Facebook

lørdag 15. desember 2012

Storm på Stordalsfjellet

 
Hard vind på Stordalsfjellet i dag tidleg

Eg tok avgarde til "vanleg" tid frå Oslandsbotnen til Stordalsfjellet i dag tidleg. Eg var budd på knallhard vind. Men det var heldigvis ikkje så gale før eg svinga sørover mot Portafjellet, vel halveges. Her i frå og opp under fjellet, og forbi mot aust, bles det noko grassat. Rennefòket stod rundt øyra, alle lommar og hol måtte skalkast og briller måtte på. Det var ein knallhard kamp å kome seg opp den bratte bakken under Portafjellet. Her låg det i tillegg noko is. Vindkasta var så sterke at eg stod bom fast mange gonger, og kom meg ikkje av flekken før det løya litt igjen. Ein augneblink. Oppover her var snøen fullstendig avblesen etter stormen om natta. Og eg veit ikkje eg, trur neppe det hadde løya noko særleg då eg gjekk opp heller. 

Eg fekk meg ei aldri så lita kvild frå vinden på vestside av - og nett under - Stordalsfjellet. I botnen på fjellsida her i vest låg det ein del fòksnø. Heldigvis. For den var såpass pakka at isen her ikkje var noko problem. Så å kome seg opp på sjølve platået gjekk betre enn på lenge... Men fyttirakkaren kor det bles då eg kom opp på den eksponerte toppen. Lenge sidan eg har opplevd maken. Det var faktisk så hard vind at eg bestemte meg for å gå midt over platået så eg ikkje skulle risikere å få ei vindkule og fare ut for fjellet på vestsida. For her oppe ligg det ein  del is òg på den elles blankskurde steinflata...!  Etter litt om og men, delvis på fire,  kom eg meg likevel bort til varden. Helleveien dette var heftige greier!  

 Eg greidde å knipse eit par bilder frå toppen med ryggen mot vinden...
Foto smarttelefon....

Det var berre å kome seg fortare enn svint ned frå toppen. Utan vindtett på nevane var dei kjenslelause på eit minutt (ps det er ikkje lett å handtere ein touchtelefon med vottar eller hanskar - egentleg eit stort irritasjonsmoment at telefonen hoppar frå program til program, slær seg av og på, zoomar etc, men så er nok ikkje ein smarttelefon særleg smart heller i slike omgjevnader....:-)) 

Eg kom meg ned under fjellet på vestsida, og fekk iallefall skifta til noko tørt på hovudet. Noko meir byte gav eg meg på. Ja, for eg hadde kledd meg bra vindtett med tre lag. Brynjetrøye med netting inst, ei tynn vindtett jakke frå OR og Rab Latok-jakka med trelags eVentstoff ytst. Paramo-buksa er berre suveren - treng ikkje noko under den, ja eg vil seie nesten uansett...!  Noko naud lei eg difor slett ikkje. Det er alltid nevane og føtene det er verst med. Sjølvsagt. Ja, så har eg ikkje akkurat nevar frå Bulandet heller, berre pc-fingrar frå Førde...:-)

På veg ned igjen begynte det i tillegg til vinden å snøe. Berre nokre fjon då. Men med den vinden som var kom snøen som prosjektil.. Foket likeeins. Så eg måtte dekke til fjeste og  gå med briller heile vegen ned igjen til Botnastølen og Oslandsbotnen. Tøff tur dette i dag...:-)

 
Legg inn en kommentar