søndag 12. august 2012

Steikande sol på Blegja

På Blegja i dag...

Eg lova Olaug i går å ta henne med på Blegja i dag. No var jo eg opp i går òg då, men pytt... 

Fruen var likevel mildt sagt skeptisk med omsyn til skodda som låg like ned i Stongfjorden i dag tidleg då vi vakna. Vel, eg hadde meir tru på at det var sol rett over skoddelòket, så vi bestemte oss for å prøve. Peter, som hadde vore i Flekke i fleire dagar hjå familien til bror min, vart òg med. Saman reiste vi til Rørvika i 9.30 tida. 
Eg må nok innrømme at klatringa oppover tok noko lenger tid i dag enn det gjer med meg til vanleg. Rimlegvis. Det var eg sjølvsagt førebudd på òg. Men vi seig no avgarde oppover, og heldt motet oppe på yngstemann. Skodda låg grautande tjukk, men brått, som om nokon hadde slege på ein lysbrytar, var det sol og knallblå himmel. Utan ei sky å sjå. Frå ca 5oo meter kan eg tenkje meg.  Under oss låg alt i kvitt. Fantastisk. 

 Skodda låg tjukk over Førdefjorden, men ovanfor...:-)

Som sagt. Det er eit krevjande terreng på Blegja for mange. Spesielt frå ca 800 meter eller so når det er berre stein og ur til topps. Til dels ganske bratt òg somme plassar. Krevjande iallefall for små føter. Peter fekk nok merke det. Motet var ikkje på topp heile tida, men opp skulle han no... og opp kom vi alle. Skikkeleg flott. Steikande sol og vindstille. Og under oss, på Førdefjordsida, var alt kvitt i skodde. Det vil seie - Naustdal såg ut til å vere skoddefri. Det same var det på sørsida i Dalsfjorden. Altså stikk motsett frå i går (sjekk blogg då). 

Olaug hadde vore fornuftig nok til å smørje nokre baguettar. Eg brukar ikkje niste til vanleg. Men turen tok som sagt lenger tid i dag... så det smakte godt med noko salt salami på toppen i lag med godt drikke. 

På veg ned igjen - i andre ura -  traff vi på eit turfølgje frå Førde med fleire kjenningar. Vi slo av ein god prat der i den solrike og varme ura. Rett etterpå kom dessutan eit par frå Bergen. Det viste seg å vere ei jenta som hadde ringt meg hin dagen om ruta til Blegja... Artig! (Då Olaug spurde meg korleis det bar til at vilt framande ringde meg om Blegja, måtte eg svare som sant var at googla dei Blegja så fann dei vel namnet mitt tusen gonger... Eller kanskje er det slik at ryktet går...:-))

Kjende Førdefolk på Blegja i dag

Vi tok ei litt anna rute ned igjen under andre ura. Vi sprang snøbakkane unna sørover mot Blegjaskardet, og deretter ned dalen mot vest til Nipevatnet. Sigla på rumpa i sommarsnøen. Lo og kosa oss. Peter hadde masa om bading. Ja, så gjorde vi det då. Eg vrei av meg shortsen og skorna og stupte ut i Nipevatnet... Snøfonnen låg framleis og kalva, ja, eg treng vel ikkje seie noko om temperaturen... Eg kom meg rimeleg fort på land igjen etter at ekkoet av brølet hadde stilna oppe i Rørvikefjellet. Men Peter let seg ikkje skremme. Han hoppa jammen til slutt han òg...:-) Videoklipp:


Så bar det vidare nedover igjen. Sola steikte. Like fint og vindstille. Men etter traversen under Rørvikenipa, og på veg ned til Nipebua, så låg skoddelòket der. Og frå hytta og nesten til fjorden igjen låg skodda tjukk. Helleveien kor heldige vi hadde vore. Ein heilt suveren dag i nydeleg vèr og solskin høgt til fjells. Hadde vi vore heime hadde vi gått aldeles med skodda ned i hårgarden heile dagen. Jo, jo, slik kan det arte seg. Av og til er ein heldig med vurderingane...:-))







2 kommentarer:

Unknown sa...

Hei Gustav! Har fulgt bloggen din lenge - fantastiske turer og bilder du tar! I dag var min første tur på Blegja, det var et eventyr :-) Var litt redd for at tåken skulle stige lenger oppover og rotet også litt med stien etter Nipebu, for eg gikk bort til hytta og forbi og så forsvant stien :-( Med litt flaks og via litt offpiste gåing fant eg den heldigvis igjen! Eg såg jo den som skar opp rett før hytten, men tenkte først det var feil retning :-) Nesten litt skuffende å ikke treffe på dere, men jeg begynte ikke på turen før 12. Var tilbake ved bilen halv 6 og fikk følge med en hyggelig Førdianar ned igjen :-) Burde tatt lenger pause på toppen, men var redd for tåken, fant ikke helt roen, best å komme seg ned! Men en nydelig tur, må opp igjen en helt tåkefri dag :-) Takk for inspirasjonen! Mvh Berit Helle Tangen på ferie i Vårdal hos mine foreldre :-)

Unknown sa...

Tusen takk for skryt og kjekk kommentar Berit.

Det er nok mange som tek rett fram ved Nipebua ja, og ikkje opp t.v. mot Rørvikenipa. Men du gjer det berre ein gong. Før i tida gjekk ein ofte inn til vatnet, men det er ein omveg...

Synd vi ikkje traff kvarandre ja. Vi tok den lange snøtunga ned mot Blegjaskardet og følgde dalen ned og ves til Nipevatnet igjen. Då slapp vi mesteparten av urane ned igjen. Etter klokkesletta du gir opp og dømme er nok dette forklaringa på at vi ikkje traff kvarandre. Vi gjekk rett og slett om einannan her oppe.Elles var her bra med folk i går. Heldige var
vi som kom oss over skodda..:-)