mandag 21. januar 2013

Turn around

Nope, eg gir opp Yaktrax xtr broddane. Same kor mykje extreme dei kallar seg. Innpakninga er fin. Reklamen likeeins. Men eg trur neppe dei har vore testa på røff bruk i vestlandske vinterfjell...! For dei er simpelthen ikkje gode nok til mitt bruk.

No likar eg vel helst å skryte. Og som regel kjem ein ikkje så langt med å klage heller. Men enkelte gonger kan eg ikkje late vere. Så eg skreiv like godt til produsenten kva eg hadde opplevd med dei etter to-tre gongers bruk.


  • to av hola i kjettingfesta i overgummien har ròke
  • to av kjettingane har ròke i seg sjølv
  • gummien fell av hælen
  • broddane vrir seg til sides frå hælen
Ok. Eg er vel ikkje av dei snillaste brukarane. Det kan gå over stokk og stein i blant. Men eg likar å ta vare på utstyret mitt.

Eg veit iallefall ein ting no: Icer`s er meir høveleg for meg. Ja, sjølv om det ryk broddar no og då. Dei sit betre festa på skorne og gummien tòler ein støyt... Dessutan isolerer Vibram-sålen godt på kaldt underlag. Fram og tilbake er like langt! Så eg sprang på butikken og kjøpte meg eit par nye Icer`s i dag (det er vel tredje paret etterkvart..). Og bestilte ekstra broddar i same slengen... Stegjarna (Grievel) lyt eg spare til anna bruk....!

Ingen kommentarer: