torsdag 10. januar 2013

Eit besøk i grøfta

Turen i går enda bokstaveleg tala i grøfta. Før fjellturen. Og før eg kom meg heim att. Det var livsfarleg glatt på FV609 i går ettermiddag. Bilen sleppte fleire gonger på veg opp frå Førde. Eg vart difor liggjande bak ein bil heile vegen ut att i låg fart. Men i Hestvika vart det bråstogg. I svingen frå aust. Bilen framfor meg stoppa opp for ein trailer som eg ikkje såg på hi sida av svingen. Sjølv om her er passering. Så då tok sledeturen min til. Inn med clutchen og pumpebrems. No reaction. Og med tilnærma same fart som før - på god veg mot bilen framfor meg. Då eg såg eg ikkje klarte å stoppa for denne bilen (som aldri skulle ha stoppa), la eg min ut i hi køyrebana mot traileren. Og han stakkar - - fekk seg vel eit godt sjokk då han såg sleden min kome vinglande mot seg. Men før eg gjekk i clinch med han, valde eg heller eit besøk i grøfta på hans side... So so isst dass Leben. Fjellturen enda i grøfta ! Og feilen var nok min eigen. Tankekorset er at eg aldri har køyrt denne vegen så sakte før.... Ja, det er visst skummelt å ligge bak andre ...!

Jau det var glatt. Såpeglatt. Eg hadde problem med å stå på føtene på vegen. Og eit par trailarar nekta å køyre vidare før det var salta. Redningsbilen frå Førde hadde visst køyrt i 30 km. Ja, han måtte hente ein bil til i Stongfjorden etter at min var komen til Toyota Førde.

Så begynte historia om å kome seg der i frå. For leigebil var visst umogeleg å oppdrive. Sjølv om eg hadde krav på det. Så då enda heimturen med at eg jogga til krysset i Kvammen der Olaug henta meg. Så var eg ikkje heilt trimfri denne dagen heller.

Jo jo alt ordnar seg nok. Litt materielle skadar lyt ein stå i. Men dei stussa sikkert litt på parkeringa mi dei som fòr forbi. Og eg som hadde det så fredeleg med Moody Blues på Ipoden og denne....! "Out and in" - var nesten so at det passa...;-)


That's all right
Do what you want to do
I've said my peace
And I'll leave it all up to you

Wonders of a lifetime
Right there before your eyes
Searching with this life of ours
You gotta make the journey out and in
Out and in, out and in

If you think it's a joke
That's all right
Do what you want to do
I've said my peace
And I'll leave it all up to you

Gazing past the planets
Looking for total view
I've been laying here for hours
You gotta make the journey out and in
Out and in, out and in
Out and in, out and in

written by Mike Pinder and John Lodge

Ingen kommentarer: