lørdag 22. desember 2012

Førjulstur

Morgonsol over Heileberget i dag
Vesle-likkjejulaftan i Stongfjorden

Det var ein ganske frisk tur på Stordalsfjellet i dag tidleg. Ikkje så mange minusgradene, men noko vind. Men det var først oppe på toppen at vinden verkeleg svei i kjakane. Og nevane var is på ein augneblink. Når du i tillegg er våt av sveitte, så blir det fort iskaldt i slike omgjevnader. Helst burde ein gå slik at ein ikkje sveitta når det er slik, men så bedageleg er eg ikkje innstilt....:-) Eg vrengde av meg alt på overkroppen, og fekk på meg ei tørr trøye og dunjakka. Eg følte meg som ein varm kylling på ein augneblink...

Elles var det sjølvsagt frose på igjen over alt. Litt glatt og litt glipptak må ein rekne med. Men isen som ligg under eit tynt lag med nysnø er i grunn lett å avsløre. Flatene blir ekstra jamnkvite når det ligg is under. Elles stikk det opp både fjorårsgras, mose og stein frå det minimale snølaget. 
Det er fantastisk fint ute i havet om morgonane no. Blå og rosa fargar, alt ettersom dagslyset tek over for nattemørket. Spesielt med turen på Stordalfjellet frå nord, er det alltid å kome opp på sørsida av Portafjellet, og få den låge desembersola i andletet. Fjella og bakkane ligg spegla i kvitrosa morgonlys med lange skuggar. Fantastisk nydeleg. Ekstra hyggeleg er det sjølvsagt at sola snudde i går og at vi går mot lysare dagar. Kjempefin tur!

Ingen kommentarer: