mandag 14. januar 2013

Ekstra ekstra

Foto frå Størdalsstauren i kveld

Eg må innrømme at det kom eit aldri så lite ukvemsord oppe på heia i kveld. Ja, for etter å ha vore opp på Størdalsstauren og komen halvveges ned igjen, oppdaga eg at min kjære Galaxy 3 smarttelefon låg igjen oppe ved varden. Det var sikkert den flotte og vindstille kvelden som gjorde til at eg berre la han til sides der på grasbakken og ikkje putta han i lommen igjen med det same slik eg plar. Utstyret brukar eg som regel å passe bra på. Spesielt lommar er viktige å ha att. Slikt lærer ein av erfaring. Men i kveld var altså eitt av unntaka i så måte. 

Vel, turen vart nesten dobbelt så lang i kveld. Eg trøsta meg med at eg hadde god tid, og at det var godt for trimmen sin del. Men innarst inne var det berre irriterande...! Kvelden derimot var som sagt knallflott vèrmessig - så då så...:-)

 

Ingen kommentarer: