Facebook

søndag 2. desember 2012

Nydeleg 1.søndag i advent

Kalde spor ved Stordalsfjellet i dag.
 Temperatur minus 12, lett austleg bris.

Eg gjekk oppatt turen på Stordalsfjellet i dag tidleg. Med minus 8 grader i Stongfjorden vart det ein flott og frisk tur. Kulden gjer meg i grunn lite. Så lenge det er nokolunde vindstille som i dag. Men det var sjølvsagt beinfrose over alt. Myra oppe i dalen under Porten var steinhard og lett å gå over. Og oppe på toppen var det obs obs. 

I dag tok eg likevel ikkje turen vidare til Indrevågefjellet, men gjekk ned igjen same vegen. Det vil seie eg tok meg ein snur hittom Portavatnet for å sjekke isen. Ja, her var det blanke stålisen, så eg gjekk like godt over vatnet, først etter forsiktig å ha prøvd meg litt fram. Stavane løyste eg frå hendene. Dei går det nemleg an å dra seg opp igjen på isen med hvis uhellet skulle vere ute. Men våte klede og 10 minus, minst, er no aldri ei behageleg affære, uansett... 

Eg kom jo meg rimeleg tidleg heim igjen i dag, så etter å ha ete middag og slappa av litt, tok eg meg ein tur på Størdalsstauren òg. For å teste litt mørkegåing der oppe. Det var heilt problemfritt. Artig var det å sjå ein flokk med hjort i silhuett mot solnedgangen nesten oppe ved toppen. Elles var det jo fantastisk flott der oppe etter at det var blitt mørkt. Ein utruleg stjernehimmel åpenbara seg. Siste lyset ute i havet var heilt fantastisk. To flotte turar i boks...!

 Foto på frihand med zoom i mørket. Rett nord om toppen på Størdalsstauren.
Flott på Størdalsstauren i kveld
Stordalsfjellet i dag tidleg

Foto Stordalsfjelelt Størdalsstauren 021212
Legg inn en kommentar