søndag 25. november 2012

Frå Stordalsfjellet og vestover

Utsikt austover frå Bakkefjellet i dag

Eg tok med meg Stordalsfjellet på turen i dag òg. På same måte som i går. Skilnaden frå i går til i dag var at det var noko kjølegare. Det var frose på frå Botnastølen og oppover. Snøen som eg trakka gjennom sør om Portafjellet i går, var fast i dag. I det alt vesentlege. Og slapset og væta på toppen av Stordalsfjellet var rein is. Litt tricky. Og ikkje heilt ufarleg. Eg hadde ikkje broddar med meg i dag og med berre blanke skorna på var eg på allerten ned igjen. 

Årets siste fjellblome glimra med sine fargar under hellaren på vestsida av Portafjellet. 
Ja, nesten som jentene lenger nede...
Sauene likar seg under denne hellaren i dårleg vèr, og legg att sine livgjevande perler....

Turen vidare gjekk sørover. Eg gjekk over vestre delen av Stordalen, og peila meg inn på DNT-ruta frå Nipebu til Stongfjorden som passerer sørsida av Vardenova vest/aust. Den fann eg med ein gong. Den er remerka av John L. Flott jobb. Ingen problem for ukjende å gå her. Vel og merke når det er snøfritt som no.

Så gjekk turen langs denne trassèen. Forbi sørsida på Røyrbotnholten og opp stigninga på Smørskornova. Eg bestemte meg for å ta med toppen og gå ned igjen på sørsida vestover. Men det hadde sikkert vore vèl så raskt å gå under fjellet på vestsida ved Langevatnet. 

Deretter heldt eg fram til Bogetjørna der eg passerte på vestsida. Her bestemte eg meg for å ta med meg toppane på Blåfjellet og Blåfjellssåta på nordsida av Bakkefjellet. Det er fin utsikt til Holmedal, Dokka og Moldura her i frå. 

Til slutt sørover til fjelltrimposten på Bakkefjellet. Her tok eg opp ein videosnutt sidan det er første gongen eg var her i denne omgang. Men det bles såpass at lyden har eg kutta ut, og lagt på musikk i staden. Det blir nok mange fleire turar hit denne sesongen, så ein snutt med kommentarar skal det alltid bli ei råd med seinare....:-) Bakkefjellet har nemleg fantastisk utsikt. Inn og ut Dalsfjorden, frå havet og til Dale. Og alle bygdelaga på kvar side av fjorden. Eg gler meg til nokre turar hit når vèr, vind og temperatur blir litt likare enn i dag. Det var gråkaldt i vinden på toppane i dag. Og etter å ha gått nokre timar, kjenner du det litt ekstra. 

Ned igjen gjekk eg den flotte ruta som igjen John L. har merka så bra. Kjempeflott! Til og med god bru over elva (sjå bileta). Godt tilrettelagt for kven som helst å ta turen opp hit. 
På veg ned igjen traff eg forresten Anita V med jentene sine. Nok ein gong på ein frisk og sporty tur. Herleg! Eg stoppa opp og prata litt med dei. Hyggjeleg. Og det måtte sjølvsagt forevigast.

Anita V og jentene på tur igjen...

Det er godt å ha ei kjekk kone som stiller opp. Ja, Olaug henta meg i Holmedal ho. Og på turen heim igjen måtte vi til Oslandsbotnen for avhenting av min eigen bil. Flott tur!


P.S. Det gjekk litt smått å finne avknappen...:-)
...og susen får de skru av til eg finn noko musikk...

Ingen kommentarer: