søndag 30. september 2012

Exit Kultingane

Størdalsstauren i går

Reknar med at eg tok siste turen på Kultingane i dag tidleg. Faktisk var eg ganske heldig med vèret. Det skein bra opp, men tok verken med meg mobil eller fotoapparat på den kjappe spring-turen. 

Tydlegvis skulle Barnas Turlag ha tur der nede i dag. Det var kome opp postar på veg oppover. Flott tiltak av Anne-Grethe L som primus motor for denne aktiviteten. At ungane held seg fysisk aktive, og får dette inn frå barndommen av, er viktig. Eg trur dei blir meir opplagde på skulen, lærar meir og blir lettare å ha med og gjere. Spesielt gutane... Ja, det er mest så at leiinga av denne aktiviteten skulle vore lønna av det offentlege! For det er pengar spart å halde ungar og andre i fysisk aktivitet.

lørdag 29. september 2012

Friskt mot

Utsikt mot Yndestad 

Eg kjende meg såpass ovanpå innvortes igjen at eg køyrde igong med Kultingane i dag tidleg. Diverre var eg litt for tidleg ute med omsyn til vèret. Det var meldt bra, men eg fekk sjølvsagt på meg den byga i berre joggeklær og joggesko. No er ikkje dette så lange turen då, så det gjekk heilt fint sjølv om eg vart godt våt. Elles var det både vått og sleipt nede i dalen og oppe i bakkane. 

I går hadde ein heil skuleklasse vore oppom med Vigdis i spissen. Det er flott ungane får litt fysisk aktivitet. Slikt skulle det heilt sikkert hatt endå meir av på skulen. Eg er heilt sikker på at ungane blir meir opplagde og lærer meir når dei er fysisk aktive.

Heime igjen tok eg meg eit par skiver og prata litt med besøk vi hadde fått i hus. Vèret vart etterkvart veldig fint. Dei hadde meldt om det nokre timar iallefall. Så då tok eg turen på Moldura. Då eg plukka ned igjen merkestengene forrige helg, låg det såpass mykje snø oppe at eg rekna med nokre av dei øverste stengene låg nedsnøa. No var snøen vekke, og det stemde. 

Traff denne tøffe gjengen på Moldura i dag
f.v. Espen, Sander, Vigdis, Jakob og Anita

Eg kom forresten akkurat til topps då Vigdis og Anita R med gutane sine kom opp frå sørsida. Vi prata litt, men ein sur trekk frå sør gjorde det fort kaldt. Vi gjekk då ganske fort til kvar vår side av fjellet igjen. No gjekk eg ikkje rett heim igjen då. Eg tok turen vestover til Størdalsstauren med merkestengene eg hadde plukka opp. Fjellet er post frå neste helg av. Eg sette opp stengene nedom der eg slutta forrige helg.

To fine turar var såleis i boks. Så får vi tru forkjølinga er over for denne gong...

Foto Moldura 290912

Størdalsstauren t.h.


onsdag 26. september 2012

Ro

Eg har ikkje tenkt å bruke denne bloggen som noka dagbok over kroppslege lyte, men eg drog på meg ei aldri så lita forkjøling i helga (har ikkje lege med rumpa bar). Eg har difor lete kroppen få fred eit par dagar. Reknar med det er raskaste måten å kome meg ovanpå igjen. Å trasse signala kroppen gir er aldri sunt! I så måte passa det i grunn bra med eit personalmøte etter arbeid i dag òg. Kva morgondagen måtte bringe står att å sjå, men ei anna kribling i kroppen gjer seg nok snart gjeldande:-)

tirsdag 25. september 2012

Pendlarbilete

Løvika og Solheimsdalen i dag tidleg på veg på jobb.
Foto Samsung Galaxy 3.

søndag 23. september 2012

Turn around

På Staveneset kl 06.40 i dag
(sjekk foto forrige blogg)

Vel, vel - den forrige bloggen min skreiv eg visst litt for tidleg i ettermiddag. For eg knytte på meg joggeskorne og sprang på Kultingane i Askvoll etter ein begredeleg fotballkamp. Nesten i sinne over dommaren! Fekk sveitta bra frå meg og kvitt noko gørr. Eg nådde att sola oppe i bakkane mot toppen på ein fantastisk flott kveld. Så då fekk fotball vere fotball... og gløymd var den kampen!


Fjell fekk vere fjell...

Staveneset kl 06.42 i dag tidleg

Eg lèt fjell vere fjell i dag. Så eg tok meg ein tidleg tur på Staveneset før soloppgang for å ta nokre morgonbilder. Nydeleg morgon med frosa bilrute. 

Seinare på føremiddagen tok Peter og eg oss ein båttur. Frisk havluft gjer godt. Så fekk vi køyre motoren litt òg før vinteren. Blikkstille fjord og hav. Fantastisk flott! Vedlagt nokre bilder.

Fra Sjø 2309

lørdag 22. september 2012

PC`en er heime igjen...

Høgefjellet i går

Peter lånte med seg pc`en min til Rivedal fredag, og kom heim igjen med den i dag. Eg slær difor i hop turane i går og i dag til eitt album.

I går gjekk eg Høgefjellet og Røyrbotnholten. I dag Moldura, Størdalsstauren og Kultingane. Fire kjempeflotte turar. 

Eit par ord om Moldura i dag. Dei andre turane hoppar eg berre over, og lèt bilda tale for seg. Eg gjekk nemleg før kl 07 frå Stafsnes i dag tidleg. Det var ikkje meir lyst enn at eg framleis skimta nokre stjerner. Og ute i havet var himmelen blå og rosa. Fantastisk! 

Playboy... 
 Størdalsstauren t.h.

Det gjekk ikkje så langt opp gjennom bakkane før frosten låg på marka. Lenger oppe var myrane og vasspyttane frosne. Og oppe mot toppen låg det snø. Knallhard skare etter nattefrosten. Det var som vintradagen. Men på toppen var det reine påskestemninga. Heilt klårt til havs. Nokre skoddeflak i Flekkefjorden. Og knallsol på nysnø! Utruleg fint. 

 Størdalsstauren i dag

Eg plukka med meg refleksstengene som har stått sidan i fjor haust på veg ned igjen. Mange var diverre splintra av Dagmar, andre stormar og sauene som har kneka seg opp etter dei. Det som var nokolunde heilt tok eg med ut på Størdalsstauren. Sidan dette etter alle solemerker er fjelltrimpost for neste sesong som startar om fjorten dagar. Deretter sette eg dei opp igjen ned over lia lenger vest for Stafsnes. Her er det bra sti deler at strekka. Eg har tenkt å bruke den same ruta som for 7 år sidan. No manglar det ein del merking før ein kan gå opp med hovudlykt. Nokre stenger lyt også flyttast, sidan eg ikkje traff heilt då eg kom ovanifrå. Men det får eg ta om fjorten dagar. Elles er det godt mogeleg at eg tek nokre turar til på Moldura før posten blir teken ned. 

Når det gjeld morgondagen, så har eg ikkje bestemt meg endå. Olaug har første pri.   

Foto Høgefjellet_Røyrbotnholten_Moldura_Størdalsstauren_Kultingane 21_220912



Her er forresten eit par bilder frå Stongfjorden òg i kveld...

torsdag 20. september 2012

Snøslette og væte

Utsyn mot Nordeide. Kalderasnipane t.h.

Etter ein kviledag i går, gjekk eg i dag på Røyrbotnholten og Kultingane igjen. Det minkar heldigvis på desse turane no, etter korleis eg har sett føre meg avslutninga på denne sesongen. Ein tur til på førstenemnde og nokre til på den andre toppen. Første helga i oktober er det slutt. Då er det nye turmål som gjeld. 

På Røyrbotnholten var det ganske så ufyseleg igjen i dag tidleg. Skodde og snøslette, men heldigvis nesten heilt stilt for vind. Så mykje er det ikkje å seie. Det vart det vanlege fort opp og fort ned. Det er ikkje akkurat for mykje flott haustvèr om dagen til å nyte turane. I dag var det i tillegg snø oppe, så det var berre å komme seg ned igjen til ein varm bil. 

Deretter gjekk turen til Nordeide. Eg bestemte meg nemleg for å klyve opp austsida av Kultingane i dag. Rett opp gjennom ein jotne på Smettet, og strake vegen til topps. Rett og slett for å få litt forandring i kosten. Det er ganske så bratt siste stykket opp. 

På Smettet stakk faktisk sola fram eit bèl. Men sjølvsagt fekk eg den byga på meg oppe på toppen. Eg venta berre på det store toresmellet... Heldigvis kom ikkje det. Men gjennomsveitt som eg var, vart det fort kaldt. Så då vart det ei ny peising igjen ned bakkane til bilen. Det fekk vere nok for i dag dette. Fekk heller lage middag til familien og score eit poeng der òg...;-)

tirsdag 18. september 2012

Reprise på reprisen - igjen!

 Røyrbotnholten i ettermiddag...

Eg nytta meg at same opplegget i dag som i går. Reprise på reprisen for å seie det på den måten (men snart er det nye fjell...) Og nok ein gong var eg såpass heldig med vèret at det ikkje kom ein dråpe regn. Faktisk såg eg i sola òg, som bildet inn under viser. Det er rett nok teke i Eidsfjorden, men sola var òg framme då eg gjekk over myrane nordover. Slikt er jo merkbart etterkvart... 

Elles er det vel i grunn ikkje så myke å seie anna enn at det var ein fin trimtur. P.S. Det er tungt å gå delvis oppover i våt myr...

mandag 17. september 2012

Litt flaks...

På Røyrbotnholten i 18-tida i stad. Vi ser Vardenova i aust.
Eg tok turen direkte til Rivedal etter jobb i dag. Var berre heimom og skifta til fjellty. Og det må eg seie var flaks. For eg kom meg kjapt opp og ned på Røyrbotnholten utan ein einaste regndrope på meg. 

Værbiten....:-)
Det bles friskt på toppen. Og regnet såg eg kom sør i Guddals-traktene. Så eg heiv meg berre rundt og kom meg ned igjen i tida. Eg var ikkje komen så langt ut langs fjorden igjen før det pøsa ned. Då måtte eg le med meg sjølv. Av og til er det lov å ha litt flaks. Det har visst ikkje vore for mykje av det i det siste når eg tenkjer på vèret...

søndag 16. september 2012

Roleg søndag

Søndagen gjekk med til diverse besøk her heime, både til middag og kaffi. Det passa difor godt at Håvard viste bilda deira frå Tyrkia i sommar på storskjermen i stova. Ikkje rart at tankane gjekk til neste sommar og ny tur. Men då blir det truleg retur til Kemer. Vi får sjå når turane for neste sommar ligg klar. 

Eg nådde likevel ein tidleg tur på Røyrbotnholten. Faktisk var det opplett (nesten) heile tida til ein forandring. Men eg kutta Kultingane, som eg har brukt å ta i same snuren, og reiste heim til familie og barnebarn...:-) Eg trur nok eg skal klare dei måla eg har sett meg til første helga i oktober likevel, trass i elendige vèrmeldingar komande veke òg.

lørdag 15. september 2012

Vått, vått og atter vått...

 Som hausten kan vere. Vi ser Helgøyna midt i bildet.
 Diverre ser vi lite til slike motiv om dagen...

Det vart to fjell på fjelltrimmen i dag. Ein søkkvåt tur på Røyrbotnholten i dag tidleg, og ein tur på Kultingane seinare på dag. Meininga var å ta begge på same turen, men...

