fredag 31. august 2012

Folksomt i Rivedal

Svelivatna og Vardenova frå Røyrbotnholten i ettermiddag.
Panoramafoto med Galaxy3.

Eg var egentleg meint å gå på Blegja på veg heim igjen i dag, men det låg så mykje skodde oppe mot toppen at eg ombestemte meg. Har egentleg hatt nok skoddeturar der oppe no. Eg tok difor turen til Rivedal og Røyrbotnholten i staden. 
Der vart det jammen folksomt etterkvart. Full parkeringsplass då eg kom ned igjen. Kanskje ikkje så rart, for sola hadde slått gjennom skyene og det var blitt retteleg fint. Elles var det veldig vått bort etter myra frå demma. Fin svipptur...:-)

Foto Røyrbotnholten 310812

torsdag 30. august 2012

Moderen -75

Gamalt foto frå 1985:
Målfrid Skaar t.v., Lovisa Sørebø (mor), og jentene mine Kristine og Margunn

Sjølv om mor mi var "vekkreist på dagen" i høve sine 75 år, har vi likevel fått feira henne internt. Rettar såleis ei takk til syster mi Mildrid for ei givande tilstelling i går.

tirsdag 28. august 2012

Galaxy-video

Video frå Blegja i går med smarttelefon

mandag 27. august 2012

Skoddefritt!

Panorama smarttelefon Galaxy 3 frå Blegja i ettermiddag

Ja, eg gjekk opp igjen i dag òg.... Med skitvèret som er meldt, låg toppen der oppe så forlokkande då eg køyrde heim frå arbeid. Flott temperatur, skoddefritt og nesten vindstille. Vel, spesielt varmt var det ikkje på toppen då. Det var tydeleg at det drog opp frå sør med vindauke og skyer. Og som kjent - når sola går ned i ein sekk, er den neste dag vekk. Det vèrteiknet slær aldri feil.

Elles brukte eg eit par nye Inov8 goretex joggesko i dag. Desse skorna har eg brukt fleire par av. Dei sat som støpt. Dessutan er dei ganske vasstette. I dag var  steinane tørre òg. Kjempeflott tur! 


søndag 26. august 2012

Tjukk skodde - igjen!

Skorpa og Storebatalden frå traversen under Rørvikenipa i dag

Pokker ta! Eg banna nesten med meg sjølv oppe ved Nipevatnet i stad. Nok ein gong gjekk eg inn i grautande tjukk skodde her oppe. Sameleis som på torsdag. Då var det berre å konsentrere seg om å zoome inn vardane oppover. Heilskinna heldt eg på å seie. For steinen i urane var ikkje tørka opp heller etter all nedbøren i helga. Spesielt dei skråstilte steinane var glatte. Helst skulle eg vel hatt joggeskorna, for dei har mjukare gummiblanding, men då hadde eg blitt så steikje våt. Og med den temperaturen som det har blitt no, var ikkje det særleg behageleg. For det var isande kald skoddevind. Plussgradene kunne ein heilt sikkert telje på berre ei hand. Fram måtte både vinterhanskar, vindtett hue og vindtett jakke. I tillegg til vindtett bukse. Det var nesten slik at eg ikkje hadde blitt forundra om det kom snøflak drivande. Og framleis ligg her snø frå i fjor...

Snø ligg her enno frå i fjor. Men i dag trudde eg vi fekk påfyll.
Her "skirenna" frå torsdag og i dag!

Trass i skodda kom eg meg vèl opp. Eit par nesten ulukker nede i ura til trass. Den verste episoden var då eg ramla til sides og bakover i bratte ura. Men heldigvis greidde eg å ta meg såpass for at både hovud og rygg gjekk klar ei steinhard landing, for å seie det bokstaveleg. 

På toppen fekk eg faktisk ein augneblink ei lita glytte i skodda. Nesten akkurat då eg kom opp. Ikkje nok til å sjå fjorden og landskapet der nede, men iallefall nok til å få teke eit par bilder. Videoen vart det berre graut ut av (sjå under), så den gadd eg ikkje kommentere ein gong (skodde er i grunn ikkje så mykje å kommentere...)

Vel, vel. Eg bytte nokre klede. Fann som sagt fram vinterhabitten, og tok rett og slett til på turen ned igjen i skoddehavet. Her var ikkje verandes oppe. Rett nok var det litt lettare eit stykke lenger nede, men godvèret eg meinte eg hadde sett på nettet skulle komme, kom iallefall ikkje på Blegja. Ikkje i dag heller. Eg er nesten lei denne skodda no.

Turen ned igjen gjekk forsåvidt heilt greitt. Eg var dønn forsiktig. Det minste eg ynskte meg var ein broten ankel eller eit hovud i fatle... Skodde eller ei.



Ikkje mykje å sjå på Blegja i dag heller...

lørdag 25. august 2012

Ein Rivedalstur til...

Foto frå Staveneset i går kveld

Det vart ikkje meir sprell i dag enn ein tur til innatt på Røyrbotnholten som i går ettermiddag. Det er ikkje allverda til tur. Men toppen er no med på fjelltrimmen så. Vått var det. Sleipt òg tildels. Men skoddefritt til ein forandring. Regnbygene kom stadig sigande inn fjorden. 

I morgon får vi sjå om ikkje det kan bli noko meir sprelske greier. Vèrmeldingane ser iallefall betre ut.

fredag 24. august 2012

Steinkald skoddevind

Eg tok turen oppom Blegja i går ettermiddag. På veg heim etter arbeid. I kun joggesko, shorts og ei tynn trøye rundt livet vart det steinkaldt frå Nipevatnet og opp. Tjukk skodde og vind. Blåraude lår. Eg måtte verkeleg stå på for å halde varmen. Det var berre å komme seg kjappast mogeleg ned igjen der i frå. Det er klart at det no går raskt mot haust i fjellet... Og utstyret må bli eit heilt anna framover!

tirsdag 21. august 2012

Litt omkalfatring

 Olaug og Peter er komen gjennom skodda under Nipebua 12/8

Opprinneleg var eg tenkt på Blegja etter jobb i dag. Men ei solid regnbyge i Solheimsdalen då eg køyrde ut igjen, og tjukk, tjukk skodde oppe i fjellet, fekk meg på andre tankar. Diverre. For eg var nesten ikkje komen heim til Stongfjorden før sola skein. Ja, fjorden låg i tillegg spegelblank nede. Fantastisk flott. Ja, slik vart det i fleire timar. Meir enn nok til turen på Blegja. Men eg såg meg ikkje syne med å køyre inn igjen i Rørvika. Og ikkje visste eg då kor lenge vèrvindauget varde....

No tok eg meg likevel ein tur til Askvoll og ein rask ein på Kultingane. Kanskje siste turen i denne omgang. Eg får sjå. Stressar ikkje så mykje det. Har nokre turar igjen på Røyrbotnholten. Dessutan ein tur på Moldura for å få ned igjen stikkene. Blegja står òg på programmet når vèret tillet det. Og så er det ny sesong i begynnelsen av oktober...:-)

søndag 19. august 2012

Forfriskande væte

Blegja frå FV609 ved Løvika

Eg var oppom Kultingane i skodde og yr i dag tidleg. Men temperaturen var så bra at eg gjekk opp i berre shortsen. Skodda låg faktisk heilt ned i Askdalen. Noko problem er ikkje dette sidan det er god sti til topps her. Noko bløyte var det sjølvsagt. Stien opp dalen var nærast ei rennande elv etter all nedbøren i natt.  Og lufta oppe i skodda var veldig klam. Sveitten sila...!

Eg traff forresten fleire på veg oppover då eg sprang ned igjen. Eg slo av nokre ord med Ingvar S og kona i første stigninga opp frå dalen. Lenger nede traff eg Anita V med familie. Sporty, på veg oppover. 

Det er ikkje farleg med litt væte berre temperaturen er bra. Faktisk berre forfriskande...;-)

lørdag 18. august 2012

Mjuk overgang

Nipa og Steinheia i bakgrunnen
Tungt og mørkt på fjellet i dag!
Eg har teke det litt piano sidan onsdag. Spesielt etter at eg var i blodbanken. Kjende dessutan at 4 Blegjaturar på 5 dagar kosta litt...;-) 

Men etter middag i går var eg ein joggetur på Kultingane i Askvoll. Kjempeflott i berre shorts, joggesko og bar overkropp. Tørt og fint opp i bakkane. Herlig tur. 

I dag var eg oppom same toppen, men gjekk opp frå Nordeide i Eidsfjorden. Deretter gjekk eg nordatt høgdedraga til Fismavatnet og prøvde fiskelukka. Eg hadde gode forhåpningar, men det enda skralt. Venta på regnet som aldri kom. Eg fekk rett nok to flotte kjø heilt til slutt då tolmodet var slutt, men dei strauk eg berre over ryggen med våt neve, og lèt nåde gå for rett. Det var ikkje dagen uansett. To kjø var ikkje noko å komme heim med. Betre lukke neste gong.

Eg følgde ruta frå i fjor nedatt til Fisma. Her var det no heilt tilgrodd! Glei i brattaste, sleipe grasbakken, og slo albogen på ein stein med full kraft, så elden loga fram i fingertuppane. Lenger nede var det ræva som fekk det. 

Sørover Eidsfjorden frå Fisma til Nordeide såg det ikkje ut som det hadde gått folk på lenge. Utrulig kor stiane var grodd til berre sidan i fjor haust...  Å halde alle råser opne er ei uoverkommeleg oppgåve. Naturen tek tilbake dei mennesklege spora til slutt uansett.

onsdag 15. august 2012

Til topps - igjen...

