lørdag 1. desember 2012

Knall og fall

Nordsida av Portafjellet mot Norddalen. 
Ruta går ned på venstre sida av fjellet.

Det var sur vind og snø i lufta på turen på Stordalsfjellet og Indrevågefjellet i dag. Myrar, vasspyttar og småtjern var alle frosne. Spesielt frå inst i Norddalen og ut igjen på Indrevågefjellet er dette ein fordel når det er slik, for då kjem eg meg raskare fram. Men drysset av nysnø opp igjen på gjorde det skummelt glatt fleire plassar. Så i dag fekk eg meg kakk både her og der... Spesielt på partiet nord for Stordalsfjellet til Norddalen var det skummelt. Her sa det pang minst to gonger før eg tok på meg broddane. Då gjekk alt så mykje betre. 

Isete er det og oppe på Stordalsfjellet. Ned igjen er ikkje dette noko å spøkje med. Så obs, obs... 

Ute igjen på Indrevågefjellet var det skikkeleg surt. Fleire minusgrader og sterk søraust vind og endå meir snø i lufta. Eg var glad eg fekk på meg nokre varme og tørre klede før eg gjekk ned igjen. I dag var det rimeleg godt å hoppe i dusjen då eg kom heim igjen. Som det første eg gjorde. Frisk tur får eg seie...

Ingen kommentarer: