torsdag 20. september 2012

Snøslette og væte

Utsyn mot Nordeide. Kalderasnipane t.h.

Etter ein kviledag i går, gjekk eg i dag på Røyrbotnholten og Kultingane igjen. Det minkar heldigvis på desse turane no, etter korleis eg har sett føre meg avslutninga på denne sesongen. Ein tur til på førstenemnde og nokre til på den andre toppen. Første helga i oktober er det slutt. Då er det nye turmål som gjeld. 

På Røyrbotnholten var det ganske så ufyseleg igjen i dag tidleg. Skodde og snøslette, men heldigvis nesten heilt stilt for vind. Så mykje er det ikkje å seie. Det vart det vanlege fort opp og fort ned. Det er ikkje akkurat for mykje flott haustvèr om dagen til å nyte turane. I dag var det i tillegg snø oppe, så det var berre å komme seg ned igjen til ein varm bil. 

Deretter gjekk turen til Nordeide. Eg bestemte meg nemleg for å klyve opp austsida av Kultingane i dag. Rett opp gjennom ein jotne på Smettet, og strake vegen til topps. Rett og slett for å få litt forandring i kosten. Det er ganske så bratt siste stykket opp. 

På Smettet stakk faktisk sola fram eit bèl. Men sjølvsagt fekk eg den byga på meg oppe på toppen. Eg venta berre på det store toresmellet... Heldigvis kom ikkje det. Men gjennomsveitt som eg var, vart det fort kaldt. Så då vart det ei ny peising igjen ned bakkane til bilen. Det fekk vere nok for i dag dette. Fekk heller lage middag til familien og score eit poeng der òg...;-)

Ingen kommentarer: