lørdag 26. januar 2013

Vèrskifte


Mobilbilder Stordalsfjellet

Som forrige lørdag og søndag tok eg turen på Stordalsfjellet i dag. Vèrskiftet er eit faktum. Og minusgrader er blitt til ei pluss grad heime. I tillegg er det kome nokre centimeter med snø. 

Snøen har fòke seg bra til i den bratte bakken opp under Portafjellet. Det blir sjølvsagt tyngre å gå når du må vabbe i nysnø. Det ligg òg ein heil del snø på sørsida av fjellet, og aust mot Stordalsfjellet. Men der vinden har fått tak er det snaublese og berre mark og stein. 
 
Vinden tok ganske bra oppe på toppen i dag. Den har mykje kjøleeffekt i seg. Er du sveitt på førehand blir du iskald på eit blunk... Eg hadde med ekstra tørre klede, men valde å springe ned igjen utan å skifte. Det er ikkje alltid like moro å kle seg naken under slike omstende heller....:-)

Nede i Porten, og på veg opp, traff eg Dag Tore. Han var sin sedvanlege tur han òg. Vi slo av ein liten prat om laust og fast, men fjellet å denne tid av året er vel ikkje den mest eignelege plasse for slikt, så passiaren vart av det korte slaget. Fin trimtur i allefall...!

Ingen kommentarer: