søndag 31. mars 2013

Rennefòk i fjellet



Det var nesten uvant med snødrev og dårleg sikt igjen. Mot normalt som han sa Juster. Den strålande påska har vel gjort oss vekkskjemde. Forholda på Stordalsfjellet i dag likna ikkje mykje på det vi har opplevd i det siste. Omlag alle spor var effektivt viska vekk av fòksnø. I tillegg var det blindeføre. No gjekk det greitt å finne opp og ned igjen i ein fei. Som planen var. Så i dag hadde eg difor ikkje med meg noko anna enn det eg stod og gjekk i... Grei trimtur!

Stordalsfjellet i dag

lørdag 30. mars 2013

Mange niper

Mange like fjellformasjonar i dette området. Frå små til store.
Jmfr. ordet Nipe. Slake ryggar mot nord og bratt utfor i sør.

Ja, då var åttande turen på Stordalsfjellet på like mange dagar i boks. Dei stussar vel folk når dei ser boka der oppe. Men litt moro må ein unne seg...:-)

I dag tok eg rett opp på Portafjellet i nord først. Det er flottare utsikt her i frå enn frå Stordalsfjellet. Det ligg litt høgre og du får utsikt mot vest. Eg har forresten hatt meg ei runde rundt på alle desse toppane her no. For  etter Stordalsfjellet tok eg med meg Portafjellet i sør, og eit par mindre inn i mellom og etterpå. Aldeles fantastisk. Men vinden tok ein del meir der oppe i dag enn før i påska. 

Etter å ha vore oppom alle desse toppane, haugane og knoltrane sette eg meg godt tilrette nede i Stordalen. For her var det aldeles blikkande stille. Sola steikte inn i bakken. Ikkje ein lyd. Så godt og varmt var det at eg faktisk slumra av på liggeunderlaget der i sola.  

Men eg vakna no til igjen då. Eit par sjokoladebitar fekk meg på føtene att. Pakke ned igjen pikk og pakk i sekken, og styrde vestover og nordover forbi i Porten til Botnastølen og Oslandsbotnen att. Fantastisk!

fredag 29. mars 2013

Dokka (2) i Holmedal



Eg tok å redigerte filmen frå Dokka i Holmedal. Kutta ut somme bilder og la til nokre få nye. 
I tillegg la eg på ny musikk. Den gamle var litt traurig. 

Langfredag med fruen...

Olaug poserer på Stordalsfjellet i dag

I dag slo Olaug følgje på Stordalsfjellet. Nok ein praktfull dag. Men litt meir trekk enn dei føregåande dagane. Flott tur opp på nordsida av Portafjellet og sør til toppen. 

Eg sette frå meg ryggsekken på same plassen som i går. For å ta oss ei matykt med kakao før vi gjekk ned igjen. Varm kakao til brunost skiver er medisin i fjellet. Rett i fletta...:-) 

Matykt under Portafjellet

Då vi hadde gjort oss klare for å gå ned igjen kom det jammen santen meg eit menneske forbi. Ikkja daglegkost her oppe. Det var Kari R som kom opp bakken. Vi slo av ein liten prat før vi gjekk ned igjen på Botnastølen og ho heldt fram vidare oppover. 

Vi stoppa ein liten tørn ved hytta på Botnastølen og følte litt på trekken. Den kom og gjekk. Kald i kantane. Så vi bestemte oss like godt for å dra heim igjen og nyte sola på altanen i staden. Nok ein super tur....!

Månenedgang



Foto kl. 05.58 og 06.10

torsdag 28. mars 2013

Draumepåske

Og tid for litt leik og moro med sjølvutløysar....

Nok ein fantastisk påskedag. Blikk stille og for det meste sol. Litt skyer no og då spesielt på morgonen. Og det vart Stordalsfjellet igjen. No har eg vel gått der kvar dag snart. Men eg hadde meg no ein snur rundt omkring i dag som i går, for å sjekke utsikta frå litt forskjellige punkt. 

Eg har sett Vigdis og Arild på avstand fleire gonger dei siste dagane. Eg har brukt same ruta som dei, utanom i går då eg gjekk Stordalen og Porten ned igjen. I dag gjekk eg på dei ned igjen. Også då eg sette meg i solbakken for å nyte sola. Så vi fekk oss ein god prat ved to høve. Her er foto av paret + Bailey hund:



Som sagt fann eg meg ein super plass i sola. Framfor ein stein høgt oppe under Portafjellet (N). Sola steikte midt i mot frå sør. Perfekt utsikt mot Porten, Skålefjellet og Stongfjorden. Ikkje eit vindpust. Og ikkje eit menneske å sjå etter at Vigdis og Arild hadde gått ned igjen. Jammen rart. Så perfekte forhold som her er. Eg kan trygt anbefale kven som helst å ta turen opp hit seinare i påska. Her er gode spor. Litt hardt somme plassar der sola ikkje har fått tak, men heilt ufarleg egentleg. 

Bak ein stein i solsteiken...
Ja, betre kan ein ikkje ha det...
Fin utsikt mot Stongfjorden

onsdag 27. mars 2013

Berre velstand


Eg stakk ein tur oppom Blåfjellet på ettermiddagen i dag. I joggesko. Dei sit som nemnt tidlegare godt på det harde underlaget. Spesielt når andre har gått opp med broddar. Omlag som med piggdekk kontra piggfrie...:-) Det går jo berre så mykje lettare opp med lette sko. Sjølvsagt. Og ned igjen er det berre moro....:-) Flott trimtur! 


Staveneset t.h.
Fristadfjellet, Dokka og Dalsfjorden
Prestøyna, Lutelandet og Sauesundet

Ein kjapp ein

Motiv ved Porten (mobilbilde)

Eg var ein kjepp morgontur oppom Stordalsfjellet i dag òg. Har visst blitt kvar dag no.... Men i dag låg det litt meir skyer på himmelen. Eg tok difor ikkje med meg noko. Verken mat, klede eller anna då eg rekna med at det skya til. Det var feil. For det vart retteleg fint, sjølv om det var litt austatrekk. Nokon "solpause" vart det likevel ikkje i dag. Eg hadde for lite klede med meg. Og kameraet hadde eg heller ikkje med. 

No er vel påska knapt begynt for dei fleste, så det er no rikeleg med tid til å pakke sekken endå. Meldingane ser framleis bra ut.

Teigane, Stongfjorden

Eg har laga ein forkorta versjon av stillfilmen frå Teigane i Stongfjorden der det planlagde settefiskanlegger er tenkt plassert

tirsdag 26. mars 2013

Går det an å ha det betre...

 
 Stongfjorden frå Portafjellet i dag.
Skålefjellet t.v og Toreheia t.h.

Same procedure as every year James...:-) Berre at i dag gjekk eg opp på Portafjellet, gjekk kanten nordover og fekk med meg utsikta her i frå. Flottare utsikt til Stongfjorden trur eg knapt her er. Det må i tilfelle vere frå Yndestadhøgeheia, men det blir frå ein heilt annan vinkel. 

Elles såg eg Vigdis og Arild på avstand på Stordalsfjellet då eg var oppom Portafjellet. Eg måtte vræle eit nøgd vræl. Vi vinka. Også etterpå då eg sat i solveggen på Botnastølen. I bar overkropp. Eit par gode skiver med spekeflesk smakte fortreffeleg. Pluss ein Bounty-sjokolade til dessert. Fantastisk! Går det an å ha det betre?

 Stordalsfjellet t.h. frå Portafjellet (N)

mandag 25. mars 2013

Kveldsol

Fin, stille og tankevekkande ettermiddag i påskeveka.
Foto 25/3-13 kl 18.35

Strålande dagar

Mot Florø.
Indrevågefjellet i midten og Middagsnipa t.h.

Desse påskedagane er nesten for gode til vere sanne. Strålande sol frå skyfri himmel utan vind. Fjorden ligg dammande still heilt til havs. Og eg har skote gullfuglen ved å ha fri! Det brusar i blodet og hei kor det går. Så det vart Stordalsfjellet i dag òg.

Eg starta ein god del seinare i dag av ymse årsaker. Greitt å vente på sola litt òg. Så øverst i Brekka traff eg Vigdis på veg ned igjen. Vi stoppa og prata nokre minuttar der. M.a. om ruta nord om Portafjellet som ho hadde gått. For å få litt forandring i kosten tok eg difor denne opp i dag. Det gjekk heilt fint ja. Takk for spora Vigdis. For det låg noko fòksnø i eit parti på nordsida. Litt isete var det lenger oppe, men egentleg bagatellar når du har broddar under skorna. 

Fòksnø, skavlar og is på nordsida

Eg gjekk ned igjen same vegen. Til å vere så tidleg påske var det nesten rart kor sola steikte i hellingane mot sør nede i Porten. Eg tenkte eg skulle finne meg ein fin plass, men det vart faktisk til at eg sprang like på Botnastølen før eg stoppa. Men då fann eg ut at eg måtte få i meg skivene og ta livet med ro ei stund. Som sagt så gjort. 


Etter å ha slappa av ei stund der i sola, sprang eg siste stykket til Oslandsbotnen, og køyrde heim igjen. Men neste gong trur eg at eg må ha med kaffien. Det var i grunn berre den som mangla i dag!


søndag 24. mars 2013

Draumepåske

Øverst i Stordalen i dag

Jepp i dag vart fruen med. Ikkje kvar dag eg har selskap på turane mine. No er det nok slik fatt med meg at eg trivast godt i eige selskap, så for den del.... Godt å vere sin eigen herre, bestemme tempo, stopp og lyster som ein sjølv vil. Utan for mykje mas. Det har eg nok av til dagen elles. Men som sagt - i dag vart Olaug med. Ikkje det, så mykje mas er det i grunn ikkje mellom oss. Vi har i grunn ikkje så mykje usnakka. 

Vi sette oss forresten ei god stund øverst i Stordalen i den varm sola. Stille og fint. Som i går. Og eg tok opp akkurat dette temaet. Smalltalk. Eg er elendig på det. Så snart som eg er ferdig med vèret iallefall. Men etter ei stund hadde vi iallefall funne ut at det var bigtalk eg dreiv med. Og det er vel som. Det som ikkje interesserer meg er i grunn ikkje noko å prate om. Såleis blir det vel bigtalk det andre då... 

 

Men turen var iallefall fantastisk. Fruen smørblid. Omkapp med den glitrande sola, snøkrystallar og flotte snøformasjonar. Og ikkje minst for at eg viste ho finaste ruta på Stordalsfjellet. Vel, ok, litt lenger enn dei andre frå Oslandsbotnen då, men kva gjer vel det, det er jo påske, fridagar og sola skin. Vi får prøve og stresse ned litt no...:-)


lørdag 23. mars 2013

Om å smile i kapp med vèrgudane

Perfekte forhold i dag...her Blåfjellet.

Eg måtte nesten kneke meg i augene i Oslandsbotnen i dag tidleg. Vèl var ikkje klokka 08, men temperaturmålaren i bilen viste minus 9 grader! Nesten i slutten av mars. Ein sur austatrekk i tillegg svei godt i ansiktet  oppover Brekka...

Turen gjekk den vanlege ruta eg brukar til fots. Via Porten og øvst i Stordalen, der det er veldig bra solinnstrøyming. Heilt greitt å gå utan ski. Eg kjem meg raskare opp utan. Og skaren er fin å gå på. Eg slepp ekstra drags og tyngde på føtene. Ned igjen kan eg springe når eg føler for det.

Eg toppe heilt fint ut der oppe litt før kl 09.30. Blikk stilt og fleire minusgrader. Perfekt! Ja, så fint var det at på veg ned igjen sette eg meg opp etter fjellveggen øvst i Stordalen med sola steikande inn i snøbakken. Tok meg ei skive, litt saft og ein herleg Bounty-sjokolade og spelte meg ein heil Mountain-LP frå mobilen (Climbing). Den passa jo utmerka. Eg kunne ikkje hatt det betre. Ja, jammen var det så vindstille at eg sat over halvtimen og sola meg. Men til slutt fann eg ut at eg ville ha med meg eit fjell til....



 Herleg solinnstrøyming øvst i Stordalen

Eg var på nippet til å ta turen oppom Vardenova, men ombestemte meg i siste liten, og gjekk ned igjen i Oslandsbotnen. Eg ville heimom til ein kaffikopp og eit "skjortebyte" for deretter ta med meg Blåfjellet i Askvoll. For som kjent er det ikkje før til neste sesong at Vardenova er poengtopp, medan Blåfjellet er...:-)

Turen på Blåfjellet gjekk raskt opp og ned i dei høge joggeskorna. Eg traff forresten Janne H der oppe. Og fleira hadde vore der tidlegare såg eg. For det var jo ein fantastisk Palmelørdag - hvis det heiter det. Ja, dagen kunne vel ikkje blitt flottare! Og fridagane framover ser berre utruleg bra ut...! Fantastisk kjekt for oss som er glade i fjellet.... Ja, for alle for den del....;-)

torsdag 21. mars 2013

Stor sak i Stongfjorden


Musikken er av "Brought Low" med kuttet "There`s a light" (instrumental)...!
Tykte den passa!...


Marine Harvest ynskjer å etablere eit settefiskanlegg i Stongfjorden innerst i den smale og grunne fjorden. Anlegget er gedigent. Det omfattar 86 dekar i sentrum av bygda og krev ca 40 meter utfylling i botnen av fjorden med ei djupvasskai på 80 meter lengde ut att på. Planprogrammet ligg ute til offentleg høyring fram til 2/4. Du finn det på Askvoll kommune sine heimesider her.  

Som ein sikkert skjønar er underteikna sterkt kritisk til denne mastadonten av eit smoltanlegg. Siste rest av den opprinnelege strandsona i bygda er vel verdt å ta vare på for framtida. Ingen veit kor tid dette monsteranlegget vil ligge brakk som mange av dei andre tomme industrilokala i bygda.


Stongfjorden blues her

tirsdag 19. mars 2013

Medan gutane trenar spring han far...


Eg køyrde Peter og Andreas på fotballtrening i Askvoll i stad, og stakk sjølv oppom fjelltrimposten på Blåfjellet i mellomtida. Det er framleis skikkeleg hardt og isete opp gjennom. Men eg må seie eg er godt imponert over dei høge Salomon-joggeskorna som sit veldig godt på. Det går både fortare og lettare med desse i forhold til fjellsko og broddar. Gode og varme er dei faktisk òg. 

Eg traff Vigdis og hunden oppe ved toppen og slo av nokre ord. Men jammen er det ganske så surt i høgda endå. Ja, ikkje berre i høgda for den del. Skal du sette deg ned må du jammen ha godt med klede med deg.  Og det ser ikkje ut som det blir annleis med det første heller. Men det viktigaste er no trass alt at det er fint vèr. Meldingane for første delen av påska ser flotte ut. Takk og lov for det...!

mandag 18. mars 2013

Stongfjorden-blues

Morgonstemning i Stongfjorden 18/3

Bildet var teke kl 06.27

søndag 17. mars 2013

Eit lite vårteikn

Stordalsfjellet i dag med mobil...

 Øvst i Stordalen

Som forrige søndag gjekk eg opp igjen ruta frå dagen før. Greitt soleis med spora frå dagen før å gå i. Det vil seie så mykje att var det ikkje av dei mange plassar. Effektivt fòke igjen av vind og snø. Så mykje å sjå av raset frå i går var det heller ikkje. Elles var det i grunn mykje likt som i går. Men det bles hardare og fauk ein god del snø. Spesielt øvst i Stordalen, i Porten og på den utesette toppen tek sørausten godt. 

Lat meg få seie at det slett ikkje er vårleg i fjellet endå. Snarare tvert om. Hadde det ikkje vore for at sola stør høgare kunne ein tru det var full vinter. Men eit lite vårteikn såg eg no i dag - 4 snøsporvar testa snøforholda. Like kjekt å sjå desse fuglane kvar gong. Han er ikkje akkurat talrik denne hardføre og nøysame karen... Nøye tilpassa eit liv i fjellet. På ein måte føler eg meg litt i slekt med snøsporven. 

Litt info i etterkant: Eg har mange jakker. Jakker til eit kvart bruk. Men som isolerande, forholdsvis lett, vann- og vindtett kan eg godt slå eit slag for Stoic bombshell jakka. Den er berre super i fjellet no. I desse dagar får du ho for ein god pris på nettet frå USA (hugs det kjem frakt, toll og mva i tillegg)....

lørdag 16. mars 2013

"Jordskjelv"...

Løyste ut dette raset i Porten i dag, men klarte å springe unna...

Eg såg bakken såg skummel ut. Sjølv om han såg aldri så kvit og fin ut. Så eg prøvde meg opp på sida. Men brått høyrdest det ut som torevèr. Alt levde under føtene på meg. Heldigvis var eg nett starta opp, så eg greidde å springe ned att på flata der eg kom i frå og kom meg unna. Men jammen var det ei påminning om at det ikkje alltid er berre berre... Sør-aust vinden hadde lagt ein brote med snø her i lebakken. Og det er jo sjølvsagt på lesida der snøen har fòka seg til det er skummelt. 

Elles gjekk eg innom i øvste delen av Stordalen i dag òg som førre helg. Er ikkje heilt trygg på skaret opp ved Portafjellet no. Det er bratt, isete og stygt utfor. Og sjølv med broddar kan ein gli. Eg valde difor den sikrare og lengre ruta forbi Porten og til Stordalen. 

 Foto frå Stordalsfjellet mot Stongfjorden i dag

Endå ei god påminning i så måte fekk eg oppe på Stordalsfjellet då eg skulle ned igjen i dalen på vestsida... Den tørre nysnøen som hadde lagt seg på isen her gav brått, og eg segla på isen nedover så snøføyka stod. Akkurat her vil ein automatisk stoppe nede på flata ein 50 meter nedunder. Heller er her ikkje stein som ligg i vegen på segleturen pga all snøen, så her ville det i alle tilfelle gått bra, men nok eit varsko var det...  

Som regel er det alltid ned igjen det er skumlast. Då slappar ein mest av i kroppen. Toppen er nådd og ein tenkjer lett på andre ting enn sikkerhet. Greitt med ein test av og til i så måte...  

Elles sprang eg for det meste heilt i Oslandsbotnen igjen. Gjennom laussnø og på skare så sveitten sila... Ei god økt!

Etter å ha fått i meg noko mat og og eit krus kaffi heime, tok eg turen til Askvoll og gjekk på Blåfjellet. Fekk meg ein hyggjeleg prat med Connie H og Jeroen på parkeringplassen. Utstyrsprat, sko, broddar etc. Dei hadde allereie vore opp på fjellet og var vèl nøgde.

 Sauesundet og Lutelandet frå Blåfjellet

Det låg ein del nysnø her nede. Spesielt frå halvveges og opp. Men eg brukte berre dei høge joggeskorna for det. Heilt strålandes. Sat veldig bra på oppover. Varme og gode. Og med dei passelege mengdene med snø som var komne her, sette eg meg berre på rumpa i fleire av bakkane ned igjen. Det gjekk som eit skot. Raskaste turen opp og ned i år...:-) 

 Blåfjellet i dag
 
Foto Stordalsfjellet og Blåfjellet, Askvoll 160313

torsdag 14. mars 2013

Type langflat

 Eit spanande mønster av is

Det vart ein blå ræveballe på Blåfjellet i kveld. Joggesko kombinert med litt for stor fart og ei isflate eg ikkje klarte å stoppe for, eller svinge ut om, gjorde meg sjanselaus. Føtene i høgste lufta og smellen laut ræva og eine albogen ta. Tiendedelen frå når du kjenner det går til pises, og til du registrerer at alle kroppsdeler er heile, er alltid litt ubekvem. Men styrer du på med "need for speed" må du av og til betale prisen. Litt action har eg trong for....:-)

Eg traff forresten folk i dag òg. Anita R som vanleg, og Anita V med ungane oppe ved toppen. Friske og sporty jenter gitt. Men i kveld gjekk det som sagt litt for fort til nokon "close encounters" med damene - det var isen som fekk det i staden...:-)

Fotoserie Fossedalens Dag

Sjekk denne linken her på Fjaler Origo for bilder frå Fossedalens Dag + +

onsdag 13. mars 2013

Dårskapens disiplar



Dagane og åra går fort. Likeeins straumen av nyhende. Bombarderte som vi blir. Det som var nytt i går er gamalt nytt i dag. Det som media og journalistar fann interessant i går, har gått ut på dato i dag. Og slik går no dagane og åra. Stadig fortare.

Kanskje har det difor noko med alderen å gjere kva ein finn verdfullt her i livet? Når vi har alt vi treng. Og kan kjøpe meir og meir av det vi trur vi treng, men som i røyda berre er vekkasta? Gjer pengar, makt og prestisje menneske lukkelege? Kan vi og samfunnet rundt oss "vekse" inn i himmelen? Eller kjøpe oss lukke og vandre lukkelege til dei evige jaktmarkar? Vanskelege og filosofiske spørsmål, ja, men likevel spørsmål eg av og til stiller meg sjølv i det daglege og på fjellturane mine.  La meg skunde meg og legge til at eg verken har forutsetningar eller intensjonar om å finne svara, men enkelte ting veit eg har meir verdi enn andre. Ikkje minst verdien av det evigvarande rundt oss. Vi er trass alt berre gjestar på denne planeten ei kort tid.

De skjønar eg er kraftig provosert. Igjen. Først og fremst over dei som øydelegg det "evigvarande" rundt oss for pengar og prestisje. Lettente pengar. Folk som brukar all si tyngde, pengar og makt til å kneble vanlege folk og deira tankar og idèar om kva som er rett. T.d. i Engebøsaka der aksjonærane i Nordic Mining gjennom sine posisjonar i kommunar og næringsliv, truleg trumfar gjennom ei kortsiktig utbygging og rasering av eit fjell og eit fjordlanskap. Og i tillegg vil dumpe kjemikalier og anna skit i fjorden for å tene seg endå "rikare"... Til kva? Lukke? Eller eit himmelsk ettermæle? Ja så dum er eg at eg spør...

Førdefjorden, Kvammen, Vevring og Engebøfjellet

Dette er berre ei sak. I skrivande stund er den heldigvis sett på vent. Men  umettande gap kjenner eg til... Ja, metodane er akkurat dei same i andre øydeleggjande miljøsaker. Leknesvatna og Grunnevatnet skal eg halde meg unna i denne omgang. Det gjer for ilt endå. Likeeins Stongsvatnet, Oslandsvatnet, Botnastølsvatnet, Svelivatna, Øyravatnet, Bjørnastigvatnet etc etc. Berre i Askvoll. Her eg går mine daglege ruter heimanifrå. Og no ser det ut til å bli kamp om Fossedalsvatnet, Fossedalsfossen, Fossedalselva og Vikafossen - igjen!. Galskap. Det siste vassdraget av noko betydning i kommunen som nokon skal "vekse" seg større og tene pengar på. Til kva? Spør slike berikarar seg same spørsmåla som eg? Mogeleg dei kan kjøpe seg større lukke her på jord enn det eg kan? Eller er dei komne inn i ein spiral i lag med naboen der dei ikkje klarar å hoppe av? Eit vekstsyndrom?

For eigen del er eg ganske så sikker på at vekstfilosofien bør skrinnleggast. Eller tenkjast nøye gjennom. Meir straum, meir forbruk, meir vekst fører til auke i ressursbruk og endå meir øydelagt natur som ikkje kan forsvarast. Naturen har vi til låns ei lita tid. I dag lever vi ikkje i pakt med den. Ein gong vil dette seie stopp av seg sjølv.... Bør ein ikkje seie stopp før? Sjølv om du og eg ikkje er her...?

Gårsdagens nyhende er gjerne ikkje så interessante nei. Inn og ut av øyra og auga i ein fei. Så i dag er det sikkert ikkje spesielt at Småkraft vil byggje ut i Fossedalen, sjølv om dei fekk nei forrige gong. Som ein unge som skrik etter godteri i butikken er det lett å gi etter. For å få fred. Vi er lettpåvirkelege soleis. Maktfolka som sit på pengesekken veit korleis dei skal sukre agna i godtebutikken. Det er jobben deira det. Dei sukrar agn heile dagane. God løn får dei òg. Vi som innser dette er nok berre einstøingar og kranglefantar som ikkje veit vårt eige beste. Og dei fleste gir jo berre blaffen likevel så lenge det ikkje påverkar deira eiga lommebok...!

Det e på`an igjen, på`an igjen  Origo Fjaler

Fossedalen minner

tirsdag 12. mars 2013

Nok ein solnedgang


(Mobilfoto Galaxy 3)
Eg nådde akkurat opp på toppen av Blåfjellet i Askvoll igjen før sola gjekk ned i havet nord for Alden. Fantastisk flott! No var det litt både vind og fòk i lufta, så nokon temperatur til å sette seg ned å nyte omgjevnadane var det ikkje. Ikkje endå iallefall. Det er i grunn vintertemparaturar om dagen og det blir fort kaldt med lite klede og ein sveitt kropp. Men nokre knips med mobilen vart det likevel.

Noko anna er at det framleis mørknar ganske fort når sola går i havet. Så å drøye tida på toppen var ikkje heilt forsvarleg. Men det kjem seg heldigvis til påske når vi får stilt klokka. 
Nysnøen som var komen opp att på skaren og isen var vel kanskje ikkje heilt av det gode. Det vart glattare med ein gong utan broddar. Likevel gjekk det heilt greitt
Elles traff eg fleire stykker oppe i kveld. Eg var ganske sikker på at eg var sistemann opp, men jammen traff eg Anita R nett nedom toppen då eg sprang ned igjen. Flink å gå den jenta no. 

mandag 11. mars 2013

Svipp på Staveneset


Eg tok meg ein liten svipptur på Staveneset etter solnedgang i kveld.
Såg frå stoveglaset at det letta opp igjen og var fine skyer der ute.
Her er såleis eit par bilder.

Elles har eg lagt inn litt ny info om 

søndag 10. mars 2013

Kalde vårdagar

Posering på Stordalsfjellet...:-)

Ja, eg gjekk opp igjen akkurat same ruta i dag som i går. Dvs. på Stordalsfjellet. For tur nr 2 kuttar eg ut i dag. Vi ventar huset fullt i folk i ettermiddag. 

Turen var vel så og seie identisk med i går. Eg starta på same tidspunkt og kom ned igjen på same tid. Før mange hadde stått opp kan eg tenke meg... Isande kald vind og minus 5 i Oslandsbotnen kl 08. På toppen og i Porten var det nok meir...!

Eg har rekna ut at det tidsmessig skal gå akkurat å gå opp etter arbeid og kome ned igjen før det blir mørkt. Iallefall slik forholda er no med skare, is og litt fòksnø. Men det er jo er eit stykke opp frå Oslandsbotnen. Å starte på denne turen svolten og trøtt, er kanskje ikkje det luraste ein gjer. Vi får sjå dagane an... Og snart er det lyst lenge ! Så mykje elles er det vel ikkje å seie. Det gjekk radig opp og ned som i går. 

Mykje is på den ovale toppen på Stordalsfjellet no...

lørdag 9. mars 2013

Sol, snø og fjell

 Kultingane og Fristadfjellet fremst. Bak ligg Moldura Kalderasnipane og Dokka.
 Granesundet t.v. og Stavenesodden

Seinare på dag i dag tok eg med meg Peter til Askvoll så han fekk besøke eit par kompisar medan eg stakk oppom Blåfjellet igjen. Eg sprang heile vegen ned igjen med dei nye Salomon-skorna. Det er litt hardt og isete mot toppen frå austsida. Om ettermiddagane ligg ruta opp her i frå unna sols. Nydeleg tur i nydeleg vèr sjølv om søraustvinden var isande kald. 

I morgon blir det 13 års feiring på Peter med besøk frå Dale og Førde på ettermiddagen. Han er tenåring den 12. Men eg har planar om ein tur på Stordalsfjellet igjen i morgon tidleg før innrykket.