Facebook

lørdag 24. november 2012

Roundabout

 Utsikt frå Stordalsfjellet i dag tidleg.
Lihesten midt i bildet.
I dag tidleg tok eg den no etter kvart kjende runda Oslandsbotnen / Stordalsfjellet / Indrevågefjellet igjen. Det var opplett, lett søraust vind og nokre plussgrader. 
Eg fekk raskt besøk av ein flokk geiter då eg parkertei botnen. Den første vart reint overstadig då ho fekk deler av ein proteinbarre eg hadde med meg. Ja, så hyper vart ho at ho bykste opp etter meg, og vart ståande på to føter, og såg meg inn i auga. Eg måtte nesten le litt med meg sjølv av tanken på om andre female vesen vart like ivrige av proteinbarrar. Kanskje det burde prøvast? Då kunne det jo bli livlege seansar....:-) Men alt saman fekk ho ikkje - geita. Eg gøymde ei tugge til meg sjølv. Når så dei andre fekk snusen i kva som føregjekk, vart det liv i leiren. For dei var løpet køyrt.... Dei fekk nøye seg med godorda.  
Eg gjekk så raskt opp Brekka. Fekk pulsen i gong og varmen i kroppen. I dag hadde eg berre med meg det eg gjekk i. Brynjetrøye og Latok-jakka frå Rab på overkroppen, og den gode Paramo-buksa nedantil. Frå Botnastølen gjekk så turen vidare opp dalen til Porten, så inn dalen og bakken under Portafjellet. Her såg eg faktisk sola. Ho skein så flott vest ved Vardenova. Og i sør var det òg ei gløtte i himmelen. Den heldt seg til eg nådde toppen av Stordalsfjellet. 
Eit solgløtt ved Nipane. Stongfjorden t.h.
Her oppe var det nærast snøfritt. Men nokre gamle fonner låg her, i tillegg til eit vått lag med nysnø etter natta. Litt glatt var det på berga, så eg løyste ut stavane for betre å kunne ta meg føre hvis eg glei. 
Eg tok nokre bilder på sjølve toppen, før turen gjekk vidare nordover på austsida av Portafjellet og mot Norddalen. Nedstigninga til dalen gjekk greitt. Svaberga her er svære og relativt bratte. Iallefall med is på. Men i dag låg dei bare og våte. Heile den blankskurde fjellsida er av konglomerat. Den minner mykje om Fossedalshengenipa lenger aust. Dette gir bra feste for skorna. 
 Svaberga ned i Norddalen (fleire bilder på linken inn under).
Norddalstjerna oppe t.h.
 Dette smykket skein meg til møtes oppe i svaene - ein månad før jul....
Frå botnen av dalen er det bratt opp igjen på nordsida. Midt oppe i fjellsida såg eg det tjukna til både frå vest og sør. Spesielt i vest vart det eit spektakulært syn ut dalen og mot Stongfjorden. Dalsidene  stod som skorne i lufta i forskjellige blåtonar heilt til havs. Eg var litt spent på kva som var i emning...
Fjellsidene stod som skorne i blått.
Høgeheia på Stavenesodden ytst.
Ja, på toppen på nordsida, rett søraust for Kvamsnipa, begynte det å snøe vassrett. Skikkeleg surt. Men heldigvis fekk eg drevet rett inn på venstre sida, så det gjorde meg i grunn ikkje så mykje. Latok-jakka er god såleis. Slik heldt det seg meir eller mindre heile den kuperte ruta vestover til Indrevågefjellet. På toppen her var det ganske heftig vind i tillegg. 
Som før brukte eg ikkje så mange minuttane på toppen, før eg sprang ned igjen den vanlege ruta til Vågeskardet. Herifrå tok eg nokre intervallar inn igjen til Oslandsbotnen for å hente bilen. 
Flott tur. Litt vèr og vind. Men noko anna kan ein ikkje forvente i slutten av november...   
Legg inn en kommentar