søndag 3. februar 2013

Ei frisk helg

Tuppen på Størdalsstauren

Litt av ein søndag. Ja, litt av ei helg! I dag var det reine snøstormen i bygene her. For ikkje å nemne oppe i fjellet. Gòvet stod langs Yndestadhøgeheia i føremiddag. Duren av vinden i fjellsida var intens. Av erfaring veit eg akkurat korleis det er her oppe då. Så eg la alle turplanar tilsides, fyrte i ovnen og sov frukost....:-) Å sove frukost er egentleg ein herleg tilstand. Stå opp til vanleg tid, fyre i ovnen, ta seg ei grautaskål for deretter å dorma av til knitringa og lyset frå peisen medan ein ventar på dagslyset. Ei god helgastund det...

Vel, eg vart rastlaus ut på dagen. Og vinden gav seg litt. Så eg tok like godt turen opp igjen på stauren i dag òg. Vinden hadde snudd mot søraust og rennefòket stod etter fjellsida oppe ved Langedalen. Og i øvste skaret eg brukar å gå opp, rakk snøen meg til skrevs. Alt hadde blese ned i slukta her. Eg tenkte overhode ikkje på ras då eit heilt flak losna. Heldigvis stoppa det igjen etter eit par meter. Eg var deretter rask med å bakse meg ut av snøen og kome meg opp på ein sida... Søtten ikkje å spøke med dette...

Lenger oppe, på veg vestover, var det eit inferno av rennefòk. Det hylte etter fjellet frå søraust. Ein einaste vegg som eg fekk inn frå sida. Men der viste den nye Stoic-jakke seg suveren. Med berre ei Brynjetrøye inn under var eg god og varm. Den heldt vinden heilt supert ute. Og med briller rundt auga og jarn under føtene, var det nesten berre kosen. Moroa var å halde seg på beina i verste vindkasta. 

Ned igjen gjekk det i grunn like greitt. No med rennefòket frå hi sida. Eg passa meg vèl nede i skaret, så eg ikkje løyste ut noko meir snø. Artig tur med litt grunn til ettertanke. 

Ingen kommentarer: