Facebook

tirsdag 30. oktober 2012

Fin kveldstur igjen...

Foto smarttelefon Galaxy 3.

Tok ein ny rask trimtur på Indrevågefjellet etter arbeid i dag òg. Kom meg akkurat opp og ned utan bruk av hovudlykta. Men det gjekk på halv åtte ned igjen...:-)

Ein halvskymde måne ønskte meg velkomen på toppen. Han vinka nærast farvel i skyene som dreiv inn frå havet. Så var vinteren over for denne gong. Men fjella ligg iallefall der...

mandag 29. oktober 2012

Fin kveldstur


 Indrevågefjellet i kveld.

Diverre fekk eg lite utbyte av fullmånen som stod lågt på austahimmelen då eg nådde toppen av Indrevågefjellet i stad. Det var rett og slett for lyst. Eller så var eg for tidleg opp. Alt etter som. For det ende med at eg kom meg både opp og ned utan å ha tent hovudlykta. Akkurat det vil no fort ordne seg når eg går opp etter arbeid framover. Om det blir godvèr ved neste fullmåne er no ein annan ting. Det får no so vere... Turen gjekk iallefall veldig greitt om ikkje det vart dei bilda eg hadde tenkt meg.

søndag 28. oktober 2012

Vintertur_2

Foto ovanfor Botnastølen i dag
 Er vinteren komen for godt? That`s the question. Det blir i så fall ein lang ein...

Eg gjekk opp igjen fotafara i dag som eg sette i går. Det vil seie der dei viste då. For både oppe i dalen ved Porten, og vidare ovanfor, var spora borte vekk. Snøen låg bar som ei barnerumpe. Og der eg trudde eg skulle få meg ein billig tur, vart det stikk motsett. Same procedure...Snø til skrevs i brattaste bakkane. No slapp eg likevel totalt sett billigare i frå det i dag enn i går. For spora viste heile vegen opp lia ovanfor Botnastølen. Så der gjekk det fort opp...


Snutt frå Stordalsfjellet i dag
Vèret heldt seg opplett og grått. Litt vind og fòk. Men på toppen var dette ingenting i forhold til i går. Om stemma mi høyrest på videoen i dag veit eg ikkje endå. Hvis det er berre skurring legg eg på noko musikk i staden. Alt i alt ein fin vinterleg tur igjen.

lørdag 27. oktober 2012

Vintertur

Stordalsfjellet, Blegja, Eitrenipa. Fossedalshengenipa og Nipeholten

Det snøa trollkjerringar då eg starta frå Oslandsbotnen i dag tidleg med Stordalsfjellet som mål. Hadde det ikkje vore for at eg hadde følgt med vèret ute i havet ei stund frå stoveglaset heime, hadde eg neppe starta. For det var byger som kom inn frå nordvest med opplett og bra vèr inn i mellom. Den første byga gav seg allereie på toppen av brekka under Botnastølen. 

Eg var ikkje heilt budd på dei snømengdene som låg vidare oppover. Det vart skikkeleg tungt for å seie det slik. Kva ein legg i uttrykket blodslit kan no vere individuelt. Nokre tankar om å gå vidare til Indrevågefjellet gav eg meg på med ein gong. Eg skulle vere meir enn glad hvis eg nådde toppen på Stordalsfjellet. 

Eg pusta og pesa meg opp lia frå Botnastølen, traff stien dann og wann, men der låg det visst minst like mykje snø som utanom. Eg kom meg til toppen av lia, svinga ned dalen mot Blåfjellet og vidare opp dalen retning sørover. I den bratte bakken opp under Portafjellet fekk eg meg ein ny trøkk, men heldigvis hadde det blese såpass inn frå nordvest på toppen her at snøen var delvis blesen av. Det motsette var tilfelle lenger oppe i skaret på sørvestsida. Her er det i tillegg skikkeleg bratt... Vabbinga opp hit tok si tid. 

På toppen av skaret her måtte eg puste litt på. Vèret var blitt skikkeleg fint. Sola stakk til og med fram. Eg tok like godt opp ein snutt her med den flotte utsikta som no åpenbara seg.



Det låg alvorleg med snø her på sørsida av Portafjellet òg. Eg stod faktisk til livet i snø fleire gonger. Og over knea rakk snøen nesten heile vegen. Eg sleit meg rundt og bort i søkket under Stordalsfjellet. Men siste biten opp på fjellet, og på sjølve platået, var nesten snøfritt. Blese nake.

Sjølvsagt skulle det gå slik at eg fekk på meg ei skikkeleg nordvest-byge på sjølve toppen. Vinden og rennefòket piska kroppen. Det ylte rundt øyra. I tillegg begynte det å snøe. Eg prøvde meg på ein snutt her òg, men det vart ikkje rare greiene. Forholda var elendige. Det var berre å komme seg her i frå. 



Det vart kvitt. Veldig kvitt. Spora opp igjen mot Portafjellet var borte vekk. Men eg fann retningen opp igjen og søkket mot sørvest. Borte i dei tjukke snølaga igjen på sørsida fann eg att spora. det gjorde det litt lettare å ta seg fram. I tillegg letta det nok ein gong. Turen ned att dalen og lia mot Botnastølen var rein plankekøyring. Ja nesten påskestemning. Fantastisk kor forholda skifta! 




Nede på Botnastølen var det nydelege forhold. Nipane og Skålefjellet spegla seg i Botnastølsvatnet. Flotte og kvite låg dei der oppe i skiftande lys, skodde og rennefòk. Eg kjende blodet bruse, så eg tok like godt og sprang heile stykket frå stølen og ned brekka til bilen igjen. Eg var nøgd med dagen. Nokre nye stunt fekk vente til i morgon...:-)

Eg tok eit par bilder då eg kom til bygds igjen. Teigane låg spegla i sol. Ei ny nordabyge låg og truga i vest. Det vart fine fargar og lys av det... 

Slik kan fargane endå skifte frå fjell til fjord.
Foto på Teigane i Stongfjorden i dag.





fredag 26. oktober 2012

Lyset minkar

Svelivatnet og Botnastølsvatnet i midten
(alle bilder med mobil)

Eg var ein kjapp tur opp igjen på Indrevågefjellet på veg heim i ettermiddag òg. Det låg litt snø oppover. Eit par plassar var det faktisk nokre ganske djupe fonner der vinden hadde blese snøen i hop. Elles minkar det fort på lyset no. Etter helga må hovudlykta fram på denne turen. Kan bli litt artig det...

Sidan eg blir åleine i helga, blir det vel eit fjell eller to til. Eg får sjå vèr og vind litt an for kvar turane går...

onsdag 24. oktober 2012

As time passes by

Indrevågefjellet i går
Eit par kjappe turar på Indrevågefjellet denne veka, utan så mykje å skrive heim om. Men det var begynt å kjølast ganske kraftig ned i ettermiddag. I tillegg friskna det på med vind. I følgje meldingane kan vi vente oss snø til helga òg. Iallefall i høgda på postane, så då er det berre å finne fram vinterhabitten. Sidan det ser ut til at eg blir gressenkemann til helga, er det berre å stå på vidare.

søndag 21. oktober 2012

Nydeleg søndags-ettermiddag heime


Solnedgang heime i ettermiddag

Eg var noko møyr i kroppen etter fjellracet i går. Det vart nokre fjell etterkvart. Eg tok det difor piano i dag tidleg. Men etter at Olaug hadde vore å vove tok vi oss ein tur ilag på Indrevågefjellet. Det er ikkje så ofte vi går saman. Eg likar å vere min eigen herre og gå i mitt eige tempo, medan ho likar det sosiale og det å gå saman med andre damer. Slik sett trur eg det er litt skilnad på kvinnfolk og mannfolk. Eg understrekar at eg trur, for eg kan vel berre snakke for meg sjølv...:-)

Ho var no forresten ikkje verre på det i dag, Olaug, enn at ho gjekk rett etter meg opp fjellet og over den bratte og krevjande hammaren midt oppe i bakkane. Relativt pøst var ho nok likevel på toppen...

 Olaug på Indrevågefjellet i føremiddag

Jammen følgde ho etter same vegen ned igjen òg. Det kan no ofte vere vèl så krevjande, når det er sleipt i bakkane, steinane, hammaren og ura ned under. For som sagt det er ganske så bratt der oppe...

