søndag 14. oktober 2012

Bittersøt søndag...

I sola i det fjerne ser vi Storebatalden.

Eg tok med meg nokre merkestenger på Indrevågefjellet i dag tidleg. For å ha noko å gå etter opp på sjølve fjellet i mørke og whiteout. I morgonsola såg dei nesten litt mistilpassa ut der dei stod. Av erfaring veit eg likevel at dei kan vere særs gode å ha når lys og vèr er litt annleis enn i dag. Det er ikkje alltid berre berre å gå i fjellet mørke vintrakveldane...! 

No har eg fått tak i siste sort stenger av Svein F. Refleksstenger som ikkje lenger er i bruk, hvis nokon skulle lure om eg hadde nappa dei opp etter FV609... Desse skal ikkje bryte så lett eller eldast av vèr og vind. Men gode å få sett dei i jord var dei ikkje. Det er særs skrint her oppe i så måte. Så eg måtte til med både stein og anna for at dei skulle stå støtt. Så vèrhardt som her er på fjellet ute ved kysten, skal det noko til at dei blir ståande når vintrastormane sèt inn. 

 Hurtigruta passerer vest av Heggøyna i dag tidleg

No var det framleis tidleg på føremiddagen då dette prosjektet var ferdig. Eg tok difor turen vidare innover til Middagsnipa og forbi for å sjå etter ein plass å kome meg ned av fjellet, over Norddalen til hi sida, og opp på Portafjellet og Stordalsfjellet. Det vart eit mislukka forsøk i så måte. Bakke opp og bakke ned og berre slette fjellet ned i dalen, så eg gav meg på heile greia då eg nesten var komen inn på Kvamsnipa. Irriterande. Her er akkurat eit lite stykke på Askvoll-halvøya som eg ikkje er kjend i. Før eg gjekk ut att over Middagsnipa bestemte eg meg for heller å gå hin vegen. Den vanlege ruta gjennom Porten til Stordalsfjellet. Då ville det vere mykje lettare å finne vegen opp på hi sida nedanifrå. 

På Indrevågefjellet igjen traff eg John L. med frue. Joda, han visste vegen. Endå meir irriterande var det då eg vart klar over at det omlag var der eg snudde det gjekk an å kome seg over. Ja, ja då tek eg det berre att neste helg. Ingen grunn til å grine over spilt sveitte.... Eg fekk meg iallefall ei flott morgontur. 

Etter eit par skiver og eit krus kaffi heime, tok eg meg likevel ein rask tur på Størdalsstauren for å kjenne meg litt betre. Liksom berre for å ha fått meg to teljande fjelltrimpostar likevel....;-)

Ingen kommentarer: