søndag 4. november 2012

Nydeleg søndagstur i november

Oslandsvatnet i føremiddag
(på returen til Oslandsbotnen etter bilen)

Eg starta dagens søndagstur igjen i Oslandsbotnen. Forrige søndag låg her snø. No var alt vekke. Men det var frose på etter den klåre natta. Forholda var perfekte for ein flott tur. Med berre gode meldingar i bagasjen, gjekk det så lett så lett opp Brekka og vidare oppover. 

Sola skein sine første strålar for dagen på Ytrevågefjellet, Nipane og Skålefjellet då eg gjekk opp bakken mot Porten. Fantastisk flott. Så stilt. Ikkje eit vindpust og ikkje ein lyd. Som om eg var åleine i verda. 

Første solstrålane for dagen på Nipane

Frå Porten og opp dalen mot Portafjellet låg det delvis skaresnø. Men mesteparten av den gamle snøen var regna vekk sidan forrige helg. Det låg likevel ein del igjen ovanfor skaret og aust til Stordalsfjellet. Eg toppa ut der i litt før klokka 10 i fantastiske forhold. Blikkstilt, sol og litt nysnø opp igjen på den gamle. Det kunne ikkje blitt flottare ein tidleg vinterdag. 

Stordalsfjellet kl 9.49 i dag tidleg

Eg gjekk deretter nordover Portafjellet. Stakk oppom eit par av toppane her, før eg gjekk ned svaene mot Nordalstjerna. Eg hadde gått gjennom turen heime før eg gjekk. Det var bra. For som tenkt låg her både skare og is ned svaene til Norddalen. Eg surra difor broddane på meg og kom meg ned på skapleg vis...!

Is og skare ned svaene til Norddalen.
Her nederste partiet.

Etter å ha passert over botnen nede i Norddalen, klatra eg opp igjen på nordsida. Eg hadde vore i skuggeland ein liten halvtime. Det var difor aldeles herleg å kome opp igjen i sola på hi sida. Ja, det vart faktisk så varmt at eg måtte hive jakka og hua, og gjekk i berre Brynje-trøya.

Terrenget vestover mot Middagsnipa og Indrevågefjellet er veldig kupert med koller og hamrar, myr, vasspyttar og småtjern. Småkrevjande med andre ord. I dag var pyttane og tjerna for det meste frosne is på. Det er ein klar fordel. For ikkje å snakke om dei myrlende partia. Kjempefordel når det er frose på her òg. Mykje lettare å ta seg fram. Likevel tek det si tid å kome seg ut igjen på Indrevågefjellet på denne ruta. No tok eg ikkje akkurat tida i dag. Til det var det for fint. Og eg tok meg avstikkarar både hit og dit og naut turen. Eg hadde heile søndagen på meg, og vèret var perfekt!

 Klår og fin utsikt på Indrevågefjellet i dag.
Her øyane i Flora-bassenget.

Eg stulla meg likevel ut på Indrevågefjellet med tid og stunder. Like fint, og ja, eg vil næraste kalle det varmt til november å vere. Eg sette meg ned og åt ei banan eg hadde putta i sekken. Noko anna niste var ikkje nødvendig. (Havregrynsgraut sit lenge i...) Utsikta var perfekt. Blått hav og blå himmel. Blikkstilt. Ein gråtrastflokk flaug over meg. Vinglande, hit og dit mot sør. Snakk om flott søndag!

Nokre minuttar seinare tok eg ned igjen den vanlege ruta. Ikkje eit menneske å sjå. Men geitene du, dei kosa seg i dei solfylde bakkane. Nede på Osland igjen gjensto berre siste stykket inn igjen langs vegen til botnen. Dit jogga eg. Nydeleg søndagstur!


Her ligg òg nokre bilder frå ein flott solnedgang heime på bildefila nedanfor.
Super avslutning på ein veldig flott søndag....!

Web-Fjellforum

4 kommentarer:

Lene Gjelsvik sa...

Fantastiske bilde! Såg ut som ein fin tur!

Unknown sa...

Takk skal du ha Lene. Var ein utruleg flott tur i går ja. Herleg temperatur og vindstille! Kan leve ein stund på den....;-)

Hel-G sa...

Kjempe flotte bilder av et fantastisk område.

Unknown sa...

Takk for ein kjekk kommentar Helge!