lørdag 27. oktober 2012

Vintertur

Stordalsfjellet, Blegja, Eitrenipa. Fossedalshengenipa og Nipeholten

Det snøa trollkjerringar då eg starta frå Oslandsbotnen i dag tidleg med Stordalsfjellet som mål. Hadde det ikkje vore for at eg hadde følgt med vèret ute i havet ei stund frå stoveglaset heime, hadde eg neppe starta. For det var byger som kom inn frå nordvest med opplett og bra vèr inn i mellom. Den første byga gav seg allereie på toppen av brekka under Botnastølen. 

Eg var ikkje heilt budd på dei snømengdene som låg vidare oppover. Det vart skikkeleg tungt for å seie det slik. Kva ein legg i uttrykket blodslit kan no vere individuelt. Nokre tankar om å gå vidare til Indrevågefjellet gav eg meg på med ein gong. Eg skulle vere meir enn glad hvis eg nådde toppen på Stordalsfjellet. 

Eg pusta og pesa meg opp lia frå Botnastølen, traff stien dann og wann, men der låg det visst minst like mykje snø som utanom. Eg kom meg til toppen av lia, svinga ned dalen mot Blåfjellet og vidare opp dalen retning sørover. I den bratte bakken opp under Portafjellet fekk eg meg ein ny trøkk, men heldigvis hadde det blese såpass inn frå nordvest på toppen her at snøen var delvis blesen av. Det motsette var tilfelle lenger oppe i skaret på sørvestsida. Her er det i tillegg skikkeleg bratt... Vabbinga opp hit tok si tid. 

På toppen av skaret her måtte eg puste litt på. Vèret var blitt skikkeleg fint. Sola stakk til og med fram. Eg tok like godt opp ein snutt her med den flotte utsikta som no åpenbara seg.



Det låg alvorleg med snø her på sørsida av Portafjellet òg. Eg stod faktisk til livet i snø fleire gonger. Og over knea rakk snøen nesten heile vegen. Eg sleit meg rundt og bort i søkket under Stordalsfjellet. Men siste biten opp på fjellet, og på sjølve platået, var nesten snøfritt. Blese nake.

Sjølvsagt skulle det gå slik at eg fekk på meg ei skikkeleg nordvest-byge på sjølve toppen. Vinden og rennefòket piska kroppen. Det ylte rundt øyra. I tillegg begynte det å snøe. Eg prøvde meg på ein snutt her òg, men det vart ikkje rare greiene. Forholda var elendige. Det var berre å komme seg her i frå. 



Det vart kvitt. Veldig kvitt. Spora opp igjen mot Portafjellet var borte vekk. Men eg fann retningen opp igjen og søkket mot sørvest. Borte i dei tjukke snølaga igjen på sørsida fann eg att spora. det gjorde det litt lettare å ta seg fram. I tillegg letta det nok ein gong. Turen ned att dalen og lia mot Botnastølen var rein plankekøyring. Ja nesten påskestemning. Fantastisk kor forholda skifta! 




Nede på Botnastølen var det nydelege forhold. Nipane og Skålefjellet spegla seg i Botnastølsvatnet. Flotte og kvite låg dei der oppe i skiftande lys, skodde og rennefòk. Eg kjende blodet bruse, så eg tok like godt og sprang heile stykket frå stølen og ned brekka til bilen igjen. Eg var nøgd med dagen. Nokre nye stunt fekk vente til i morgon...:-)

Eg tok eit par bilder då eg kom til bygds igjen. Teigane låg spegla i sol. Ei ny nordabyge låg og truga i vest. Det vart fine fargar og lys av det... 

Slik kan fargane endå skifte frå fjell til fjord.
Foto på Teigane i Stongfjorden i dag.





2 kommentarer:

Berit sa...

Hei. Jeg har lagt meg til som følger på bloggen din. Det er nesten som jeg ikke kan kommentere her i fare for å ødelegge stemningen fra bildene og det du forteller. Fantastisk flotte bilder fra en helt utrolig vakker natur.

Unknown sa...

Takk for gode ord Berit!