tirsdag 12. februar 2013

I blåtimen

Flott lys over Stongfjorden i kveld.
Sola går stadig ned lenger mot nordvest.

Eg bestemte meg i dag for å ta nokre ekstra runder på Indrevågefjellet. Og undervegs opp i ettermiddag lurte eg på om ikkje denne turen var den hardaste denne sesongen. For jau saug den lange og bratte bakken opp frå Osland. Både i lunger og i føter. Eg tenkte på det etterpå at det gjerne var dumt å forsere frå hammaren og opp med trugar. Den mjølliknande snøen i bratta gav ikkje feste for jarna, men eg baksa meg no opp, vel vitande at trugane var gode å ha frå toppen av bakken og austover til varden.

Eg fekk likevel anledning til å nyte det praktfulle lyset i blåtimen før det vart mørkt. Ned igjen måtte nemleg hovudlykta fram. Det var nydeleg ute i havet.. Og flott himmel i sør ved Portafjellet, Vardenova, Røyrbotnholten, Smørskornova og over Skålefjellet. Fantastisk! 

2 kommentarer:

Linda Merethe sa...

Du har ein kjempeflott blogg :-)Artig å følge med :-)

Unknown sa...

Takk for kompliment Linda Merethe. Kjekt med ein koseleg kommentar! Blir sett pris på....:-)