Elles vart vèret mykje betre ut over ettermiddagen her heime. Eg var likevel godt metta for fjell denne helga, så eg oppheldt meg rundt husnòvene resten av dagen. Fint vart det i den låge kveldssola. Den går ned rett i vest av fjorden no. Blir flott lys av det...!

lørdag 20. oktober 2012

Rundtur ein laurdag

Indrevågefjellet i går kveld (mobilbilde)

(Alle bilder med mobil)

 Vardenova og Portavatnet frå Portafjellet i dag
 Svaberga på nordsida av Portafjellet
Størdalsstauren i kveld

Eg fekk ikkje blogga turen på Indrevågefjellet i går etter arbeid. Øverst ligg det bilder frå denne turen.

I dag gjekk eg frå Oslandsbotnen til Portafjellet, Stordalsfjellet, Middagsnipa og til Indrevågefjellet igjen. I kveldinga tok eg òg turen oppom Størdalsstauren.
Eg fann greitt ein veg opp på fjellet igjen frå Norddalen som eg gav meg på forrige helg. Det var mykje lettare å sjå kvar eg kunne gå opp enn kva det var då eg kom hin vegen forrige helg. Dette nemnde eg vel på bloggen òg. 


Elles skal eg kome nærare inn på denne rundturen neste gong eg går han. Vonleg med gode bilder. Det var litt dårleg lys i dag, så eg tok ikkje med meg kameraet. Alle bilda er difor med smarttelefonen og ikkje av beste kvalitet. 
Frå Stordalsfjellet i dag. Vi ser kjende fjell i aust...

torsdag 18. oktober 2012

Godt å ta i....


God trimtur på Indrevågefjellet i ettermiddag. Opplett og bra
temperatur. Vindstille. Raskaste turen dette i år då eg tenkte på lyset sidan eg ikkje hadde med meg hovudlykta. Men det var det ingen problem med. Eg fekk faktisk tid til å merke litt meir til mørketida. 

Når vi no snart stiller klokka blir det mørkevandring. Med to alternative toppar kan eg velje kvar eg vil går når eg tek hensyn til ver, vind og snøforhold.

tirsdag 16. oktober 2012

Nydeleg oktoberkveld

Solnedgang i Stongfjorden i kveld

Eg gjekk meg ein nydeleg kveldstur på Indrevågefjellet igjen etter arbeid i dag. Såg bilen til Dag Tore stod på Osland. No traff eg ikkje han og Anita, då dei truleg gjekk den vanlege ruta inn over elva og ut att lenger oppe, og så opp fjellet. Eg går beint opp den bratte skåra og over hammaren. Så vi gjekk truleg akkurat om ein annan etter tidspunktet i trimboka å dømme.

Elles var det ein fantastisk kveld der oppe i siste solstrålane for dagen. Nesten vindstille og raudglødande islett i landskapet. 

Eg nådde akkurat ned igjen til Stongfjorden då sola gjekk i havet i vest. På stranda var Gro og Mariann med ungane i det praktfulle lyset. Det er akkurat på denne tid av hausten og om våren sola går ned rett i vest for bygda. Lyset blir difor spesielt flott då. Bygda ligg bada i raudt. 

Diverre ser det ut for at sola blir vekke igjen no. Men vi får vere glade for dei praktfulle kveldane vi har fått i det siste.

mandag 15. oktober 2012

Ettermiddag på Yndestad

Fra Heime_2

Vandring i mørke fjell

Indrevågefjellet litt t.v. for midten frå Ytrevågefjellet.
Foto 9/11-11 kl 17.42.

 Blåfjellet, Holmedal og Dokka frå Svarthamrane.
Foto 23/11-10 kl 18.34

Straumsnes og Holmedal frå Moldura.
Foto 8/11-11 kl 18.14

Alden frå Høgeheia.
Foto 10/2-09 kl 17.43

Atløy og Alden.
Foto frå Moldura 11/11-11 kl 17.08

Bilda ovanfor er nokre eksempel på kva du kan oppleve når du går med hovudlykt i fjellet når mørketida no set inn. Eg har praktisert dette nokre år no. Det er både spanande, utfordrande og givande. I år har eg såleis merka litt på Størdalsstauren og Indrevågefjellet. Merke som vil bli tekne ned igjen til våren. Eg vil difor slå eit slag for at de nyttar desse. Du får fantastiske naturopplevingar i godvèr og månelys. Og i ruskevèr er merka ein sikringsventil (hugs at vèret snur veldig fort om vinteren...) 

Det er ei kjennsgjerning at mørketida kan vere tung for mange. Å kome seg ut og i aktivitet er difor viktig. Kanskje endå viktigare på denne tid enn elles i året. For dei som likar fjellet og mosjonen dette gir, er ovannemnde gode alternativ.

Vintervandring set sjølvsagt litt andre krav til klede og utrustning enn sommarsdagen. Eg har gjort mine erfaringar på mitt nivå. Kan eg dele desse med andre gjer eg meir enn gjerne det. Er det noko akkurat du lurer på så ta kontakt. Det er heilt gratis.  


søndag 14. oktober 2012

Bittersøt søndag...

I sola i det fjerne ser vi Storebatalden.

Eg tok med meg nokre merkestenger på Indrevågefjellet i dag tidleg. For å ha noko å gå etter opp på sjølve fjellet i mørke og whiteout. I morgonsola såg dei nesten litt mistilpassa ut der dei stod. Av erfaring veit eg likevel at dei kan vere særs gode å ha når lys og vèr er litt annleis enn i dag. Det er ikkje alltid berre berre å gå i fjellet mørke vintrakveldane...! 

No har eg fått tak i siste sort stenger av Svein F. Refleksstenger som ikkje lenger er i bruk, hvis nokon skulle lure om eg hadde nappa dei opp etter FV609... Desse skal ikkje bryte så lett eller eldast av vèr og vind. Men gode å få sett dei i jord var dei ikkje. Det er særs skrint her oppe i så måte. Så eg måtte til med både stein og anna for at dei skulle stå støtt. Så vèrhardt som her er på fjellet ute ved kysten, skal det noko til at dei blir ståande når vintrastormane sèt inn. 

 Hurtigruta passerer vest av Heggøyna i dag tidleg

No var det framleis tidleg på føremiddagen då dette prosjektet var ferdig. Eg tok difor turen vidare innover til Middagsnipa og forbi for å sjå etter ein plass å kome meg ned av fjellet, over Norddalen til hi sida, og opp på Portafjellet og Stordalsfjellet. Det vart eit mislukka forsøk i så måte. Bakke opp og bakke ned og berre slette fjellet ned i dalen, så eg gav meg på heile greia då eg nesten var komen inn på Kvamsnipa. Irriterande. Her er akkurat eit lite stykke på Askvoll-halvøya som eg ikkje er kjend i. Før eg gjekk ut att over Middagsnipa bestemte eg meg for heller å gå hin vegen. Den vanlege ruta gjennom Porten til Stordalsfjellet. Då ville det vere mykje lettare å finne vegen opp på hi sida nedanifrå. 

På Indrevågefjellet igjen traff eg John L. med frue. Joda, han visste vegen. Endå meir irriterande var det då eg vart klar over at det omlag var der eg snudde det gjekk an å kome seg over. Ja, ja då tek eg det berre att neste helg. Ingen grunn til å grine over spilt sveitte.... Eg fekk meg iallefall ei flott morgontur. 

Etter eit par skiver og eit krus kaffi heime, tok eg meg likevel ein rask tur på Størdalsstauren for å kjenne meg litt betre. Liksom berre for å ha fått meg to teljande fjelltrimpostar likevel....;-)

lørdag 13. oktober 2012

Haust på Staveneset

Eg tok meg ein liten tur på Staveneset i ettermiddag for å kike litt på kveldssola og høyre litt bølgjeskvulp. Som ein liten kontrast til snø og kulde på Blegja i stad. Vi har mykje flott natur rundt oss!

Bokbyte på Blegja

Første solstrålane for dagen i Kvammen

Eg har vore ein del gonger på Blegja i år. For det meste har det vore folketomt i bakkane oppover. Ganske overraska vart eg difor over å treffe fleire personar i dag. Rett nok skein sola, men ein sur austavind gjorde det ganske så kaldt. Ja rimeleg kaldt var det allereie ved fjorden, då vasspyttane var frosne etter natta. Og med snølaget som låg oppe på toppen av fjellet, i tillegg til vinden og temperaturen, kunne ein no lett tenkje seg korleis det var oppe på platået. Tøft var det difor å treffe folk her oppe i dag. 

