onsdag 3. oktober 2012

Neste sesong

Jepp. Då er fjella for neste sesong klare. Dei vart som forventa. Med eitt unntak. Bakkefjellet er kome inn i staden for Hekkelfjellet. Grunnen til dette veit eg ikkje. Bakkefjellet ligg litt lenger sør på Holmedalssida enn Hekkelfjellet. Ein slepp gå om Hålandsstølen, men kan gå opp på vestsida frå Bakke og Bogestølen, eller lenger sør på ranen og opp. 

Elles ligg Stordalsfjellet inne som 30 poengar. Eg var ein tur inn på Stordalsfjellet/Portafjellet i vinter. Det er tilgjengeleg frå alle kantar. Du kan gå frå Skjerlia i aust, Nipebu-traktene i sør, Stongfjord-sida og Osland i vest og via Indrevågefjellet og Norddalen i nord. Her er fotoserien frå Stordalsfjellet i vinter. Legg òg inn nokre andre vinterbilete sidan det er desse turane som no står for døra.  

Eg nemnde Indrevågefjellet. Der er det òg post komande sesong. Fjellet er lettast tilgjengeleg frå Osland. Men ein kan òg gå frå sør som motsett rute frå Stordalsfjellet. Du kan òg gå opp frå Vågane i nord, eller den lengre turen frå Skjerlia via Middagsnipa.

Indrevågefjellet. Ytrevågefjellet t.v.
(Legg merke til det yndige damefjeset i midten...)

Størdalsstauren er som nemnt tidlegare òg post. Eg kjem til å gå frå Stafsnes no i vinter med hovudlykt. I all hovudsak. Du kan òg gå opp Størdalen eller opp egga på vestsida. Det er kortare, men brattare. Du kan òg gå via Fanafjellet/Moldura traktene i aust/søraust.


Elles ligg Blåfjellet i Askvoll inne på programmet. Her går du opp via Askdalen (men ikkje over brua). Så er det bra sti opp og vestover. Du tek av til venstre i "krysset" under hamrane ved skoggrensa.  

Blegja er fast post kvart år. Eg reknar med å ta meg ein tur opp no til helga og få skifta ut boka. Eg skreiv eit stykke om ruter på Blegja ein gong på "Friluftsliv" på Origo. Eg fann att stykket her for den som er interessert. I same slengen fann eg att ein epistel om Eitrenipa og Fossedalshengenipa.   

Fjelltrimmen for sesongen 2012/2013 ligg då inne med Indrevågefjellet, Stordalsfjellet, Bakkefjellet, Størdalsstauren, Blåfjellet og som nemnt Blegja. Det kan bli mange spanande fjellturar ut av det... Spesielt i vinter med hovudlykt...:-)





4 kommentarer:

Eli Kristin Magnussen sa...

Fantastisk flotte bilder her, Gustav!

Turboktrimmen for 2012 er over her og vi er visst ikke mange som har levert inn "rapport" på turene våre, så usikker fremtid for den på våre kanter. Dere har kanskje tilsvarende for hele året eller? Greit med litt motivasjon til turer og kanskje til ukjente løyper også.

Fortsatt god tursesong, satser på litt mer væte og mer sol fremover! :) Ingen hindring for deg uansett, men.. ;)

Fin onsdag(stur)!!
Eli Kristin

Eli Kristin Magnussen sa...

*mindre væte skulle det stå!!! ^_^

Unknown sa...

Takk Eli Kristin. Ja vi har sesong heile året. Heldigvis. Det er meir utfordrande å gå om vinteren sjølvsagt. Det krev meir utstyr, og dagslyset varer jo ikkje så lenge. (Eg sette inn batteri i hovudlykta i går kveld...) Men det gir meir kick (nær døden opplevingar snakkar vi ikkje om...:-)) Og så held du sjølvsagt forma vedlike.

Eg har supplert litt utstyr til vinteren. Bl.a kjem eg for det meste til å gå i 3 lags eVent og kutte ut GoreTex`en. Men har ei god Paramo-bukse òg for dei kaldaste turane. Eg håpar sikkert som deg på gnistrande dagar framover... og ein kald flott vinter...:-)

Jill Kristin Ø.Remme sa...

Funnet snøen alt! Så vakkert og som jeg gleder meg til den kommer :))

Livet er innmari bra når en får sitte på en fjelltopp! Primetime!!!

Jill:)