Facebook

onsdag 30. januar 2013

Rufsete veke

Størdalsstauren 10/1

Til info: Har hatt eit par både våte og glatte turar på stauren denne veka. I ruta eg brukar frå Neset ligg det mykje is i skjeringa opp bakkane. Men isen ligg no i åpne dagen etter regnvèret. Lenger oppe ligg det våt, tung snø her på nordsida. Egga opp frå vest er snøfri. Artig i grunn å sjå at heile sørsida mot Størdalen er snøfri heilt til topps, medan akkurat over kanten på nordsida, ligg det ein god del snø nedover fjellet. Vinden og drevet frå sør-søraust-sørvest har effektivt smelta all snø på sørsida. Omlag som om fjellet er delt i to og i to fargar. Nesten litt psykedelisk når du kjem vandrande langs toppen utover mot vest...

Elles har det vore tungt opp i den nye og våte snøen øvst oppe. Spesielt i går kveld. Med mørke, regn og vind i tillegg er nok dette ei øving for spesielt interesserte. For meg er dette mest for trimmen sin del og for å halde meg i form til betre dagar....

Legg inn en kommentar