tirsdag 8. januar 2013

"Blinde"- føre

Stongfjorden frå Størdalsstauren i ettermiddag (smarttlf.foto)

Eg var nærast blind etter ei augeundersøkjing på sjukehuset i ettermiddag. Men fann ut at det hadde eg nesten vore i det siste likevel, oppe i fjellet, med all skodda, så eg tok turen opp igjen på Stauren i ettermiddag òg. Eg var vel ein halvtimes tid tidlegare ute på ettermiddagstid enn før, så eg nådde faktisk opp utan å nytte hovudlykta. Ja, sanneleg trur eg det er begynt å lysne om ettermiddagane allereie. Eg klarde difor å ta eit bilde med Galaxyen. Ovanfor ser du Stongfjorden i 17-tida. 

Restane av snøen oppe var allereie knallhard. I tillegg fraus det på. Det går nok mot ein periode med kjølegare vèr att. Då kjem dei nye broddane vèl med.

Elles fekk eg meg eit blikk av nokre hjortar i dag òg. Dei stakk seg over ein bakkekam då eg kom, men jammen kikka dei fram igjen for eit siste syn etterpå. Litt forvitne er dei visst. Artig!

Ingen kommentarer: