Facebook

torsdag 6. desember 2012

Stjernetur


Foto frå toppen på Indrevågefjellet i kveld.

Eg begynte i stad å tenkje på at begrepet kveld kanskje er litt relativt i høve til lys og årstid. Når eg brukar å toppe ut Indrevågefjellet i 17.30-tida er det vel kanskje ikkje kveld? Men like fullt er det mørkt. Om det framleis er ettermiddag veit eg faktisk ikkje. Vel, no har det seg slik at eg stikk oppom der før eg et middag, så då er det vel ikkje ettermiddag uansett. Men då kan ein vel ikkje kalle det kveld heller. Og dag er det no ikkje når det er mørkt. Ja, ja samme kan det vere. Kan ikkje bruke meir tankekraft på det...:-) 

Uansett var det nok ein fantastisk flott mørketur igjen. Strålande stjernehimmel. Men eg ser i ettertid  på bilda at eg skulle sett blendaren lenger open. For det bles litt der oppe. Og med minusgrader  i tillegg, blir det steikje fort kaldt når du er våt av sveitte. Noko forkjøling har eg lite lyst på. 

I morgon har eg ein feriedag. Så då får eg prøve å finne på noko anne enn Indrevågefjellet. Kanskje er det nok dit i denne omgang. Størdalsstauren ligg klar på hi sida av fjorden her.:-)   
Legg inn en kommentar