Facebook

tirsdag 26. februar 2013

Det e på'an igjen, på'an igjen...


Her er demningen og vassinntaket til kraftutbygginga i Fossedalen tenkt.

Følgjande innlegg har gått til papirutgåva av FIRDA i dag:

Småkraft vil igjen søkje NVE om konsesjon til kraftutbygging i Fossedalen. I denne omgang vil dei byggje kraftstasjon i Fossevikja med innslag av tunnel/sjakt til Fossedalsvatnet. Ved det gamle naustet ved Fossedalsvatnet skal det byggjast vassinntak, der vatnet skal førast i tunnel til kraftstasjonen i Fossevikja. For å få dette til vil ein mure demning over svaberget til utløpet mot Fossedalsfossen. Utbygginga er rekna til 19 GWh, eller straum til ca 950 husstandar. Kva denne utbygginga vil gjere med Fossedalsfossen, Fossedalselva, lonane gjennom Fossedalen og Vikafossen med sitt utløp til Dalsfjorden, kan no kvar og ein tenkje seg. (Utan å kome inn på dette no er konsekvensane grundig dokumenterte av Fossedalens Vener frå før).

I 2006 leverte Fossedalens Vener inn over 1500 underskrifter (seriøse) mot kraftutbygging i Fossedalen til ordføraren i Askvoll. Samtidig sa kommunestyra i Askvoll og Fjaler nei til kraftutbygging. Men eit nei er tydlegvis ikkje eit nei for Småkraft i denne saka. Dei vil på ny sende søknad om utbygging til NVE til våren. Denne gongen har dei egna ongelen med gjestehamn i Fossevikja og utvikling av Fossedalen som turområde(!) Ja, hjelp til gangsti frå den nye Dalsfjordbrua skal det visst bli råd med òg(!) Så spørst det om kommunepolitikarane vil bite på denne gongen? Eller blir dei rett og slett irriterte over arrogansen? For her er framleis ikkje fastbuande i Fossedalen. Og landskaps- og kulturverdiane er vel dei same som då det vart sagt nei for få år sidan? Ja, på dugnad er det opparbeidd både ny bru og utbetring av stinett på DNT-ruta frå Fossevikja til turlagshytta Nipebu.

Det er elles verdt å merke seg at det fantastisk flotte naturområdet på nordsida av Dalsfjorden vil opne seg opp på ein heilt annan måte enn tidlegare når Dalsfjordbrua står ferdig. Eit turrlagt fosselandskap gjennom Fossedalen er kanskje ikkje det turgåarar og turistar ser føre seg som verdfullt…

NVE lyt i dag seie nei til fleire og fleire kraftutbyggingar. Og nyleg gjekk dei ut i media og oppfordra søkjarar om å droppe kontroversielle prosjekt. Både fordi dei beste prosjekta er utbygde, og fordi det er lang ventetid på nye søknader. For underteikna verkar det difor merkeleg at Småkraft ikkje har innsett at ei utbygging i Fossedalen er dødfødt. Men det er mogeleg selskapet har god råd? Faktum er at den nye søknaden berre opptek kapasitet og fører til meirarbeid i NVE. Arbeidsinnsats som bør nyttast til meir seriøse prosjekt enn i Fossedalen.

Gustav Skaar
Stongfjorden/Dale

Fossedalen minner her


Legg inn en kommentar