Eg starta som vanleg tidleg frå fjorden. Klokka var vel 8.15 eller noko slikt. Raskt fann eg likevel ut at det var gått ein person føre meg oppover. Det kunne ikkje vere nokon annan enn heilt lokale folk sidan det ikkje stod nokon bil i Rørvika. Eg tenkte på A.Leknes. Det stemde. Eg tok han att oppe under Rørvikenipa. Han var avstad for å sjå etter rypene. Vi vart pratande ei stund. Men det var iskaldt i skuggen av fjellet og den friske austavinden. Han gjekk nord om Nipa medan eg tok den vanlege ruta sør om. 

Første solstrålane for dagen fekk eg på meg sør ved Nipevatnet. Sola stod opp rett sør i Blegjaskardet. Så mykje mòn var det ikkje akkurat i desse vàre morgonstrålane. Vinden bles meg friskt i mot og tårene skvatt av auga. 

Første verkelege snøen låg omlag her i frå vatnet og opp. Ikkje så mykje til å begynne med, men stadig meir. Litt obs måtte eg vere, då snøen ikkje dekka alt av skumle holer og søkk mellom steinane. Men heldigvis sat eg bra på. Spesielt tungt vart det heller ikkje, då eg slapp å vabbe i snøen. På toppen låg det vel omlag 20-30 cm kan eg tenkje meg. Litt varierande djupne kor snøen hadde lagt seg. 

Det var verkeleg kaldt der oppe i dag tidleg. Eg toppa ut ca 10.15 i isande kald austavind. Kor mange kuldegrader det var veit eg ikkje, men det skal jo ikkje så mange til før det blir kaldt når det er vind. Eit vindkast heldt faktisk på å blåse sekken min ut for kanten på nordsida. Heldigvis nådde eg han att. (Det første eg gjorde på toppen var heldigvis å skifte klede...:-))

Så slo eg laus snø og is frå hòlet der fjelltrimboka låg. Tok den gamle boka med meg i sekken, og la den nye på plass i ny boks opp i den gamle boksen. Tulla eit par nye plastposar rundt og la dette inn att i varden på same plassen. Mission completed!

Eg tok deretter nokre bilder og ein snutt på kanten i vest, før eg gjekk ned att same vegen. 

Ned i urane att måtte eg lette litt på utstyret. Dunjakka pakka eg ned igjen i sekken i lag med vottane. Fiska fram eit tynt vindtett "skjørt" ut att på den nye Brynje skipullien eg har kjøpt meg, og kjende meg raskt ledigare. 

Første paret på veg oppover traff eg ovanfor Nipebua. Det var Florø-folk som eg har treft her oppe før. Vi stoppa sjølvsagt og prata litt om forholda lenger opp. Kjekke folk. Og ikkje så langt nedom her igjen, i bakken under hytta, traff eg på par nummer to for dagen. Desse òg heimehøyrande på hi sida av fjorden, nærmare bestemt Stavøya. Det viste seg at dei to ungdommane, søsken forresten, aldri hadde vore her oppe før. Ganske friskt å ta seg opp her første gongen på denne tid forresten. Så eg forklarde dei litt om vegen vidare. Sympatiske og kjekke, så eg fekk knipse eit bilde. Under ser du såleis Bjarte Jakob Eikevik og Renate Eikevik (håpar eg hugsar namna rett....)

 Sporty ungdommar på Blegja i dag

Etter å ha sagt god tur vidare, bar det nedover siste stykket til fjorden igjen. Klokka var godt 12 då eg køyrde ut att i Stongfjorden. Rett på butikken etter 3 x 1,5 liter Olden sitron med kolsyre. På tide å få i seg noko drikke, ja kanskje litt mat òg...:-) Flott tur!



torsdag 11. oktober 2012

Ein tur til...

Svanøya og øyane ved Florøkanten i ettermiddag

 Osland i siste sola for dagen

Fantastisk tur opp igjen på Indrevågefjellet i kveld i nydeleg solskin. Lanskapet låg skinande i gull. Stilt heilt til havs. Fjella i aust og sør bada i kveldssol. Flottare oktoberkveld kan ein ikkje tenkje seg.

Foto Indrevågefjellet 111012

onsdag 10. oktober 2012

Fint på Indrevågefjellet igjen...

Utsikt austover frå Indrevågefjellet.
Vi ser Nordre og Søndre Kringla og Fossedalshengenipa (midten) bak.
Til høgre ligg Portafjellet.
Artig å sjå ryggane på fjella her i frå. Slake mot nord og bratte mot sør. 
Ordet "nipe" er henta frå dette.

Eg tok turen oppom Indrevågefjellet i ettermiddag som i går. Eller det vil seie, eg går før middag med det same eg kjem heim. Same procedure...

Førebels er det akkurat lyst nok til å kome seg opp på Indrevågefjellet og ned igjen før det blir mørkt. Seinare får vi ta i bruk hovudlykta. Det er i grunn det same med Størdalsstauren. No har eg fått tak i nokre nye merkestengar av Svein F som skal vere gode å ha der oppe når det blir mørkt og ryskje i vinter. Desse er av siste sort som ikkje knekkjer så lett og er god refleks på. Det verste er i grunn når alt blir kvitt og svart om kvelden, og du berre ser skorna på deg sjølv. Ein tur på Ytrevågefjellet på hi sida av Vågeskardet i fjor vinter sit endå friskt i minne. Men der var det heller ikkje merka...! 

I dag unngjekk eg ikkje regnet. Så voldsomt mykje vart det likevel ikkje. I tillegg kom det tjukk skodde nedom toppen då eg var på veg ned igjen. Men eg traff akkurat varden på toppen av hammaren likevel. Skodda forsvann like fort som ho kom. Nesten som eit katta-i-sekken opplegg. For då eg var nede igjen var det skoddefritt heilt opp...

Det er flott trimtur opp bakkane på fjellet frå Osland. Kjekt å kjenne at forma er god...!

Haustkveld på Indrevågefjellet

Vi ser mot Svanøy

Fin, fin tur på Indrevågefjellet i går kveld. Sola derimot var forsvunna. Men etter kva eg ser er det visst håp om at ho dukkar opp igjen med det første. Flaks hadde eg likevel for det regna skikkeleg etter at eg var komen heim igjen.

Den lange og bratte bakken opp frå Osland er tung. Den krev sin mann. Eg har likevel valt ei rute som går meir eller mindre rett opp, over eit hammarslag, og beint opp siste bakken òg. Ein sparer litt tid på dette i staden for å gå sørover og så nordover igjen. Og så slepp ein å krysse elva to gonger. Det kan likevel vere ei utfordring i bratta når det frys på. Spesielt over hammaren.  Det gjekk likevel relativt greitt same linja til Middagsnipa hitt året. Elles er det alltid eit alternativ å ta "normal" ruta.

Så mykje elles er det gjerne ikkje å seie. Eg verken såg eller høyrde noko spesielt. Men landskapet er iallefall prega av ei anna årstid no, for det låg noko snø på den 644 moh høge toppen. P.S. Kartet viser 683 moh, men det er Middagsnipa. Zoomar du det inn ser du det...

Nettleseren din støtter ikke visning av iframe. <a href="http://www.fylkesatlas.no/default_embed.aspx?id=xZXrtXXZu73cECT" target="_blank">Du kan se innholdet i rammen her</a>
Indrevågefjellet midt i bildet

tirsdag 9. oktober 2012

Det tèk i Stordalen...

Eg såg gjennom nokre gamle bilder frå sist Stordalsfjellet var på programmet i 2006.  Eg plukka ut eit par for å vise at det kan bli moro der inne i vinter...!

P.S. Hugs vindtette klede, vottar, balaklava og briller.... Ja kanskje noko varmt på føtene òg... ;-)


Ny sesong ja...

Frikst på Størdalsstauren i går ettermiddag

Eg stakk ein tur oppom Størdalsstauren då eg kom heim frå jobb. Frisk tur. Både vèrmessig og trimmessig. Turen opp er jo opp for å seie det slik. Lita kvild å få. Det er eit litt flatt parti rett vest av Langedalen. Nokre meter vel og merke. Men elles er det beint opp. Så høgt er det no ikkje, berre 532 moh, men gir du på litt så kjenner du det bra i lungene. Spesielt når det er så vått og myrlendt oppover i tillegg...:-)

Det var opplett i vèret heilt til eg kom opp. Då kom ei solid snøbyge inn frå Florøkanten i nordvest.

