torsdag 31. januar 2013

På gummisålar


Størdalsstauren i ettermiddag

Etter å ha hatt personalmøte på jobben etter arbeid i går, med relativt seint heimkome, vart det trimpause. Men i ettermiddag bar det opp igjen på Størdalsstauren. Det var etter å ha kome opp, og på veg ned igjen, at eg kom på songen "Nå går`n på gummisåler". For skaren heldt berre annakvart steg. Det er som du kan skjøne ganske mykje tyngre å gå når du sig gjennom skaren i motabakkane. Så eg gjekk så lett som mogeleg. Men lettare enn det du er, er jo litt vanskeleg å gjere seg då. Turen vart difor nesten like tung ned igjen som opp...! 

No er det ikkje slik porøs skare heile vegen, for lengst nede er det ikkje snø. Rettare sagt var - fordi det begynte å snøe skikkeleg på veg ned igjen. Kor mykje det blir av det får vi no sjå i morgon. Første del av helga har bra meldingar, så kanskje det ikkje kjem så mykje likevel.

Elles var no turen heilt slik som vanleg. Og sidan eg i dag gjekk på gummisålar, miste eg berre ein brodd i Icer`sen òg...:-) Forøvrig fekk eg meg ein boks med ekstra skruar hin dagen.

Kor mykje meir eg kjem til å gå på Størdalsstauren framover er litt usikkert. Det er eit par andre fjell lenger sør og vest eg no vil konsentrere meg om. Men eg ventar litt på ettermiddagslys. Stordalsfjellet er likevel pri 1 i helgane ei stund endå.

Fossedalen

Foto frå Fossedalens Dag

I følge informasjon eg har motteke har Småkraft avhelde møte med grunneigarar, fallrettshavarar og Askvoll kommune om kraftutbygging i Fossedalen og av Fossedalselva igjen. Dette møtet var i går. Det er beramma nytt møte med Fjaler kommune om det same 5. februar. Dessutan informasjonsmøte i Askvoll, truleg 11. februar, tilpassa ferja frå Dale.

Ei utbygging av Fossedalselva, som også omfattar Vikafossen i Fossevikja, er sjølvsagt heilt uakseptabel. Same kor skånsam denne måtte vere. Tidlegare har såleis både Askvoll- og Fjaler kommune gått mot dette. Likevel prøver Småkraft seg no på ei ny runde regissert av fallrettshavarane.

Frå Firda kunne vi hin dagen lese at NVE oppfordrar søkjarar til å trekkje søknadane sine. Dei beste prosjekta er allereie realiserte og søkjarbunken er svært stor. Dessutan er mange av dei nye prosjekta kontroversielle, medfører mykje ekstraarbeid og blir likevel til slutt avslegne. Etter alle solemerke er prosjektet i Fossedalen av ein slik art. Med dette som bakteppe tykkjest det besynderleg at Småkraft igjen fremjar ein søknad. Men som vi veit - når det ligg pengar og prestisje bak, er det ikkje alltid fornuften som styrer.

Nordsida av Dalsfjorden og Fossedalen kan bli eit endå flottare tur- og turistområde i framtida enn i dag grunna den nye brua over Dalsfjorden. Fossedalen er som vi veit rik på kulturminner og historie.

Ved å følge linkane her kan du kan lese mykje om Fossedalen

Biletserie eg har laga her:




onsdag 30. januar 2013

Rufsete veke

Størdalsstauren 10/1

Til info: Har hatt eit par både våte og glatte turar på stauren denne veka. I ruta eg brukar frå Neset ligg det mykje is i skjeringa opp bakkane. Men isen ligg no i åpne dagen etter regnvèret. Lenger oppe ligg det våt, tung snø her på nordsida. Egga opp frå vest er snøfri. Artig i grunn å sjå at heile sørsida mot Størdalen er snøfri heilt til topps, medan akkurat over kanten på nordsida, ligg det ein god del snø nedover fjellet. Vinden og drevet frå sør-søraust-sørvest har effektivt smelta all snø på sørsida. Omlag som om fjellet er delt i to og i to fargar. Nesten litt psykedelisk når du kjem vandrande langs toppen utover mot vest...

Elles har det vore tungt opp i den nye og våte snøen øvst oppe. Spesielt i går kveld. Med mørke, regn og vind i tillegg er nok dette ei øving for spesielt interesserte. For meg er dette mest for trimmen sin del og for å halde meg i form til betre dagar....


tirsdag 29. januar 2013

Erzgebirge

Eg har fått tilsendt nokre vakre vinterbilder frå Viola Barwitzki i Tyskland. Dei er tekne på skitur til Erzgebirge. Eg legg ut eit par av dei her så fleire kan få sjå.. Det var gjerne slik vi skulle ynskt vinteren her òg....

Turkey smiling faces

I høve blogginnlegget om the "Smiling officer" laga eg ein ny stillvideo frå Tyrkia i går kveld. Første delen er frå Icmeler i fjor og siste delen frå Kemer i 2010 og 2011. Her er litt familiebilder,  men mest av både kjende og ukjende folk i Tyrkia.

Personleg er eg veldig glad i landet og menneska. Det er ein smeltedigel av europeisk og asiatisk kultur og tradisjon. Utruleg god mat, flotte strender, sol og varme. Ja, eit fantastisk land for turisme. Vi tek avgarde igjen 19. juli i år. Noko vi gler oss storlegen til.  

Som før har eg lagt på musikk, førehandsgodkjend av TouTube. Hugs dessutan å sette til beste kvalitet på bilda. Videoen har eg kalla "Turkey smiling faces".



søndag 27. januar 2013

Vilt raseri

 Snøstorm på Stordalsfjellet i dag tidleg
I grunn letta då eg kom meg ned igjen på Botnastølen

Eg tok turen opp igjen på Stordalsfjellet i dag òg. Men det var j.... friske saker. Heilt vilt! Vanvittig rennefòk! Og når det i tillegg tjukna til og begynte å snøe, vart det berre eit einaste kvitt inferno. Eg var glad eg kom meg ned igjen i skaret på vestsida av Portafjellet. Her fekk eg iallefall alt drevet i ryggen. For det meste då! Ja, i dag var det i grunn greitt å komme seg i hus igjen! For dette var friske saker....:-)


lørdag 26. januar 2013

Blåfjellet, Askvoll

Øyane i Flora-bassenget frå ein annan vinkel.
Høgeheia på Stavenesodden t.h.

Seinare på dag i dag vart eg med Olaug på ein tur til Blåfjellet i Askvoll. Det er fjelltrimpost på dette fjellet òg. Eit fjell eg har tenkt å gå noko på til våren og sommaren. Sjølv om det var noko glatt i bakkane med litt is og snø på fjorårsgras, gjekk det heilt greitt opp og ned. 

Elles hadde det gått noko folk der frå før i dag. Og stien er godt oppgådd. Ja, vi møtte nokre på veg ned igjen òg sidan vi var litt seint ute. Nok ein fin tur i dag....


Olaug med Dalsfjorden bak

Vèrskifte


Mobilbilder Stordalsfjellet

Som forrige lørdag og søndag tok eg turen på Stordalsfjellet i dag. Vèrskiftet er eit faktum. Og minusgrader er blitt til ei pluss grad heime. I tillegg er det kome nokre centimeter med snø. 

Snøen har fòke seg bra til i den bratte bakken opp under Portafjellet. Det blir sjølvsagt tyngre å gå når du må vabbe i nysnø. Det ligg òg ein heil del snø på sørsida av fjellet, og aust mot Stordalsfjellet. Men der vinden har fått tak er det snaublese og berre mark og stein. 
 
Vinden tok ganske bra oppe på toppen i dag. Den har mykje kjøleeffekt i seg. Er du sveitt på førehand blir du iskald på eit blunk... Eg hadde med ekstra tørre klede, men valde å springe ned igjen utan å skifte. Det er ikkje alltid like moro å kle seg naken under slike omstende heller....:-)

Nede i Porten, og på veg opp, traff eg Dag Tore. Han var sin sedvanlege tur han òg. Vi slo av ein liten prat om laust og fast, men fjellet å denne tid av året er vel ikkje den mest eignelege plasse for slikt, så passiaren vart av det korte slaget. Fin trimtur i allefall...!

fredag 25. januar 2013

The smiling officer

The smiling guy and the tourist

I just bought this summers deposit to Turkey and Icmeler again. Turkey is my favourite holiday destination. Mostly because of the splendid summer, the warmth, food and friendly people. The beaches are beautiful with some faraway hidden secrets.

January has been very cold around here. So last night I was looking at some warm photos from 2010, 2011 and 2012. I came upon this picture of the most smiley night-police-officer on the beachpromenade to Marmaris. I was running this road in the mornings before the sun arose, and he always stood there on duty, smiling, in front of the hotel near Marmaris. So the last morning I was running here I stopped and would shake his hand and have a picture. To my surprise he could not speak a word English, German or French. Just Turkish. But we understood each other perfectly well without no language. So this is my weekend-prayer - a smile makes you happy... A smile speaks every language...!




torsdag 24. januar 2013

Well well - you say

By mail I just met a very serviceminded Stéphanie BOUËZET, IMPLUS-EU, Porcheville, France who will send me a free replacement for my broken XTR. That is what I call taking customers seriously!  She received pictures from my Yaktrax and made a good decision.

I think most of us can learn a lession from Stèphanie. At least she made here company proud! Hopefully the new XTR are a blt stronger than the old (new) ones! 

Thank you Stèphanie, and a good hug from Norway! Have a nice evening...:-)

onsdag 23. januar 2013

Bikkjekaldt

Utsikt frå Størdalsstauren i kveld

Etter å ha tappa av den halvårlege dosen med raude blodceller i blodbanken i går, tok eg turen til Dale og hjelpte foreldra mine med å få i hus eit lass ved. Passeleg trim etter besøket på sjukehuset... 

I ettermiddag gjekk eg derimot opp igjen på stauren. Skikkeleg kaldt og friskt var det der oppe. Og etter å ha teke nokre bilder, der eg venta på blendaropningen i kameraet, var eg iskald. Både på føter og nevar. Men jammen var det fint for det. Som så mange gonger før i det siste. Raudlèten horisont og måneskin.Tusen stjerner på den klåre himmelen. Lysa frå bygda, båtar og øyane i vest. Plattforma Gjøa ute i havet (t.h. på bildet ovanfor). Og sjølvsagt Alden der i vest.

Diverre ser det ut til av det flotte vintervèret forsvinn til helga. Men, men vi får innrette oss etter det som kjem. Turar skal det alltid bli....:-)

mandag 21. januar 2013

Stauren igjen...

Eg stakk oppom Størdalsstauren etter arbeid i dag òg. Jammen lysnar det no. For i dag nådde eg faktisk heilt opp utan lys. I tillegg lyste ein blank halvmåne ganske bra. Men ned igjen måtte eg tenne hovudlykta. 

Bildet et tok i dag er tekne med mobil. Eg har etter kvart mange foto av same motivet, så i dag la eg att kameraet heime... Ikkje for det - du verda kor fint og klårt det var. Himmelen var nesten heilt raud ei stund der ute i synsranda i vest. 

Elles sparde eg dei ny Icer`s broddane og gjekk på dei gamle. Det er visst nokre få skruar igjen i dei... Flott trimtur!


Turn around

Nope, eg gir opp Yaktrax xtr broddane. Same kor mykje extreme dei kallar seg. Innpakninga er fin. Reklamen likeeins. Men eg trur neppe dei har vore testa på røff bruk i vestlandske vinterfjell...! For dei er simpelthen ikkje gode nok til mitt bruk.

No likar eg vel helst å skryte. Og som regel kjem ein ikkje så langt med å klage heller. Men enkelte gonger kan eg ikkje late vere. Så eg skreiv like godt til produsenten kva eg hadde opplevd med dei etter to-tre gongers bruk.


  • to av hola i kjettingfesta i overgummien har ròke
  • to av kjettingane har ròke i seg sjølv
  • gummien fell av hælen
  • broddane vrir seg til sides frå hælen
Ok. Eg er vel ikkje av dei snillaste brukarane. Det kan gå over stokk og stein i blant. Men eg likar å ta vare på utstyret mitt.

Eg veit iallefall ein ting no: Icer`s er meir høveleg for meg. Ja, sjølv om det ryk broddar no og då. Dei sit betre festa på skorne og gummien tòler ein støyt... Dessutan isolerer Vibram-sålen godt på kaldt underlag. Fram og tilbake er like langt! Så eg sprang på butikken og kjøpte meg eit par nye Icer`s i dag (det er vel tredje paret etterkvart..). Og bestilte ekstra broddar i same slengen... Stegjarna (Grievel) lyt eg spare til anna bruk....!

søndag 20. januar 2013

Flotte vinterdagar

Oslandsbotnen i føremiddag

Eg gjekk oppatt turen til Stordalsfjellet igjen i dag òg. Minus 8 i Oslandsbotnen då eg starta. Toppa ut klokka 10 i nydeleg morgonsol og vindstille. Fantastisk! For nokre nydelege vinterdagar vi har. Nett som eg kunne ynskje meg. Men i dag gjekk eg ned att same vegen. Tre fjell i går sat igjen i føtene i dag. Ja det er noko med alder og restitusjon òg,... Kanskje treng ein å gje kroppen meir fred etter som åra går. Kroppen skal ein iallefall lytte til. 

Ned igjen til Oslandsbotnen sprang eg det meste av vegen på skare og frosa mark.. Med broddar vel og merke. Spring utruleg lett på det frosne underlaget. Spesielt skaren....:-)



lørdag 19. januar 2013

Fantastisk tur-lørdag

Stordalsfjellet i dag kl 10.05

Eg gjekk opp igjen akkurat same turen som forrige lørdag i dag tidleg. Frå Oslandsbotnen til Stordalsfjellet, så vidare mot nord og ned i Norddalen, opp igjen på nordsida, og vestover til Indrevågefjellet og til Osland. 

På Stordalsfjellet møtte eg Dag Tore og Anita. Dei var tidleg ute. Faktisk før meg. Det er egentleg sjeldan eg møter folk før eg er på heimveg.... Men i dag hadde det nok sin grunn. Anita er 50 år i dag og har vel litt å styre med resten av dagen...! Her er paret og jubilanten:


Nedstigninga til Norddalen gjekk heilt fint i dag òg. Men her er noko isete og skare på svaene ned.  Likeeins under Portafjellet og opp skaret mot aust. Så broddar er absolutt å føretrekkje.

Nett nedom Indrevågefjellet på veg ned igjen til Osland, traff eg Olaug og Sissel på veg opp. Her er to blide fjellryper:

 Olaug og Sissel med varden på Indrevågefjellet oppe t.v.

Etter nedstigninga til Osland stod joggeturen til Oslandsbotnen for tur. Her inne traff eg forresten Vigdis og Grete som òg hadde vore på tur. Det var tredje paret for dagen. 

Etter å ha fått i meg noko mat og slappa av heime, stakk eg like godt ein tur oppom Størdalsstauren òg. Som tenkt var det fantastisk flott i solnedgangen der oppe. Og heilt blikkstilt! Ein nydeleg turdag var til endes....!

Øyane i Flora frå Størdalsstauren i ettermiddag.

 

fredag 18. januar 2013


Same fine kvelden på Størdalsstauren i kveld som i går

torsdag 17. januar 2013

Klårt igjen

I kveld tok eg med meg fotoapparatet sidan det klårna opp. Så t.h. eit par foto frå Størdalsstauren.

Sjølv om det var fint, bles det ein sur trekk der oppe. Godt eg hadde med meg den noko fora Stoic-jakke og ikkje berre skall-jakke.  Det blir fort kaldt å vente på forseinkinga på kameraet.
Månen er no veksande. I kveld var han berre ein liten skalk på sørhimmelen. Men held vèret som lova, kan de bli retteleg fint  i neste veke. Då har eg ein plan. Ein som pirrar litt. Følg med
følg med...:-)

Snøfjon

Eit fint lag med pudder

Har eit par ublogga turar på Størdalsstauren med hovudlykt denne veka. Piano-turar. Brukbart vèr med enkelte lette snødryss. Elles er det frose på overalt igjen. Broddar er påkreve. Iallefall den ruta eg går. Spesielt ned igjen, då terrenget er både vått og myrlendt til vanleg. No er alt hardt og glatt! I tillegg er her er eit bratt parti som blir isete av væta. Og med litt tørr snø opp igjen på isen kan du lett hamne med føtene å høgste lufta....:-)

Så mykje elles er det vel ikkje å seie. Opp og ned. Lysinntrykka frå bygda og øyane ute i havet er flotte og er dei same. Når det er overskya, som denne veka, blir det spektakulære lyset ute i havet borte. Stjernehimmelen likeeins. Så då tek eg ikkje med meg kameraet. Men eit mobilbilde lyt vi ha for arkivet sin del. Som ovanfor i går.

mandag 14. januar 2013

Ekstra ekstra

Foto frå Størdalsstauren i kveld

Eg må innrømme at det kom eit aldri så lite ukvemsord oppe på heia i kveld. Ja, for etter å ha vore opp på Størdalsstauren og komen halvveges ned igjen, oppdaga eg at min kjære Galaxy 3 smarttelefon låg igjen oppe ved varden. Det var sikkert den flotte og vindstille kvelden som gjorde til at eg berre la han til sides der på grasbakken og ikkje putta han i lommen igjen med det same slik eg plar. Utstyret brukar eg som regel å passe bra på. Spesielt lommar er viktige å ha att. Slikt lærer ein av erfaring. Men i kveld var altså eitt av unntaka i så måte. 

Vel, turen vart nesten dobbelt så lang i kveld. Eg trøsta meg med at eg hadde god tid, og at det var godt for trimmen sin del. Men innarst inne var det berre irriterande...! Kvelden derimot var som sagt knallflott vèrmessig - så då så...:-)

 

søndag 13. januar 2013

Frisk morgontur

Låg sol ved Stordalsfjellet i dag

Eg gjekk opp igjen same ruta til Stordalsfjellet i dag som i går. Men valde returen ned att same vegen. Snøen blir visst hardare og hardare for kvar dag. Fleire plassar er det berre isen. Det er difor ikkje trygt å gå utan broddar. Bakken opp under Portafjellet hadde eg neppe tort meg på utan. Iallefall ned igjen. Det er alltid verst. Så skal du opp her rår eg til å ha broddar i sekken. Og absolutt i det bratte skaret lenger oppe. Lenger nede går det i grunn greitt utan. Mykje is, men den kan ein no trakke utanom. 

På returen traff eg i dag Dag-Tore ilag med Gisle nede i Porten. Dei var på veg opp. Vi slo av nokre ord.  Men det blir jo veldig fort kaldt når ein er sveitt og skal stå i ro og prate. Så mange minuttane vart det difor ikkje anledning til. Men her er foto av dei to: 

Gisle og Dag-Tore i Porten i dag

Yatrax-pro broddane var supre i dag. Eg sprang nesten heile vegen ned igjen på skaren, men i Porten tok eg dei av og sprang utan. Kjempefrisk morgontur. Ja, i dag gjekk det lett...:-)


lørdag 12. januar 2013

Perfekt januar-lørdag

 Stordalsfjellet kl 10 i dag
  Nydeleg rosa lys i soloppgangen ved Stordalsfjellet

Det vart ein lenge etterspurd januar-dag i dag. Fantastisk vèr. Stille, og minus 6-7 grader i Oslandsbotnen då eg starta oppturen til Stordalsfjellet. 

Det gjekk raskt oppover den frosne vegen i Brekka. Forbi Botnastølen og opp i Porten. Her oppe låg det noko gamal snø. Spesielt i den bratte og nordvende bakken under Portafjellet. No måtte den nye Yatrax broddane testast. Snøen var nemleg knallhard. Nesten is! Broddane var lette å ta på med hanskar. Berre eit par handgrep. Og eg sat på som berre det opp bakken. Opp forbi fjellet, opp det bratte skaret på sørvest-sida, og eg såg lyset....:-) Eg heldt på å seie - etter å ha vandra i skuggenes dal...:-)

  Sola har nett stått opp i søraust ved Heileberget i Dale

Fantastisk! Verken meir eller mindre. Første solstrålane for dagen. Rosa og nye over dei kvite fjella. Ja, det skein sikkert like mykje i auga mine òg... Perfekt! 

Så gjekk eg siste biten bort under Stordalsfjellet, opp over kanten og til varden. Splendido. Eg skreiv meg inn i boka og knipsa nokre bilder. 

Eg sat nokre minuttar på toppen og vurderte kvar turen gjekk vidare. Alternativa var til Rivedalsfjella og mot Kvammen--sida. Eg bestemte meg for å ta ruta nordover, over Norddalen, Middagsnipa og Indrevågefjellet, med retur til Osland. Først og fremst fordi eg ville plukke med meg merkestengene som framleis stod frå Indrevågefjellet til Osland. 

Turen nordover gjekk fantastastisk flott. Pyttar og tjern var frosne, så eg gjekk rett ned skaren på fjellet mot nordaust, over vatnet som ligg her, og ned i Norddalen. Men ned svaberga her hadde eg aldri gått utan gode jarn under skorna. For her låg det is og knallhard skare om ein annan. På langt nær risikofritt om du ikkje var godt skodd. 

Mykje is og skare ned fjellet mot Norddalen
Her ved toppen av nedstigninga.

Med den nye Yatrax-jarna under skorna var det likevel problemfritt å kome seg ned. Og i botnen av dalen, før oppstigninga på nordsida, tok eg like godt av meg jarna igjen. Det var omlag snøfritt opp. Likevel miste eg fotfestet oppe i ei skråning med skare på, men ikkje verre enn at eg tok meg fint inn att (problemet når ein dett slik er at ein nærast skyt fart på det harde underlaget, og er det bratt nedover....) 

Oppe på toppen av fjellet gjekk eg vestover toppane. Fint å ta med seg Middagsnipa i staden for å gå under høgda. Her er det fin utsikt mot nordsida. Til Førdefjorden, Kvammen, Vevring og Florø. Og ikkje minst mot den flotte Ålfotbreen og dei snøfylte fjella i nord.

På Middagsnipa

Eg stoppa nokre minuttar på Middagsnipa. Tok eit par bilder og såg på utsikta. Så gjekk turen vest til Indrevågefjellet. 

Her har eg  jo vore mange gonger i vinter, men det var ei stund sidan no. Litt artig å studere boka som ligg her. Noko besøk hadde det vore sidan sist eg var her.

Deretter gjekk turen ned den vanlege ruta, der eg plukka med meg stengene som hadde stått sidan oktober. Dei hadde gjort si tèn. No lysnar det for kvar dag, og ingen går her med hovudlykt no likevel. Å finne vegen opp er jo ikkje noko problem når det er lyst. Skodde eller ei. Rikeleg varda som her er.

Til slutt var det å småjogge frå Osland til Oslandsbotnen for å hente bilen. Undervegs traff eg forresten Dag-Tore som hadde vore på Stordalsfjellet òg, men gjekk ned att same vegen. Vi slo av nokre ord der inne i vegen. 

torsdag 10. januar 2013

Nydeleg kveld

Størdalsstauren i ettermiddag

Fantastisk tur på stauren i ettermiddag. Havet og himmelen i vest stod i brann! Med full innsats og tunga på haka kom eg meg opp før det vart heilt mørkt. Vel vitande om at her var nokre gode bilder å hente. 

No er det verkeleg begynt å fryse på igjen. Marka er steinhard. Den gamle snøen likeeins. Tid for broddar att. Lat godvèret vare lenge!!


Eit besøk i grøfta

Turen i går enda bokstaveleg tala i grøfta. Før fjellturen. Og før eg kom meg heim att. Det var livsfarleg glatt på FV609 i går ettermiddag. Bilen sleppte fleire gonger på veg opp frå Førde. Eg vart difor liggjande bak ein bil heile vegen ut att i låg fart. Men i Hestvika vart det bråstogg. I svingen frå aust. Bilen framfor meg stoppa opp for ein trailer som eg ikkje såg på hi sida av svingen. Sjølv om her er passering. Så då tok sledeturen min til. Inn med clutchen og pumpebrems. No reaction. Og med tilnærma same fart som før - på god veg mot bilen framfor meg. Då eg såg eg ikkje klarte å stoppa for denne bilen (som aldri skulle ha stoppa), la eg min ut i hi køyrebana mot traileren. Og han stakkar - - fekk seg vel eit godt sjokk då han såg sleden min kome vinglande mot seg. Men før eg gjekk i clinch med han, valde eg heller eit besøk i grøfta på hans side... So so isst dass Leben. Fjellturen enda i grøfta ! Og feilen var nok min eigen. Tankekorset er at eg aldri har køyrt denne vegen så sakte før.... Ja, det er visst skummelt å ligge bak andre ...!

Jau det var glatt. Såpeglatt. Eg hadde problem med å stå på føtene på vegen. Og eit par trailarar nekta å køyre vidare før det var salta. Redningsbilen frå Førde hadde visst køyrt i 30 km. Ja, han måtte hente ein bil til i Stongfjorden etter at min var komen til Toyota Førde.

Så begynte historia om å kome seg der i frå. For leigebil var visst umogeleg å oppdrive. Sjølv om eg hadde krav på det. Så då enda heimturen med at eg jogga til krysset i Kvammen der Olaug henta meg. Så var eg ikkje heilt trimfri denne dagen heller.

Jo jo alt ordnar seg nok. Litt materielle skadar lyt ein stå i. Men dei stussa sikkert litt på parkeringa mi dei som fòr forbi. Og eg som hadde det så fredeleg med Moody Blues på Ipoden og denne....! "Out and in" - var nesten so at det passa...;-)


That's all right
Do what you want to do
I've said my peace
And I'll leave it all up to you

Wonders of a lifetime
Right there before your eyes
Searching with this life of ours
You gotta make the journey out and in
Out and in, out and in

If you think it's a joke
That's all right
Do what you want to do
I've said my peace
And I'll leave it all up to you

Gazing past the planets
Looking for total view
I've been laying here for hours
You gotta make the journey out and in
Out and in, out and in
Out and in, out and in

written by Mike Pinder and John Lodge

tirsdag 8. januar 2013

"Blinde"- føre

Stongfjorden frå Størdalsstauren i ettermiddag (smarttlf.foto)

Eg var nærast blind etter ei augeundersøkjing på sjukehuset i ettermiddag. Men fann ut at det hadde eg nesten vore i det siste likevel, oppe i fjellet, med all skodda, så eg tok turen opp igjen på Stauren i ettermiddag òg. Eg var vel ein halvtimes tid tidlegare ute på ettermiddagstid enn før, så eg nådde faktisk opp utan å nytte hovudlykta. Ja, sanneleg trur eg det er begynt å lysne om ettermiddagane allereie. Eg klarde difor å ta eit bilde med Galaxyen. Ovanfor ser du Stongfjorden i 17-tida. 

Restane av snøen oppe var allereie knallhard. I tillegg fraus det på. Det går nok mot ein periode med kjølegare vèr att. Då kjem dei nye broddane vèl med.

Elles fekk eg meg eit blikk av nokre hjortar i dag òg. Dei stakk seg over ein bakkekam då eg kom, men jammen kikka dei fram igjen for eit siste syn etterpå. Litt forvitne er dei visst. Artig!

Yatrax broddar

Etter å ha slite ut fleire par med Icer`s broddar dei siste åra bestemte eg for å prøve Yatrax sine. Dei ventar på jomfruturen no når det kjølnar att. Men dei virkar solide og sit godt på skorna. Desse skal det bli kjekt å prøve.



søndag 6. januar 2013

Grått 2

Nesten berre til foten eg såg i dag...
Med skodda hangande i fjorden, yr og stilt vèr, vart det Stauren i dag òg. Same som i går. For trimmen sin del. 

Det einaste å skrive heim om er hjortane eg jamnleg ser oppe ved toppen. Like kjekt kvar gong å sjå dyra i sitt rette element. I dag tidleg var det 7 i flokken. Men no går dei så i eitt med omgjevnadene at du må heilt inn på for å sjå dei. Ja, med skodda i tillegg så måtte eg i dag ekstra nær. Kanskje difor eg såg dei. For no er snart alt så brunt og grått i landskapet at hjorten har perfekt kamuflasjefarge....

 

lørdag 5. januar 2013

Grå start

 Størdalsstauren i dag (mobilbilder)

Det vart ein grå start på det nye turåret. Etter eit par turar med hovudlykt på Størdalsstauren, var det iallefall lyst igjen då eg tok turen oppom igjen i dag. All snøen er no regna vekk. Telen har sleppt i første delen opp, men sit endå att frå omlag halvveges. Isen òg er for det meste vekke. Så no er det ingen problem med å gå opp på berre skorna. (P.S. Eg går frå nordsida). Elles er det berre vått, grått, yr, regn og skodde.... og lite å ta bilder av! Vi får håpe på at det snur snart. Hittil i år har det berre vorte "pliktturar" for å halde hjula i gang. Ikkje til å blogge ein gong...! No treng eg noko meir å bryne meg på...

tirsdag 1. januar 2013

God nyårsdag

Iskald morgon 31/12-2011 på Moldura
(ikkje nett som i år nei...)

Etter ei kjekk nyårsfeiring heime, og på kaffibesøk hjå Sissel og Magnar etterpå, gjekk nyårsturen i dag tidleg opp igjen på Stauren. Eg hadde håpa på noko betre vèr, så eg kunne gjort litt meir ut av det, men den gong ei. Det regna, bles og sludda etterkvart som eg kom opp i høgda. Og då var turen opp hit forsåvidt grei nok. Godt var det å kome heime igjen og få i seg ein dusj, noko mat og ein time på auget i reine sengklede. Velvære! (Herleg å vere avholdsmenneske....:-))

No vart det litt betre vèr seinare på dag, men då valde eg heller å halde meg heime med familien og nyte eit usedvanleg kjekt nyttårshopprenn. Flott første dag i det nye året!