søndag 26. august 2012

Tjukk skodde - igjen!

Skorpa og Storebatalden frå traversen under Rørvikenipa i dag

Pokker ta! Eg banna nesten med meg sjølv oppe ved Nipevatnet i stad. Nok ein gong gjekk eg inn i grautande tjukk skodde her oppe. Sameleis som på torsdag. Då var det berre å konsentrere seg om å zoome inn vardane oppover. Heilskinna heldt eg på å seie. For steinen i urane var ikkje tørka opp heller etter all nedbøren i helga. Spesielt dei skråstilte steinane var glatte. Helst skulle eg vel hatt joggeskorna, for dei har mjukare gummiblanding, men då hadde eg blitt så steikje våt. Og med den temperaturen som det har blitt no, var ikkje det særleg behageleg. For det var isande kald skoddevind. Plussgradene kunne ein heilt sikkert telje på berre ei hand. Fram måtte både vinterhanskar, vindtett hue og vindtett jakke. I tillegg til vindtett bukse. Det var nesten slik at eg ikkje hadde blitt forundra om det kom snøflak drivande. Og framleis ligg her snø frå i fjor...

Snø ligg her enno frå i fjor. Men i dag trudde eg vi fekk påfyll.
Her "skirenna" frå torsdag og i dag!

Trass i skodda kom eg meg vèl opp. Eit par nesten ulukker nede i ura til trass. Den verste episoden var då eg ramla til sides og bakover i bratte ura. Men heldigvis greidde eg å ta meg såpass for at både hovud og rygg gjekk klar ei steinhard landing, for å seie det bokstaveleg. 

På toppen fekk eg faktisk ein augneblink ei lita glytte i skodda. Nesten akkurat då eg kom opp. Ikkje nok til å sjå fjorden og landskapet der nede, men iallefall nok til å få teke eit par bilder. Videoen vart det berre graut ut av (sjå under), så den gadd eg ikkje kommentere ein gong (skodde er i grunn ikkje så mykje å kommentere...)

Vel, vel. Eg bytte nokre klede. Fann som sagt fram vinterhabitten, og tok rett og slett til på turen ned igjen i skoddehavet. Her var ikkje verandes oppe. Rett nok var det litt lettare eit stykke lenger nede, men godvèret eg meinte eg hadde sett på nettet skulle komme, kom iallefall ikkje på Blegja. Ikkje i dag heller. Eg er nesten lei denne skodda no.

Turen ned igjen gjekk forsåvidt heilt greitt. Eg var dønn forsiktig. Det minste eg ynskte meg var ein broten ankel eller eit hovud i fatle... Skodde eller ei.



Ikkje mykje å sjå på Blegja i dag heller...

Ingen kommentarer: