torsdag 31. januar 2013

Fossedalen

Foto frå Fossedalens Dag

I følge informasjon eg har motteke har Småkraft avhelde møte med grunneigarar, fallrettshavarar og Askvoll kommune om kraftutbygging i Fossedalen og av Fossedalselva igjen. Dette møtet var i går. Det er beramma nytt møte med Fjaler kommune om det same 5. februar. Dessutan informasjonsmøte i Askvoll, truleg 11. februar, tilpassa ferja frå Dale.

Ei utbygging av Fossedalselva, som også omfattar Vikafossen i Fossevikja, er sjølvsagt heilt uakseptabel. Same kor skånsam denne måtte vere. Tidlegare har såleis både Askvoll- og Fjaler kommune gått mot dette. Likevel prøver Småkraft seg no på ei ny runde regissert av fallrettshavarane.

Frå Firda kunne vi hin dagen lese at NVE oppfordrar søkjarar til å trekkje søknadane sine. Dei beste prosjekta er allereie realiserte og søkjarbunken er svært stor. Dessutan er mange av dei nye prosjekta kontroversielle, medfører mykje ekstraarbeid og blir likevel til slutt avslegne. Etter alle solemerke er prosjektet i Fossedalen av ein slik art. Med dette som bakteppe tykkjest det besynderleg at Småkraft igjen fremjar ein søknad. Men som vi veit - når det ligg pengar og prestisje bak, er det ikkje alltid fornuften som styrer.

Nordsida av Dalsfjorden og Fossedalen kan bli eit endå flottare tur- og turistområde i framtida enn i dag grunna den nye brua over Dalsfjorden. Fossedalen er som vi veit rik på kulturminner og historie.

Ved å følge linkane her kan du kan lese mykje om Fossedalen

Biletserie eg har laga her:




Ingen kommentarer: