Facebook

tirsdag 26. februar 2013

Fine kveldar

Solnedgang på Yndestad og i Størdal 26/2-13
(Foto smarttelefon Galaxy 3)

Det e på'an igjen, på'an igjen...


Her er demningen og vassinntaket til kraftutbygginga i Fossedalen tenkt.

Følgjande innlegg har gått til papirutgåva av FIRDA i dag:

Småkraft vil igjen søkje NVE om konsesjon til kraftutbygging i Fossedalen. I denne omgang vil dei byggje kraftstasjon i Fossevikja med innslag av tunnel/sjakt til Fossedalsvatnet. Ved det gamle naustet ved Fossedalsvatnet skal det byggjast vassinntak, der vatnet skal førast i tunnel til kraftstasjonen i Fossevikja. For å få dette til vil ein mure demning over svaberget til utløpet mot Fossedalsfossen. Utbygginga er rekna til 19 GWh, eller straum til ca 950 husstandar. Kva denne utbygginga vil gjere med Fossedalsfossen, Fossedalselva, lonane gjennom Fossedalen og Vikafossen med sitt utløp til Dalsfjorden, kan no kvar og ein tenkje seg. (Utan å kome inn på dette no er konsekvensane grundig dokumenterte av Fossedalens Vener frå før).

I 2006 leverte Fossedalens Vener inn over 1500 underskrifter (seriøse) mot kraftutbygging i Fossedalen til ordføraren i Askvoll. Samtidig sa kommunestyra i Askvoll og Fjaler nei til kraftutbygging. Men eit nei er tydlegvis ikkje eit nei for Småkraft i denne saka. Dei vil på ny sende søknad om utbygging til NVE til våren. Denne gongen har dei egna ongelen med gjestehamn i Fossevikja og utvikling av Fossedalen som turområde(!) Ja, hjelp til gangsti frå den nye Dalsfjordbrua skal det visst bli råd med òg(!) Så spørst det om kommunepolitikarane vil bite på denne gongen? Eller blir dei rett og slett irriterte over arrogansen? For her er framleis ikkje fastbuande i Fossedalen. Og landskaps- og kulturverdiane er vel dei same som då det vart sagt nei for få år sidan? Ja, på dugnad er det opparbeidd både ny bru og utbetring av stinett på DNT-ruta frå Fossevikja til turlagshytta Nipebu.

Det er elles verdt å merke seg at det fantastisk flotte naturområdet på nordsida av Dalsfjorden vil opne seg opp på ein heilt annan måte enn tidlegare når Dalsfjordbrua står ferdig. Eit turrlagt fosselandskap gjennom Fossedalen er kanskje ikkje det turgåarar og turistar ser føre seg som verdfullt…

NVE lyt i dag seie nei til fleire og fleire kraftutbyggingar. Og nyleg gjekk dei ut i media og oppfordra søkjarar om å droppe kontroversielle prosjekt. Både fordi dei beste prosjekta er utbygde, og fordi det er lang ventetid på nye søknader. For underteikna verkar det difor merkeleg at Småkraft ikkje har innsett at ei utbygging i Fossedalen er dødfødt. Men det er mogeleg selskapet har god råd? Faktum er at den nye søknaden berre opptek kapasitet og fører til meirarbeid i NVE. Arbeidsinnsats som bør nyttast til meir seriøse prosjekt enn i Fossedalen.

Gustav Skaar
Stongfjorden/Dale

Fossedalen minner her


søndag 24. februar 2013

Rein påskemorgon

Stordalsfjellet kl 09.20 i dag.
Vardeheia t.v. bak.

Eg gjekk meg ein fantastisk flott morgontur opp igjen på Stordalsfjellet i dag tidleg. Men i dag kutta eg ut skaret på sørvest-sida av Portafjellet. Det var så isete og hardt i går at eg ikkje likte det heilt. Det er skummelt bratt utfor her, og siglar du... Jaha! Dett var dett...! Og stegjerna orka eg ikkje dra på. I det heile teke drog eg ikkje på noko anna enn det eg stod og gjekk i. Lettast mogeleg for ein kjapp tur. 

Eg gjekk difor innom Porten til øvst i Stordalen i dag. Ruta som eg kom ned att frå Stordalsfjellet i går, før eg gjekk på Vardeheia. Og her var det utruleg flott i dag tidleg. Skikkeleg solinnstrøyming frå sør og blikk stille. Dei sørvende bakkane og hamrane låg bada i sol. Rein påskestemning på morgonen. 

Ho er litt lenger denne ruta på Stordalsfjellet enn eit par av dei andre. Men for turen sin del er ho klårt å føretrekkje. Det er fantastisk flott her øverst i Stordalen. Og ikkje minst for sola sin del er dette ei flott rute! Knallvarmt i solhellinga.

 Fantastisk flott i Stordalen i dag tidleg

Eg toppa greitt ut Stordalsfjellet omlag 9.15. Tidleg. Men sidan eg skal ein tur til Dale og feire far min passa det best slik. Eg likar no helst å vere tidleg ute òg..:-) 

Tilbake på vestsida av Portafjellet, der eg miste sola att, sprang eg like godt heilt i Oslandsbotnen igjen på skaren. Ja, eg var faktisk heime igjen før 10.30....:-) Perfekt morgontur!

Og heime er det vår i lufta


lørdag 23. februar 2013

Sunshine reggae

Morgonstemning ved Porten.
Første solstrålane for dagen på Skålefjellet.

Eg valde meg ein lørdagstur på Stordalsfjellet igjen i dag. Perfekte forhold med skare. Eg valde difor berre skorna som fotty. Nokon spesiell skientusiast er eg ikkje. Og når forholda er som dei er her ute, likar eg best å springe på skaren. Du kjem deg fort fram med det, både opp og ned egentleg. Så slepp du å kave i småskog, einer, stein og anna, ja, så har du mindre tyngde på føtene òg...

Eg gjekk opp den vanlege ruta frå Oslandsbotnen. Klokka var såvidt passert 7.30 då eg starta. Nydeleg kaldt vintervèr. Raskt opp Brekka for å få varmen i meg. Forbi Botnastølen og opp i Porten. Bakkane her gjekk glimrande med broddar under skorna. Men obs obs - skaret opp under Portafjellet på sørvestsida er ganske skummelt. Bratt utfor her og ganske isete. Det gjekk forsåvidt greitt opp med litt fuglar i magen, men tankane gjekk til turen ned igjen... Det var egentleg då eg besteme meg for å gå rundt og ned i vestlege delen av Stordalen, og ta med meg Vardeheia på same turen. Så slapp eg ned igjen skaret, og samtidig fekk eg meir ut av turen. Eg toppa deretter greitt ut Stordalsfjellet. 

Det var sjølvsagt fantastisk å endeleg kome opp i sola etter å ha gått i skuggen opp hit. Heilt fantastisk flott. Glitrande snø og skare. 

Den vidare ruta opp på austsida av Vardeheia gjekk perfekt. God skare og lett å kome seg opp. Det var ei stund sidan eg hadde vore her. Eg vart såleis minte på kor flott utsikta er her i frå. Eg laga difor ein videosnutt. Sjå her: 



Eg tok ruta meir mot nord til Porten ned igjen. Sekken hadde eg sett att her nede, då eg fann ut at det ikkje var noko å dra på. Likeeins trugane som var unødvendig tyngde i dag. Så lett som eg følte meg sprang eg mesteparten av vegen til Oslandsbotnen igjen. Klar for Ski-VM...:-)

Elefanten Babar ser til Vårdal i dag

Foto Stordalsfjellet og Vardeheia 230213

fredag 22. februar 2013

Perfekt avslutning


Siste turen på Indrevågefjellet vart som reine happy endinga på ein film. Perfekt avslutning. Rein luksus og glede. Fantastisk kveldsol oppe ved toppen. Ja, eg kunne ikkje ønskt meg ein finare ettermiddag i slutten av februar. Til og med snøen smelta i sola som stod der ute i vest. 

Eg sette meg ned nokre minuttar oppe på bakkekanten og sa farvel til både sola og Indrevågefjellet. I denne omgang. Sola ser eg nok igjen i morgon - Indrevågefjellet blir det nok ei stund til eg går oppom igjen. No er det andre fjell som gjeld...:-)

Tenn en varde for oljefrie områder!

Tid: 23.02.2013 kl. 12:00-22:00


Sted: Over hele landet

En kald vinterdag i 2011 ble vardene tent for et oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja på over 50 steder over hele landet. Signalet var sterkt, og i mars samme år bestemte regjeringen at områdene skulle holdes oljefrie. Nå trengs det nok en gang at alle oljemostandere samler seg for et fortsatt oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja!

les her

Cracking Land 2

Eg laga ein oppfølgar til Cracking Land. Den første vart relativt lang, så denne er noko kortare. Betre med to, tre korte ein lang kanskje?

torsdag 21. februar 2013

Ei dame på fjellet

Mot nordvest frå Indrevågefjellet.
Fremst ligg Svanøy deretter Askrova t.v.
Bakerst ligg Kinn, Reksta, Skorpa, Batalden og Hovden.
Florø t.h.

Ja forsyne meg dukke det opp ei dame over kanten på fjellet då eg stima oppover i stad. Åleine. I halvskyminga. Ned brattaste bakken på knallhardt underlag og is. Eg sperra i grunn opp auga litt. Eg gjekk tilmøtes, og jammen dukka Anita R. opp. Smilande med raudmussa kjakar. Så mange setningane veksla vi ikkje. Til det hadde ho nok brukt opp si tilmålte tid. Men vidare oppover sat iallefall kjensla seg fast i meg med at ho var ganske tøff. Det er ikkje berre, berre opp i der no. Spesielt ned igjen bratta og hamrane. 

Så det var dagens beholdning på Indrevågefjellet. På nok ein tur. Det var tredje denne veka, og så var det vel to gonger forrige helg. Det er i grunn nok her oppe no. Snart iallefall...:-) Eg lyt ta til på noko lenger sør...! Og her har eg ein jobb å gjere framover...! Men Rom var ikkje bygd på ein dag...:-)  

onsdag 20. februar 2013

Skareis


Fin tur opp igjen på Indrevågefjellet i ettermiddag òg. Same procedure som i går. I dag var det berre endå meir frose på overalt. Som forventa etter regnet forrige helg. Men det gjekk veldig lett og greitt opp med broddar. Ikkje minst takka vere dei gode spora eg laga tidlegare når snøen var blaut. Spesielt oppe i den no beinfrosne bakken mot toppen av stigninga over Osland. Det svarar seg alltid å ha nokre gode "trappetrinn" i snøen i brattene når det frys på...! 

Ovanfor brattbakken og innover mot toppen er det knallhard skare og is. Ikkje akkurat skiføre, men veldig greitt å ta seg fram til fots. Vel og merke med broddar. Og spesielt ned igjen...!

tirsdag 19. februar 2013

Mildt og isete

Eg bestemte meg for ein tur oppom Indrevågefjellet på veg heim etter jobb i dag. Eg skifta difor til fjellklede på jobb før eg køyrde ut att. Då sparer eg ein liten halvtime. Den er god å ha før det mørknar.

No vart ikkje vèret så bra som det såg ut til tidlegare på dag. Ja, faktisk tjukna det til så pass at eg fekk på meg ei aldri så lita snøbyge oppe på toppen. Men det var no for bagatellar å rekne. 

Heilt bagatellmessige var ikkje snø og isforholda. Det såg så greitt ut nedanfrå fylkesvegen, men lenger oppe var det som rekna med glatt. Det meste av snøen lengst nede i den lange og bratte bakken var forsvunnen. Men det var ikkje telen. Så grasbakkane var nærast for is å rekne. Lenger oppe var det hard skare og is - alt etter som. Broddar er absolutt påkreve slik forholda er her ute i høgda no. Som så mange ganger før. Fjella ved kysten artar seg oftast slik om vinteren. Snaublesne, med snø, regn og kulde om eitt anna. 

Elles er det vel ikkje så mykje å nemne. Greitt opp og ned. Og no slepp eg bruk av hovudlykt òg... Det går akkurat utan ved å stå på litt ekstra....:-)  

mandag 18. februar 2013

Cracking Land

Eg har i kveld sydd saman ein ny stillfilmserie av naturbilete frå dei siste åra. 
Filmen har eg som før lagt ut på YouTube med musikk. 
God fornøyelse.


søndag 17. februar 2013

Vått og godt


Det er/blir mykje is på Indrevågefjellet no...

I silande regnvèr stakk eg oppom Indrevågefjellet i dag òg. Ein søndag utan ein luftetur er ikkje heilt søndag...:-) Men jau var det blitt ganske blautt etter natta. Over Vågeskardet var det nesten rein sørpa med væte. Lenger oppe i bakkane låg det tung snø i fonner. Austover fjellet låg det våt is. Eg tenkte med meg sjølv at her skal det bli liv når det no frys på att. Etter meldingane å dømme skal det bli bra over helga, og då veit vi kva som skjer. Is og atter is, og heller dårleg med skiføre. For i dag regna det heilt til topps. 

Elles kom eg meg greitt opp og ned sjølv om det var vått. Heldigvis var det relativt stilt. Berre i ei ganske tynn Rab-softshell bukse heldt eg akkurat varmen. Ei stund tenkte eg -  ja kanskje hadde det vore ein fordel med ein stillongs under. Men no tek ikkje denne turen så allverda med tid når du står litt på...:-)

lørdag 16. februar 2013

"En temmelig vill en..."




Eg tok morgonturen opp igjen på Indrevågefjellet. I eit temmeleg heftig rennefòk frå søraust. Spesielt oppe på fjellet og austover var det skikkeleg spenst i det. Heldigvis hadde eg med meg brillene. Då går det fint om ein klarar å orientere seg. No var det vel ikkje noko særleg nedbør i dag tidleg, så sikta var nokolunde bra inn att i mellom. 

Om det blir noko meir tur i dag får eg sjå. Det står no ikkje på heller. Skiskyttarstafetten må eg iallefall få med meg. Men litt frisk luft gjer seg jo kanskje etterpå - hvis vèret er nokolunde...:-)

fredag 15. februar 2013

Snodige formasjonar

Ytrevågefjellet

I ettermiddag var eg igjen oppom Indrevågefjellet etter arbeid. Med klede i bilen, skifta eg før eg køyrde ut igjen, og sparde meg turen heimom for å byte. 

Det var ein ganske frisk tur. Noko fòk oppe på fjellet. Her er underlaget no mest skare og is. Og nokre artige snøformasjonar her og der. Men lenger nede viste spora frå hin dagen. Eller det vil seie ikkje oppe i øverste partiet av den lange og bratte bakken, der vinden har røska rundt med snøen i alle slags former.

Som tenkt var det ikkje bruk for verken trugar eller ski. Men broddane var gode å ha. Av tryggleiksomsyn. Men også fordi ein sparer krefter på å ikkje gli så mykje i bakkane. Fin trimtur!

torsdag 14. februar 2013

Siste tur...her...

Gamle fotafar har fått ny form...
 
Ja, vèr og vind har teke godt på nordaustsida av Størdalsstauren dei par siste dagane. Søraust-vinden har polert ytene, så no var området her nesten berre skare og is. Etter kva eg merka heime er det først og fremst i natt det har gått ei kule varmt her oppe. Bildet ovanfor, teke i dårleg lys med mobilen, viser det som er att frå spora i snøen frå søndag. Artig kva kunstverk naturen skaper.

Som første fjelltrimtopp i år kom eg meg opp og ned etter arbeid utan bruk av hovudlykt. Så no går det heldigvis rette vegen med dagslyset. Det er jo ein jobb og springe i fjellet på ettermiddags- og kveldstid i mørkna. Men slik er det no ein gong når ein går i full jobb og pendlar i tillegg. Å halde seg i form er viktig. Det paradoksale er at dette truleg var siste turen på stauren på ei god stund. Nokre turar til på Indrevågefjellet, så må lyset nyttast til andre fjell som ligg litt lenger unna...:-)

tirsdag 12. februar 2013

I blåtimen

Flott lys over Stongfjorden i kveld.
Sola går stadig ned lenger mot nordvest.

Eg bestemte meg i dag for å ta nokre ekstra runder på Indrevågefjellet. Og undervegs opp i ettermiddag lurte eg på om ikkje denne turen var den hardaste denne sesongen. For jau saug den lange og bratte bakken opp frå Osland. Både i lunger og i føter. Eg tenkte på det etterpå at det gjerne var dumt å forsere frå hammaren og opp med trugar. Den mjølliknande snøen i bratta gav ikkje feste for jarna, men eg baksa meg no opp, vel vitande at trugane var gode å ha frå toppen av bakken og austover til varden.

Eg fekk likevel anledning til å nyte det praktfulle lyset i blåtimen før det vart mørkt. Ned igjen måtte nemleg hovudlykta fram. Det var nydeleg ute i havet.. Og flott himmel i sør ved Portafjellet, Vardenova, Røyrbotnholten, Smørskornova og over Skålefjellet. Fantastisk! 

søndag 10. februar 2013

Early bird...

Stordalsfjellet i dag tidleg

Eg gjekk tidleg på Stordalsfjellet igjen i dag. Eg ville ha med meg skiskytinga på Tv. Så det enda opp med at eg toppa ut kl 9.15. Det var jo tidleg nok. Spesielt då eg i dag tok skia og brukte kortare tid enn i går. Iallefall ned igjen...:-) 

Elles var det friskt der oppe såpass tidleg. Ein sur søraust trekk svei i kjakane. Eg kom meg difor raskt ned igjen på nordvest-sida der vinden tok litt mindre. Her fekk eg skifta på meg nokre tørre klede. Brynje-trøye inst og Rab-dyn ytst. Livet skein. Og eg tok meg ein song...:--) Så bar det ned att i Oslandsbotnen same vegen. Litt obs i det isete skaret ved Portafjellet. Her er det bratt utfor...

Etter å ha fått med meg nok eit norsk gull i skiskyting, stakk eg like godt oppom Størdalsstauren i dag òg. Før middag. Så ein kvil på auget etter kalkunen. Deretter smakte fastelavnsbollane perfekt. Nydeleg søndag...!
Størdalsstauren i dag

Hesjestreng kan nyttast til så mykje. Skjønt hesjing er det vel få som driv med i dag. 
Og mange veit gjerne ikkje kva det er i det heile teke.
1 stk Yaktrax XTR Extreme består no mest av hesjestreng og mindre av originalmateriale...:-) 
 I sanning Extreme...


lørdag 9. februar 2013

Nydeleg februar-lørdag

Fantastisk på Stordalsfjellet i dag

Eg tok den vanlege ruta på Stordalsfjellet i dag tidleg. No utrusta med trugar. Det vart ein relativt seig tur opp i laussnøen. I den lange og bratte bakken under Portafjellet måtte eg puste på eit par gonger. Og i det bratte skaret på vestsida tok eg trugane av meg og gjekk opp i berre skorna. Trugane sette eg like godt att her. 
Det var kjempeflott på toppen. Nesten heilt vindstille og sol. Men det vart sjølvsagt fort kaldt, så eg bytte alle kleda på overkroppen. Så gjekk eg ned att same vegen. 

Etter å ha fått med meg sprinten i skiskytinga heime, med gull som resultat, kjende eg meg så lett og god i kroppen at eg tok turen oppom Størdalsstauren òg. I gode spor frå siste dagane. Nydeleg der oppe òg. Og litt kjekt å gå opp i godt dagslys utan hovudlykt i lomma. 

På linken inn under ligg det bilder frå begge turane.

No gjenstår det overnattingsbesøk her heime for tre små tytter inna i Gjerda...:-) Kjempeflott lørdag.

Yndestad i dag


P.S. I kommentaren til videoen bomma eg visst litt på datoen. Det er ikkje den 7. i dag, men 9. 
 Det kokar ofte litt i topploket under desse videoseansane,,,:-)

fredag 8. februar 2013

Vintergleder

Nydeleg tur på Stauren igjen i kveld...:-)

onsdag 6. februar 2013

Nye spor

 
Trugespor på Stauren i kveld

Det ante meg med ein gong at det hadde vore ein lokal kjendis ute og gått... For nye spor nede ved vegen, som bar vidare opp ruta mot Moldura, fortalde sitt tydlege språk. Så mange andre enn hjorten, Ansgar Bjarne og underteikna er det ikkje som går her på sørsida av Stongfjorden no. Og iallefall ikkje frå Neset. Når så det kom att trugespor aust frå Langedalen lenger oppe, var det iallefall ikkje lenger tvil. Ansgar Bjarne hadde gått opp den ruta han fortalde meg om for ei stund sidan. Kanskje eg føl denne i morgon. Eg får sjå om det blir tur då for eg får nemleg den nye bilen... 
 
Det gjekk mykje lettare opp i dag enn i går. Sidan det berre hadde vore eit lett snødryss i løpet av natta, var spora frå i går tydlege, om ikkje heilt faste. I tillegg var trugespora oppe ved toppen gode å trakke i. Snøen vart litt fastare med dei. Spørst om eg ikkje får finne fram mine eigne til helga for då skal eg på Stordalsfjellet. Ja, kanskje ein lenger tur på ski. Vèrmeldingane er heldigvis veldig flotte...

Ansgar Bjarne 29/1-12. Moldura bak.

tirsdag 5. februar 2013

Blodslit


Eg hadde sett føre meg to dagar med dårleg vèr, og ein liten turpause, men slik vart det ikkje. For vèret var brukbart då eg kom heim igjen frå jobb i dag. Og då vart lysta på ein tur stor. Så eg gjekk opp igjen på min faste plass i det siste. Men du verda kor tungt det vart opp. Eg gjekk til knea i djup nysnø i brattaste partiet opp. Pusten gjekk som ein blåsebelg. Men å gje seg var sjølvsagt ikkje noko alternativ. Opp skulle eg.

No ligg det minimalt med snø på sør og vestsida og opp. For mesteparten har blese over på nordsida av fjellet. Kortare er det òg opp den vegen. Det får no stå si prøve. Turar som i kveld er no for trimmen sin del likevel...


søndag 3. februar 2013

Ei frisk helg

Tuppen på Størdalsstauren

Litt av ein søndag. Ja, litt av ei helg! I dag var det reine snøstormen i bygene her. For ikkje å nemne oppe i fjellet. Gòvet stod langs Yndestadhøgeheia i føremiddag. Duren av vinden i fjellsida var intens. Av erfaring veit eg akkurat korleis det er her oppe då. Så eg la alle turplanar tilsides, fyrte i ovnen og sov frukost....:-) Å sove frukost er egentleg ein herleg tilstand. Stå opp til vanleg tid, fyre i ovnen, ta seg ei grautaskål for deretter å dorma av til knitringa og lyset frå peisen medan ein ventar på dagslyset. Ei god helgastund det...

Vel, eg vart rastlaus ut på dagen. Og vinden gav seg litt. Så eg tok like godt turen opp igjen på stauren i dag òg. Vinden hadde snudd mot søraust og rennefòket stod etter fjellsida oppe ved Langedalen. Og i øvste skaret eg brukar å gå opp, rakk snøen meg til skrevs. Alt hadde blese ned i slukta her. Eg tenkte overhode ikkje på ras då eit heilt flak losna. Heldigvis stoppa det igjen etter eit par meter. Eg var deretter rask med å bakse meg ut av snøen og kome meg opp på ein sida... Søtten ikkje å spøke med dette...

Lenger oppe, på veg vestover, var det eit inferno av rennefòk. Det hylte etter fjellet frå søraust. Ein einaste vegg som eg fekk inn frå sida. Men der viste den nye Stoic-jakke seg suveren. Med berre ei Brynjetrøye inn under var eg god og varm. Den heldt vinden heilt supert ute. Og med briller rundt auga og jarn under føtene, var det nesten berre kosen. Moroa var å halde seg på beina i verste vindkasta. 

Ned igjen gjekk det i grunn like greitt. No med rennefòket frå hi sida. Eg passa meg vèl nede i skaret, så eg ikkje løyste ut noko meir snø. Artig tur med litt grunn til ettertanke. 

lørdag 2. februar 2013

Romantisk time

Størdal i ettermiddag

Eg hadde ei slags uforløyst kjensle etter turen nede i Askvoll i stad. Eg tok difor turen opp igjen på stauren i ettermiddag. For å få rennefòket ut av systemet...:-) Vel, opp på stauren veit eg nesten kvar eg skal sette neste steg i blinde etterkvart. Men jammen låg det ganske bra med snø oppe i bratta på nordsida. Fin trim det.

Heldigvis heldt verste nordabygene seg unna på denne turen. Litt fòk var det på toppen. Men det var bagatellmessig. I allfall i forhold til i dag tidleg. Elles vart det veldig fint lys ute i havet. på veg ned igjen. Litt synd at det ikkje kom oppe på toppen. Men etter denne dagen var eg i grunn nøgd med det eg til slutt fekk...


Maniac-byge


...etter ei maniac-byge...

Eg skulle køyre Peter og Andreas på fotballturnering i Askvoll i dag tidleg. Men no var Peter blitt sjuk, så då vart berre Andreas med til Askvoll. I det høve ville eg stikke ein rask tur oppom Blåfjellet. 

No vart det ikkje heilt slik nei. Det låg jo ein bra porsjon med snø oppover. Det var no so. Men då eg nærma meg toppen kom det ei slik grassat nordagbyge med kuling og snø at eg ikkje såg ein skit. Alt vart eit einaste gòv. Så eg fann meg likegodt ein stein og ville vente av byga. Den varde og rakk! Vinden hylte rundt øyra. Rennefòket piska kroppen. Og etter eit kvarter var eg sjølvsagt iskald. Ekstra klede hadde eg ikkje med. Så då la eg berre til palings ned igjen bakkane med drèvet midt i mot. 

Litt lenger nede fann eg att spora mine på veg opp. Så då sprang eg heile vegen til bilen igjen. I snø, sørpe og is. Når eg så kom dit, skein sola på dei kritkvite toppane bak meg. Det var ikkje heilt min dag. Fjellet ville ikkje ha meg. Så eg køyrde heim igjen...