Eg møtte forøvrig ein hjortejegar med klingande sørlands-dialekt nesten oppe ved toppen. Pakka inn i munnbind, balaklava og kamuflasjefargar fekk eg ein assosiasjon til Afghanistan... Eg slo av nokre ord med han, men måtte innrømme at hjortejakt ikkje interesserer meg. Eg likar hjorten best i live. Han ser så dau ut når han er dau. Eg tok med meg eit kompliment om speeden min og heldt fram til topps...

Diverre var det lite å sjå i snøbyga som kom, så då var det berre å peise på ned igjen og hoppe i dusjen....

Elles har eg godt utsikt til Størdalsstauren frå stova heime. Som de ser av kartet ligg Yndestad akkurat på motsett side av fjorden. Til vinteren, når det blir mørkt, kan det jo vere greitt å sjå "når lysene tennes der hjemme"...:-)

Nettleseren din støtter ikke visning av iframe. <a href="http://www.fylkesatlas.no/default_embed.aspx?id=VJYHNETfzhkcgXm" target="_blank">Du kan se innholdet i rammen her</a>
Størdalsstauren litt t.v. midt i bildet
   

søndag 7. oktober 2012

Med blanke ark

Under skodda igjen ser vi Osland.

Vi kan konstatere at den nye trimboka er på plass på Indrevågefjellet. For som de skjønar vart det ingen Blegja-tur i dag heller. Vèret var for ille. Ja, minst like gale som i går. Iallefall i bygene. Så eg tok difor turen på Indrevågefjellet i staden, og ei lita økt med ryddesaksa. Eg friserte ein del einer oppover og sette opp nokre vardar. For å seie det som det var, var eg glad for at eg ikkje hadde "rota" meg opp i Blegja då eg stod på toppen av Indrevågefjellet...

Vèret vart ganske så ille frå over kanten på fjellet frå Osland. Ei solid kulingbyge med silande regnvèr inn frå Stavfjorden og Florøkanten i nordvest. Vel, byge og byge. Ho varde heile tida medan eg var oppe. Skodda var i tillegg skikkeleg tjukk. Det gjekk likevel relativt greitt å finne toppen. No stod det nokre vardar frå før der oppe. I lag med dei eg sette opp, skal det gå fint å finne inn på toppen sjølv i skodde. 

Det skal bli skikkeleg kjekt å kome i gong med dei nye postane på fjelltrimmen no, etter ein dødperiode på 14 dagar på dei gamle postane. So here we go...:-)

Foto Indrevågefjellet 071012

På toppen av fjellet over og aust for Osland

lørdag 6. oktober 2012

1 stk utsetjing

"The sun always shines on TV...."

Eg kansellerte Blegja-turen i dag. Det var for ryskje. Regn og skodde med temperatur som tilsa snø der oppe. Akkurat det freista ikkje. Det står ikkje SÅ voldsomt på med å få bytt ut boka der oppe med ny. Eg tok difor turen på Størdalsstauren igjen. Ei lita merkerunde for kveldsrangling med hovudlykt. 

Vått vart det. Nokre gode regnbyger. Oppe på stauren bles det godt òg. Ikkje akkurat noko kosevèr for å seie det slik. Artig var det likevel at den nye fjelltrimboka allereie var komen på plass. Godt jobba! 
Eg gjekk ned att same vegen. Ganske fornøgd med linja. ...;-) 

På Stafsnes igjen traff eg Ansgar Bjarne på tunet. Vi vart pratande litt. M.a om Blegja og muligens ein tur i lag. Og ikkje minst er det flott at eg kan ha bilen parkert der til vinteren når eg går denne ruta på Størdalsstauren. For no blir det turar her framover. Her og på Indrevågefjellet. I første omgang. Om ikkje dagleg så iallefall nokre gonger for veka.... Har site nok i ro no og lada batteria...;-)  

Foto Størdalsstauren 061012

Skodde, regn og vind på Stødalsstauren i dag.