søndag 24. februar 2013

Rein påskemorgon

Stordalsfjellet kl 09.20 i dag.
Vardeheia t.v. bak.

Eg gjekk meg ein fantastisk flott morgontur opp igjen på Stordalsfjellet i dag tidleg. Men i dag kutta eg ut skaret på sørvest-sida av Portafjellet. Det var så isete og hardt i går at eg ikkje likte det heilt. Det er skummelt bratt utfor her, og siglar du... Jaha! Dett var dett...! Og stegjerna orka eg ikkje dra på. I det heile teke drog eg ikkje på noko anna enn det eg stod og gjekk i. Lettast mogeleg for ein kjapp tur. 

Eg gjekk difor innom Porten til øvst i Stordalen i dag. Ruta som eg kom ned att frå Stordalsfjellet i går, før eg gjekk på Vardeheia. Og her var det utruleg flott i dag tidleg. Skikkeleg solinnstrøyming frå sør og blikk stille. Dei sørvende bakkane og hamrane låg bada i sol. Rein påskestemning på morgonen. 

Ho er litt lenger denne ruta på Stordalsfjellet enn eit par av dei andre. Men for turen sin del er ho klårt å føretrekkje. Det er fantastisk flott her øverst i Stordalen. Og ikkje minst for sola sin del er dette ei flott rute! Knallvarmt i solhellinga.

 Fantastisk flott i Stordalen i dag tidleg

Eg toppa greitt ut Stordalsfjellet omlag 9.15. Tidleg. Men sidan eg skal ein tur til Dale og feire far min passa det best slik. Eg likar no helst å vere tidleg ute òg..:-) 

Tilbake på vestsida av Portafjellet, der eg miste sola att, sprang eg like godt heilt i Oslandsbotnen igjen på skaren. Ja, eg var faktisk heime igjen før 10.30....:-) Perfekt morgontur!

Og heime er det vår i lufta


Ingen kommentarer: