regel er det alltid ned igjen det er skumlast. Då slappar ein mest av i kroppen. Toppen er nådd og ein tenkjer lett på andre ting enn sikkerhet. Greitt med ein test av og til i så måte...  

Elles sprang eg for det meste heilt i Oslandsbotnen igjen. Gjennom laussnø og på skare så sveitten sila... Ei god økt!

Etter å ha fått i meg noko mat og og eit krus kaffi heime, tok eg turen til Askvoll og gjekk på Blåfjellet. Fekk meg ein hyggjeleg prat med Connie H og Jeroen på parkeringplassen. Utstyrsprat, sko, broddar etc. Dei hadde allereie vore opp på fjellet og var vèl nøgde.

 Sauesundet og Lutelandet frå Blåfjellet

Det låg ein del nysnø her nede. Spesielt frå halvveges og opp. Men eg brukte berre dei høge joggeskorna for det. Heilt strålandes. Sat veldig bra på oppover. Varme og gode. Og med dei passelege mengdene med snø som var komne her, sette eg meg berre på rumpa i fleire av bakkane ned igjen. Det gjekk som eit skot. Raskaste turen opp og ned i år...:-) 

 Blåfjellet i dag
 
Foto Stordalsfjellet og Blåfjellet, Askvoll 160313
Legg inn en kommentar