Eg vart faktisk så søkkvåt nedantil på første turen at eg bestemte meg for å reise heim og byte. Goretex-buksa mi er berre så utslita at den ikkje er hjelp i å impregnere lenger. Den hadde ikkje sjanse mot det vassrette plaskregnet som slo meg i mot. På toppen var det som vanleg ufyseleg. Skodde, vind og regn. Så det var berre å springe ned igjen dei gjennomvåte bakkane og myrane, delvis med overflatevatn. Shit. Det var vått og kaldt. Iskald køyrde eg rett heim igjen og kom meg i dusjen. 

Seinare på dag vart det litt lettare i vèret. Då reiste eg ned igjen til Askvoll og sprang på Kultingane. I joggesko. Ja, du las rett. Eg gav blanke, og sprang i goretex-joggeskorna. Opp gjennom dalen var det omlag som ei einaste elv. Og opp bakkane reine gjørmebadet. Men er du våt og driten, så er du våt og driten.  Eg kom meg fort opp og sprang ned igjen. Med spyling i kjellaren etterpå...:-) 


fredag 14. september 2012

Kjensla av å bli kjeppjaga...

Eg trur nesten det lyt halde med eitt fjell i dag. Eg fekk ganske bra
bank på Høgefjellet i stad. Det bles noko grassat og regna troll-kjerringar. Utruleg vått alle plassar. 

Ja, elvane rann over overalt. Rørvikelva var fantastisk stor. Og det er sjeldan eg ser elva frå Botnastølsvatnet renn ned i Oslandsbotnen pga reguleringa, men i dag rann det jammen over der oppe òg. Ja, over demma ved Stongsvatnet likeeins. Av bilde nr 2 t.h. kan du sjå at Bjørnastigvatnet er fullt. Så no renn vatnet over og i havet på alle magasina til SFE her ute... Det er jo synd sidan dei stadig skal byggje ut meir.
(Utan å kome meir inn på det her og no...).

Eg vart positivt overraska over Rab Latok jakka mi i stad. Den er av 3 lags eVent stoff. Den heldt regnet ute. Nesten utruleg etter korleis det hølja ned. Ja ned, det var nærast vassrett. Og på ranane utover mot toppen vart eg piska i væte frå sør. Eg tok likevel sjansen på å ta fram mobilen og knipse eit foto (øverst). Det andre tok eg på veg innatt i skjul for eit par bergknattar.  

Frisk tur får eg seie, men blir det ikkje betre no trur eg dette får halde for i dag...Sjølv om eg har ein feriedag...:-)

torsdag 13. september 2012

Litt roundabout

Ho står der og skin i haustdrakta si...

Eg har teke meg eit par dagar av restferien min i dag og i morgon. Skikkeleg langhelg. Det same forresten neste helg. Og endå har eg visst ferie til gode....

Dagen i dag nytta eg bra då eg var oppom diverse toppar på fjelltrimmen. Vått og kaldt var det egentleg. Men sola dukka opp eit par gonger òg... Berre for å vise at ho faktisk eksisterte endå. Verst var det vel egentleg i går. Då var det både snøslette og vind i høgda. Og utan hanskar eller vottar vart det naglespreng. 

Så mykje er det vel egentleg ikkje å seie om desse turane. Det blir fort opp og fort ned igjen. Alt etter kor eg tòrer å sette fart på det våte og sleipe underlaget. Men nede ved Askelva i dag traff eg Ingvar S. som var ute på morgonturen sin. Vi vart pratande litt om skor, vèr og vind og trimmen. Han hadde kjøpt skorne eg anbefalte i sommar. Same sorten som eg sjølv har kjøpt opp igjen no. (Har slite ut nokre par av desse siste åra). No er det nok tid for anna skotype enn Inov8 slik forholda er om dagen då. Og etter å ha smurt fjellskorna mine to gonger med feitt, varma dei opp etterpå, og spraya dei inn med impregnering, har eg endeleg fått goretexen tett for nokre timar i væte. Har du ikkje tette sko, er det i grunn berre gummistøvlar som duger om dagen. For det er veldig vått i lendet. 

Etter å ha snakka med Ingvar på turen til Kultingane i stad, kom eg på den flotte sommarturen vi hadde med turlaget 28/6-09. Det var andre bollar det. Som turleiar for Fossevikja-Blegja-Hestad, med ein snur oppom Eitrenipa, er det ein av turane eg minnest med glede her i Askvoll. Eg fann likegodt fram igjen bildealbumet og bloggen frå den turen, og limer den inn her.

Ingvar Solheim i Fossedalen - sommaren 09. Toppen av Fløyen bak.  
Fra Fossevikja_Eitrenipa_Blegja 280609
bildeserie m/tekst

Blogg 28/6-09 her

Som sagt har eg eit par langhelgar no. Vèrmeldingane er langt frå dei beste. Faktisk ganske begredelege. Men eg reknar likevel med nokre postar på fjelltrimmen framover. Det nærmar seg slutten før neste sesong. Eg får gjere ein liten innsats no, sidan eg tulla vekk nesten 3 månader på jogging og andre fjelltoppar på ettervinteren...

Foto: https://goo.gl/photos/2eE8V4zYBKyAQe2R6

tirsdag 11. september 2012

Latter og regn

Førdefjorden frå Høgefjellet i stad

Eg var i grunn heldig som akkurat kom meg til topps på Høgefjellet i stad, før alle himmelens sluser opna seg. I tillegg bles det. Ja, nedom stølane måtte eg le med meg sjølv av regnet. I våre dagar er visst alt ekstremt, men at det regna bra, det gjorde det...:-) Noko som sjølvsagt gjorde det sleipt òg. Elles var vegetasjonen bltt veldig brun sidan forrige veke. 

Det gjekk faktisk ein del sauer på nordsida av Eitrenipa, og sørvestsida av Bjørnastigvatnet. Kvar desse høyrer heime veit eg ikkje. Det kan vere i Kvammen eller på Laukeland. No var det vel sanking på nordsida i helga. Mogeleg det er på Dalsfjordsida komande helg? Hvis nokon har bruk for denne infoen, er det berre å formidle det vidare. Eg hadde ikkje med meg kikkert, men det gjekk vel anslagsvis 15 dyr der. Men vèret og vinden var på det tidspunkt då eg gjekk innatt begynt å bli så dårleg at eg ikkje fekk fullt oversyn. No har eg planar om nokre turar til opp her, så då kan eg eventuelt kom med meir utfyllande info.

Turen ned igjen i plaskregnet gjekk heilt fint. Men eg var veldig glad for den nye vasstette innfatninga eg smarttelefonen min i. Telefonen hadde det gått dårleg med i dag utan noko slikt... Bilda er forøvrig teke med den.

søndag 9. september 2012

Ei rotbløyte

Røyrbotnholten i stad
Eg gjekk opp igjen same ruta i dag som i går. Veldig sug i myra nord om demma i Rivedal. Eg kjende meg faktisk tung i beina etter den biten. Det kom seg lenger oppe i bakkane. Men her oppe var skodda grautande tjukk. Det var ikkje mange meterane sikt i yret og regnet. I tillegg bles det. Friskt med andre ord. Eg sprang for det meste ned igjen. 

Deretter bar det til Askvoll og Kultingane. Vått her òg. Og ikkje minst gjørmete. Veldig gjørmete enkelte plassar. Her traff eg på diverse folk som eg slo av ein liten prat med. Før eg igjen sprang ned igjen, så søla og skiten skvatt rundt øyra. Så køyrde eg heim og spylte alle kleda og deretter meg sjølv.... Fin start på søndagen...:-)

lørdag 8. september 2012

Skiftande vèr

Ei ny byge frå vest. Skålefjellet t.h.
Foto med smarttelefon på Røyrbotnholten i dag tidleg.

Eg drog først til Rivedal igjen i dag tidleg og gjekk på Røyrbotnholten. Veldig blautt over myrane nordover frå demma. Ja, det var nesten overflatevatn overalt. Det saug. Eg hadde allereie løyst sveitten godt då eg tok til på stigningane oppover. 

Vèret var faktisk ganske bra. Til og med sola keik fram. Men litt lenger oppe såg eg illevarslande lillafarge på himmelen i vest. Det var berre å gje på og komme seg opp. Og det heldt akkurat. For då eg nådde toppen braut det laust med skikkeleg regnvèr og vind. Ja, det til og med hagla rundt øyrene på meg så det skvatt. Eg kom meg litt i le ved varden og venta til det verste hadde gitt seg. Deretter sprang eg det meste av vegen ned igjen. 

Så bar turen til Askvoll og opp Askdalen til Kultingane. Eg skjønte på oppstillinga av bilder nede at det var sauesanking på gang. Eg vart difor litt i stuss om eg skulle gå. Men søtten eg hadde ikkje kome ned her utan. Så eg knytte på meg dei nye goretex joggekorna og kom meg avgarde oppover dalen. 

Sjølv om det var ganske vått, skite og sleipt gjekk det radig til topps. Her såg eg at det kom eit heilt drev med sauer inne frå Steinheia-traktene. Det var ikkje eit minutt å miste. Skulle eg komme meg framfor dette kompaniet måtte eg springe. 

Sjølvsagt låg eg langflat i gjørma nede i bakken. Jakka, buksa og nevane var gjennomdritne. Men pytt eg var like heil og sprang berre vidare. Eg nådde ned framfor sauefølgjet. Likevel tok eg att nokre sauer i stien lenger nede. Dei gjekk ikkje an å komme seg forbi, så eg berre følgde etter ned forbi grinda som i dag stod open. Sauene tok så ned Prestemarka, og eg fekk springe siste stykket til bilen. 

To fine turar i boks, og eg var heime igjen før kl 12...:-)

Foto Røyrbotnholten Kultingane 080912

Heime, før eg gjekk i dag tidleg. Foto smarttelefon.

fredag 7. september 2012

Blåst og vått


Fra Høgefjellet 070912
Eg tok turen opp igjen på Høgefjellet på veg heim i dag. Vèret var utruleg skiftande. I frå sol til plaskande regnvèr og vind. Heldigvis hadde eg med meg både hue og hanskar for jammen vart det kaldt der oppe. Elles gjekk det no greitt opp og ned, sjølv om det var sleipt og kliss vått overalt. 

Det er bra utsikt frå Høgefjellet mot nord til Gjelsvikestølane, Gjelsvikefjellet og Ruggevatnet. No er det lett å sjå kvar det går sauer òg. Det gjekk ein einsleg med to lam på austsida av Ruggevatnet som sikkert høyrer til flokken som går ovanfor Rørvika. Elles ser det ikkje ut til at det går sauer rundt stølane lenger. Dei har vel fått nok av væta i det siste og har trekt heim att...

Foto Høgefjellet 070912

onsdag 5. september 2012

Haustleg på Høgefjellet



Fra Høgefjellet 050912
Etter eit par dagar med skodde, pøsregn og vind, gjekk eg oppom Høgefjellet på veg heim i dag. Det heldt seg faktisk opplett heile turen. Men sjølvsagt var det veldig vått  i lendet. Steinane i stien oppover var i tillegg såpeglatte. Med litt varsemd gjekk det i grunn greitt både opp og ned. 

Ingen spesielle ting å bemerke frå turen egentleg. Kanskje utanom å nemne at Bjørnastigvatnet igjen er smekk fullt etter å ha vore tappa heilt ned i vår (sjå fotos). Ja, gjerne også at eg fekk ein flokk sauer føre meg ned igjen. Dei gjekk føre som perler på ei snor, og hadde tydlegvis mest lyst heim att. Kanskje ikkje så rart etter alt skitvèret. Dei såg nemleg temmeleg våte og skitne ut.

Foto Høgefjellet 050912

søndag 2. september 2012

Ny kombinasjon 2

Rabbetusten tek på seg haustdrakta no.
Foto på Høgefjellet i dag.

I dag tidleg reiste eg først til Askvoll og tok med meg Kultingane. Dette fjellet er greitt å ta i dårleg vèr og skodde. Det kan eg vel seie det var til gagns. Det vil seie - verste regnet hadde nok gitt seg i løpet av natta. Då ausa det nemleg ned. Veldig lett å høyre frå senga heime at Fremstelva og Kvielva på motsett side av fjorden veks opp. Soveromsglaset vender nemleg den vegen. Som mange andre elvar her på kysten veks slike elvar fort opp, og minkar like fort, etter kva nedbørsmengde som kjem ned. 

Stien opp gjennom Askdalen var ei einaste elv der nede i dag tidleg. Blautt og gjørmete opp bakkane. Og som sagt skodde. Likevel traff eg på "herreavdelingen". Faktisk opp til 3 stykker kvar for seg. Gunnar A. treff eg ofte på søndagsturen sin. Han tok opp ein annan veg, så eg smatt forbi oppover den vanlege stien. Eg slo likevel av nokre ord med han på veg ned igjen.. Men vèret tilsa ikkje akkurat nokon lenger passiar. Eg sprang ned igjen som vanleg utanom dette stoppet. 

Eg køyrde så heim igjen. Bytte klede. Og tok meg eit par skiver før eg køyrde opp igjen i Rørvika. Som i går. Deretter igang med klatringa igjen til Bjørnastigen og Høgefjellet. Faktisk heldt det seg opplett til eg nesten var heilt oppkomen. Men her bles det ganske friskt. Og akkurat komen ned igjen under fjellet på nordsida bøtta det ned. Kliss blaut. Som i går. Og nede i Rørvika igjen var eg gjennomvåt til skinnet. Fjellskorna kunne eg tømme vatn ut av...Det var berre å kle av seg alt og køyre heim igjen i boxeren - for andre gong i dag - og fjerde gong i løpet av to dagar...;-)

lørdag 1. september 2012

Ny kombinasjon

Bilde med smarttelefon på Høgefjellet i dag

Eg gjekk ein ny kombinasjon trim i dag. Første gjekk eg opp igjen på Røyrbotnholten i dag tidleg. Deretter tok eg turen til Rørvika og gjekk på Høgefjellet. 

Første turen gjekk no heilt greitt. Piano. Som i går. Det var noko vind på toppen. Ned igjen fekk eg på meg ei bra regnbyge. Men eg sprang heile vegen til parkeringsplassen, så den gjorde ingen ting. 

På Høgefjellet etterpå vart det meir heftig. I berre lette joggeklede, joggesko og ei tynn vindjakke, vart det både kaldt og vått. På toppen dreiv regnet frå sør i kulingkast. Sjølve toppartiet frå Bjørnastigen og bort på Høgefjellet, er ganske eksponert for denne type skitvèr frå sør. Det er i tillegg eit stykke å gå fram og tilbake. Eg vart difor kliss blaut og kald til skinnet. Når eg i tillegg hadde to nesten ulukker nede i partiet mot stølen, var eg glad eg kom meg heilskinna ned igjen. Eine gongen låg eg langflat på eit berg, men greidde og ta meg for. Oppskrapa handflater og ei dårleg kne vart resultatet av det stuntet. Andre gongen trakka eg ned i ei hole på veg framover i god fart, og fekk kanten på ein stein midt på leggbeinet. Den var skikkeleg skummel. Beinet kunne fort ha ròke der. Beinskjør er eg visst ikkje, men vondt er det endå. 

Typisk dette når eg føler meg litt utilpass, og skal skunde meg ned igjen, er prosenten for at det skal skje noko gale betydeleg høgare enn om eg tek det med ro.... Av og til går det litt over stokk og stein. I ulendt terreng kan jo det vere skummelt. Sjølv om det sjølvsagt er herlig når adrenalinet pumpar litt ekstra...:-)