onsdag 1. august 2012

Tele 2 og mi kjære mor

Sommar er vel reprisetid. Tid for agurkar og lette nyhende. På fjellet i dag kom eg på ein blogg eg hadde om diverse problem med mobilen min. Eg søkte opp stykket og fann det i august 2007. Eg legg dette ut igjen her no sidan eg har bestilt min første smarttelefon i dag. Tykte det passa litt godt, så her er den bloggen: 

Eg har funne ut at mobilen min lever sitt eige liv. Så etter å ha vore den heldige eigar av 971 69 357 i ”ein halv mannsalder” treivst den visst ikkje lenger med meg ”ude på den nøgne ø”. Den meinte visst det var grønare på hi sida av gjerdet. Eg gjer difor orda til Jakob Sande, min tidlegare sambygding, til mine, når eg kviskrar: ”Eg tenkjer på deg, ved dag og ved natt, og min draum er den, å få sjå deg att”

Frå Du, "Det kveldar på Kobbeskjer"

No var det vel ikkje mobilen Jakoben tenkte på då, men ei fager gift dame austafor. Som reinkarnert vil eg òg tenkje på fagre damer, gifte eller ei, og skrive bøker om alt frå mobiltelefonar til mitt hjartebarn - rennande, fossande og jomfrueleg vatn, krangle med alskens folk om kraftlinjer og kraftutbyggjingar og banne så mykje eg vil….) !

I forrige månad stusse eg over e-fakturaen eg fekk frå mobilselskapet mitt Tele 2. Eg har vore kunde her i mange år. No fekk eg berre rekning på breibandet, men ikkje på mobilen. Hadde eg snakka så lite i sommar? Var rekninga under 300 kr og overført til neste månad? Eller var Champion-abonnementet mitt blitt billegare i mobilkrigen? Mobilen hadde jo gløda med bilder og tekst om kraftlinjetrasèar, fotturar, dårlege kne, elendig fiske og kjekke kvinnfolk! Eg tenkte likevel ikkje så veldig mykje meir på det akkurat då.

Stor var difor mi undring då e-fakturaen i august òg dukka opp i nettbanken berre med krav på breibandet. Dette måtte eg ha greie på! Så eg tok å ringde inn på kundesenteret på Tele 2 og høyrde korleis dette hang i hop.

Eg fekk hakeslepp. Nummeret var ikkje lenger mitt! Spirrevippen hadde slept det fri, det hadde rømt, flytta, emigrert eller reist på ferie? Det hadde teke ein Global Travel gjennom universet utan sidestykke og vore på reise sidan 23.mai!
 

Eg sjekka på telefonkatalogen.no og riktig - mitt kjære 971 69357 gjennom mange år var ikkje lenger mitt! Det var reinkarnert og var dukka opp igjen frå sin sfæriske tur gjennom universet og glødande tastetrykk, diverse servarar og tomme pc-blikk og komme heim til mor mi i Dale.
Ikkje for det. Der er eg sikker på at den ville få ei framifrå framtid! I eit stort kvitt hus, som vittige tunger hevdar må seljast på rot fordi det er umogeleg å tømme, ville den få eit nytt rikt liv. Der i mange uutforska rom, i skuffer og skap ville den finne mange av same slaget som kunne berike kvardagen og føre til endå fleire, blomstrande nye nummer....Ein aura av fornying. Friske nye nummer som hadde visjonar for framtida. Som kunne utveksle meiningar om det meste og late nabonummeret vere i fred når det trengde det.

Så eg ringde mi kjære 70 årige mor og lurte på kva slags frieri ho hadde fått ja på på sine eldre dagar. Jau, ho hadde sendt inn eit skjema som ein luring av ein rundbrennar hadde sendt frå Tele2. Mi pratsame, kristeleg og nøysame mor med synspunkt på det meste, ville sjølvsagt prate så fritt og så lenge ho ville med alle sine utan at griske mobilselskap skulle rane ho endå meir frå pensjonen sin! Mor mi som i alle dagar har sytt for seg og sine! Når eg likevel lurte på om ho ikkje hadde merka noko på rekninga si, får eg som svar at det «kjem no så mange telefonrekningar". (Faderen tastar jo i veg han òg både på PC og mobil. Rett nok med litt feilsendingar av SMS og diverse problem med MMS,en....:-))

Dette var heilt tragikomisk. Eg måtte nesten le. Den kjære mor mi hadde fått overført nummeret mitt til seg, betalt rekninga mi i to månader. Det griske, ukristelege selskapet hadde heller ikkje noko omsut for meg, så eg visste ikkje eit kvekk!

Korleis i himmelens navn kunne dette gå an? Eg ringde Tele2 igjen. Veit du kva han svarte spirrevippen? Eg måtte få mor mi til å fylle ut eit eigarbytteskjema på nummeret MITT, signere og sende det tilbake til uvesenet. Dette skulle dei ha 199 kr for!!

DÅ vart eg forbanna! Dei hadde stole mobilen min – og no måtte eg attpåtil betale for å få den igjen!

Vidare detaljar kjem i neste kapittel, men so mykje kan eg røpe at ekteskapet mitt med dette selskapet heng i ein tynn tråd.
Eg er ein lojal fyr, men det får no vere visse grenser...

Når eg i tillegg dagen etter høyrer i nyheitene at dei er hacka for alle personnummera i kunderegisteret sitt, så har eg ikkje berre misst mobilen min i sommar, men og fødselsnummeret mitt! Eit identitetstjuveri av dimmensjonar er på gang! Kven er eg?

I etterkant av sjokket har eg fått pusten igjen frå min noko svekka kondisjon. Men no stussar eg over diverse telefonar eg har hatt i sommar.

For spesielt Sjømannskirka har vore usedvanleg travel på tråden for å selje lodd. Skuldast det at mobilen min no står på den 70-årige lettlurde mor mi? Og veit du kva dei spør om når dei ringjer? Vil du støtte Sjømannskirka? Når eg så svarar Nei, får eg spørsmålet tilbake – støttar du ikkje Sjømannskirka? Så her skal eg sitte med dårleg samvit og. Er eg schizofren blitt?

Nei, seljarar av mobilabonnement og lodd har eg fått opp i vrangstrupen. Hadde eg vore på eit folkemøte om desse uvesena òg, som stel og lyg, ville eg ha banna igjen...Ikkje berre ein gong – men, fleire!

Dei får ikkje sei ædda bædda til meg!


Og her er oppfølgjaren:


Historia om mobilen har tatt ei ny vending...Eg har fått att nummeret mitt. Som du sikkert hugsar hadde mor mi meldt nummeret mitt inn i Tele2 si familieløysing for familiær gratisprat utan å ha underretta meg, og Tele2 overførte nummeret mitt til henne, utan å seie eit pip til meg. Absurdement..Men som om ikkje dette var bort i hamp og staur og veggje, meinte selskapet at eg skulle betale 199,- kr for å få ATT nummeret MITT. Vel, DET laut dei gje seg på, og krype til korset. Det er no måte på kor toskne dei trur vi "bygdebønde" er....

Så sjølv om nummeret mitt framleis står på mor mi sitt namn på Opplysningen 1881 og telefonkatalogen.no sine lite oppdaterte registre, så er nummeret flytta heim igjen etter sin spaceflight!

Vel, no har det seg slik at påkjenninga for sjølva hard-waren på mobilen vart nesten uuthaldeleg når nummeret forsvann. Eg har difor hatt store problem med å få mat i karen i heile sommar. Med stadige oppkast og diarè var det kul flette å få i han fast føde, og det flytande var i så små porsjonar at han stadig gjekk seg tom i motabakkane. Når den i tillegg berre gjekk på halvparten av tangentane, og var vanskeleg å høyre i, dårleg å sjå på, og var skjelven i fisken, var det berre ein ting å gjere - søke om førtidspensjonering for den gråsprengde stakkaren som hadde slite eit heilt liv. For dette var berre ikkje til å leve med.
Så den utbrende og tilårskomne mobilen fekk sin rettferdige plass for å nyte alderdommen i eit nyinnreia rom i skjenken i stova.

No har det seg vel slik at den som framleis er litt frisk og rask, og nokolunde føl med tidens krav, lyt sjå innom til slike gamle stakkarar som har gjort si tèn. Det må vere utgangspunktet både for deg og meg. Men eg hadde aldri tenkt meg at sorga over å måtte flytte inn på sitt eige flotte og nyinnreia rom allereie første natta skulle få slike dramatiske konsekvensar at eg i hui og hast måtte rykkje ut for å stanse sytinga til den gamle stakkaren. No har det seg sjølvsagt også slik at eg har eit så lett sovehjarte at eg ofte vaknar av den minste ting. Dette er ein situasjon som har utvikla seg til ei aldri så lita plage dei seinare åra. Men trøysta får vere at når eg hugsar tilbake på Morgan Kane bøkene eg las som ungdom, så sov han aldri meir enn med eitt auge att, og i tilegg sat han alltid med ryggen mot veggen for å vere på vakt mot potensielle farar. Så såleis er eg i godt selskap.

Til å begynne med kunne eg ikkje fatte kva lyder som nådde hamrane i øyra mine seinnattes i mørkna denne natta. Først trudde eg det var avundsjuke kattar utanfor soveromsvindauget, så tenkte eg på nyfødde ungar - men det er det lite av her på Yndestad, så stussa eg på om cd-spelaren sto på på guterommet, men den hadde eg no slege av i går kveld? - kunne det vere brannvarslaren på gjesterommet?, nei, dette var eit mysterium som eg måtte finne ut av. Så eg kraup ut av den varme bikka og gjekk på oppdagingsferd rundt om i huset frå rom til rom for å avsløre mysteriet.

Ja, cd-spelaren var slegen av, ingen brannvarslar peip på gjesterommet, og ute på altanen kunne eg berre konstatere at ingen av dei 4 nabokattane til Hans;en og den eine til Kjellen i huset innafor, var å sjå eller å høyre. Nei, dette var og blei eit mysterium. Men lydane måtte eg berre finne ut av. Kunne dei kome frå kjellaren? Var her lekkasjar frå varmtvasstanken eller heldt frysaren (som har sett sine beste dagar) på med sine siste andedrag? Så, eg tok meg ein tur ned i kjellaren iført berre trusa og barfot til beins på det kalde betonggolvet for å søkje løysing på mysteriet. Men trur du øyra mine fanga opp noko nærare signal her nede?

Opp igjen i huset, ut i gangfanget, ingenting, inn på kjøkkenet igjen, ingen ting...kunne det komme frå stova? Eg gjekk hovudstups inn i stova etter å ha smelt likkjetåa godt ned i dørgotta så eg skreik høgt! Svarte f... for eit mareritt. Hadde nokon vore vitne til denne seansen hadde dei trudd eg var totalt maniac og ute av stand til å ta vare på meg sjølv...! Men eg kom meg no sakte til hektene igjen etter at eg fekk teke meg ein slurk Pepsi-max frå kjøleskapet....Og så peip det igjen..

Som du sikkert allereie har forstått no var eg begynt å vakne og greidde å lokalisere læta sånn nokolunde. Ja, og så var eg sjølvsagt begynt å bli relativt forarga på heile greia. Ikkje nok med at søvnen var røva i frå meg, men likkjetåa verka noko så bort i staur og veggje at eg trudde ho minst var brota. Så etter først å ha sjekka tuneren på parabolen og den bærbare pc,en, gjekk brått lyset opp for meg. For i svarte svingande det var jo den kjære, gråsprengde og tilårskomne mobilen min som ga i frå seg sine siste pip! Sine siste lydar som eg var så vel kjend med og som eg brått ikkje hadde kjent att! Gjekk det an? Kva vilske var eg vakna opp i? Kjende eg ikkje igjen min gamle ven? For sjølvsagt ville den at eg skulle stå opp og sjå til han. Det var jo eg som hadde bett han om å gjere nettopp det! Stakkars du gamle ven som har tent meg slik i tjukt og tynt - det var jo klart at du ville ha litt ekstra forpleining no første dagen i den nye flotte, men sterile heimen din! At eg kunne vere så dum å ikkje tenkje nettopp på deg når nokon peip så ynkeleg. Du med ei sjel så stor som alt rennande vatn og fjell! Min gamle kamerat som eg har slite på utan annan omtanke enn å tilfredstille meg sjølv og eigne lyster...

Eg vart brått flau kan du tenkje deg..Så eg tok min gamle våpendragar varsamt opp av den nye heimen i skuffa i skjenken, og sette meg pent ned i skinnstolen min, og strauk han ømt over tangentane. Ynkinga forsvann som dogg for morgonsol. Eg sat der og tenkte, med mitt gamle hjartebarn i nevane og strauk og strauk...til han stille sovna...

At eg kunne vere så dum! Klart den gamle mobilen min ville pipe så ynkeleg første natta i sin nye heim når vi ikkje hadde fått teke skikkeleg farvel kvelden før!
 

Dette har eg no teke som eit godt teikn på at du skal ta skikkeleg farvel med gamle vener når du skiljast! Det er heller ikkje så dumt å stikke innom av og til òg, for å sjå korleis det står til.

For no har min gamle heidersvenn atter funne roen i sin nye, velinnreia heim. Han ser meir optimistisk på livet når han no veit at eg atter kjem på besøk...No slepp han å skrike stygt om nettene for å få den rettmessige omsorg og pleie han har bruk for. Ja, for no veit han at eg snart kjem på ei ny vitjing...! Kanskje i kveld?

I dag har eg skaffa med ein ny mobilvenn. Det er ei dame - ei Sony dame, med tittelen K810i. Ho er ny og frisk i måten å tenkje på, har andre draumar og vyer for livet og ikkje minst fleire strenger å spele på, enn min gamle heidersven. Ho er spanande å sjå til, har lekre nye antenner, nytt blått lys i auga som glitrar når eg trykker på, og sender meg nye beskjedar som eg ikkje alltid heilt forstår. Men du verden når eg forstår ho, himmel på jord, du salige velgjerar som kan gje meg så mykje informasjon, flotte bilder å sjå og tenkje på. Eg blir reint yr og barnsleg i samkvemet med ho då...! Kan berre ikkje late ho få fred, tenkjer og jobbar og tenkjer på min nye venn...Ja, reint forførerisk er ho i måten å vere på då! Så brått prøver eg på noko nytt og pressar litt for mykje på - og så forstår vi ikkje kvarandre igjen... Nye trykk og meir forvirring...og så får eg atter nye beskjedar som òg er forvirrande. Eg prøver meg med gamal erfaring og nye instruksjonar att. Det hjelper, og eg er igjen i himmelen, og blir blenda av kva vi finn ut ilag.... Men når ho igjen seier stopp og eg ikkje har fleire knappar å trykkje på, blir eg nesten fortvila og lei meg. Verst er det å bli liggjande om natta å fundere på problemstillingane som eg ikkje finn ut av...Då kjem spørsmåla som perler på ei snor...Kva skal eg gjere? Skal eg prøve å sove på det? Ser eg lysare på problemstillingane i morgon? Eller skal eg berre ta tia til hjelp og sjå om alle problema som tårnar seg opp løyser seg sjølv?

Vel, sant å seie - eg veit ikkje. Vi får prøve å ta eit av problema om gongen (eller det heiter vel ikkje det, heller utfordringar...:-) og ikkje late alt bli eit mørkt, nakje og uoverstigeleg fjell....For er det noko eg veit, så er det at skal ein bestige store fjell, så er det viktig å ta eitt steg om gongen! Og det er ikkje særleg lurt å ta det neste steget altfor fort heller. For store fjell har eg komme over før, så her veit eg kva eg snakkar om!

Men ein ting er sikkert: min gamle ven, som ligg på Lit de parade i skuffa i skjenken, var til tider lettare å forstå....men, så har vi jo hatt mange år ilag og då....:-)

1 kommentar:

Unknown sa...

For ordens skuld er eg i dag Telenor-kunde. Etter at Tele 2 gjekk over frå Telenor sitt nett til Netcom, vart dekninga i fjella i Askvoll mykje dårlegare. Nokre dekningslause område er det likevel her ute med Telenor-nett òg. Vonleg vil sendaren i Skjerlia gje betre dekning i Nipebu-traktene. Den påtenkte sendaren i Rivedal likeeins der.På toppane er det få problem, men i fleire av dalføra er dekninga dårleg.