Facebook

søndag 13. januar 2013

Frisk morgontur

Låg sol ved Stordalsfjellet i dag

Eg gjekk opp igjen same ruta til Stordalsfjellet i dag som i går. Men valde returen ned att same vegen. Snøen blir visst hardare og hardare for kvar dag. Fleire plassar er det berre isen. Det er difor ikkje trygt å gå utan broddar. Bakken opp under Portafjellet hadde eg neppe tort meg på utan. Iallefall ned igjen. Det er alltid verst. Så skal du opp her rår eg til å ha broddar i sekken. Og absolutt i det bratte skaret lenger oppe. Lenger nede går det i grunn greitt utan. Mykje is, men den kan ein no trakke utanom. 

På returen traff eg i dag Dag-Tore ilag med Gisle nede i Porten. Dei var på veg opp. Vi slo av nokre ord.  Men det blir jo veldig fort kaldt når ein er sveitt og skal stå i ro og prate. Så mange minuttane vart det difor ikkje anledning til. Men her er foto av dei to: 

Gisle og Dag-Tore i Porten i dag

Yatrax-pro broddane var supre i dag. Eg sprang nesten heile vegen ned igjen på skaren, men i Porten tok eg dei av og sprang utan. Kjempefrisk morgontur. Ja, i dag gjekk det lett...:-)


Legg inn en kommentar