Facebook

lørdag 2. mars 2013

Årets første



Kanskje trigga det meg litt ekstra at eg nemnde joggesko hin dagen. Iallefall sprang eg årets første fjelltrimtur med det på Blåfjellet i dag. Og det gjekk faktisk ganske bra. Artig! Litt glepptak her og der, men det gjekk dessto fortare med så lett fotty. Eg blir alltid ekstra yr når eg får springe av meg litt.

Det vart faktisk eit brukbart vindauge i vèret òg. Litt sol undervegs, før det slo til med ei piskande haglebyge på toppen, så då sprang eg likegodt rett ned igjen gjennom snø og einer til bilen. Fin og rask tur...:-)
Legg inn en kommentar