Utsikt mot Heilevangstaurane i 18-tida i ettermiddag
(Galaxy3 fotos)

Etter som eg skal i blodbanken i morgon, og vèrmeldingane er dårlegare for fredag av, tok eg turen oppom Blegja på veg heim i dag òg. Same opplegget som i går. Berre at i dag var det knall sol og ganske så varmt oppover. Faktisk kunne eg tenkt meg nokre grader kaldare. For det var nesten blikk vindstille òg...

Eg traff Johan N. i unnabakkane nede i lia under Nipebua og slo av ein liten prat. Han hadde vore opp. I tillegg eit par jenter som skulle på ein trimpost på Hengenipa lenger nedom.

Elles gjekk no turen som vanleg... Dancing on rocks. :-)

Foto Blegja 150812


tirsdag 14. august 2012

Blegja på veg heim


Dalsfjorden t.v. og Førdefjorden t.h.

 Førdefjorden.

Slik såg det ut mot vest, nordvest, nord og nordaust frå Blegja i ettermiddag.
 Foto med den nye smarttelefonen Galaxy 3.

Eg stakk oppom Blegja på veg heim etter jobb i dag. Fjellet låg så forlokkande til der oppe på pendlarruta heim. Det var delvis skya og god temperatur. Og heilt skoddefritt (til ein forandring). Det gjekk fint og greitt opp og ned i berre shortsen og bar overkropp. Herlig sommarsettermiddag. 

Eg traff han Arvid L og naboen på tur med hundane ovanfor Rørvika, Vi slo av ein liten prat der i bakken. Elles var her fritt for folk. Olaug og Anne S. hadde vore opp tidlegare på dagen. Heldige dei som har fri og kan nyte godvèret no på ettersommaren. 

Eg prøvde meg fram med litt bildetaking med den nye smarttelefonen. Artig   panoramafunksjon. Heilt autentisk blir det ikkje når ein skal få ei slik gedigen utsikt som det er på Blegja ned på ein skjerm, men stilig likevel....

Så mykje meir å tilføye er det i grunn ikkje i dag. Super tur!

Foto Blegja 140812

søndag 12. august 2012

Steikande sol på Blegja

På Blegja i dag...

Eg lova Olaug i går å ta henne med på Blegja i dag. No var jo eg opp i går òg då, men pytt... 

Fruen var likevel mildt sagt skeptisk med omsyn til skodda som låg like ned i Stongfjorden i dag tidleg då vi vakna. Vel, eg hadde meir tru på at det var sol rett over skoddelòket, så vi bestemte oss for å prøve. Peter, som hadde vore i Flekke i fleire dagar hjå familien til bror min, vart òg med. Saman reiste vi til Rørvika i 9.30 tida. 
Eg må nok innrømme at klatringa oppover tok noko lenger tid i dag enn det gjer med meg til vanleg. Rimlegvis. Det var eg sjølvsagt førebudd på òg. Men vi seig no avgarde oppover, og heldt motet oppe på yngstemann. Skodda låg grautande tjukk, men brått, som om nokon hadde slege på ein lysbrytar, var det sol og knallblå himmel. Utan ei sky å sjå. Frå ca 5oo meter kan eg tenkje meg.  Under oss låg alt i kvitt. Fantastisk. 

 Skodda låg tjukk over Førdefjorden, men ovanfor...:-)

Som sagt. Det er eit krevjande terreng på Blegja for mange. Spesielt frå ca 800 meter eller so når det er berre stein og ur til topps. Til dels ganske bratt òg somme plassar. Krevjande iallefall for små føter. Peter fekk nok merke det. Motet var ikkje på topp heile tida, men opp skulle han no... og opp kom vi alle. Skikkeleg flott. Steikande sol og vindstille. Og under oss, på Førdefjordsida, var alt kvitt i skodde. Det vil seie - Naustdal såg ut til å vere skoddefri. Det same var det på sørsida i Dalsfjorden. Altså stikk motsett frå i går (sjekk blogg då). 

Olaug hadde vore fornuftig nok til å smørje nokre baguettar. Eg brukar ikkje niste til vanleg. Men turen tok som sagt lenger tid i dag... så det smakte godt med noko salt salami på toppen i lag med godt drikke. 

På veg ned igjen - i andre ura -  traff vi på eit turfølgje frå Førde med fleire kjenningar. Vi slo av ein god prat der i den solrike og varme ura. Rett etterpå kom dessutan eit par frå Bergen. Det viste seg å vere ei jenta som hadde ringt meg hin dagen om ruta til Blegja... Artig! (Då Olaug spurde meg korleis det bar til at vilt framande ringde meg om Blegja, måtte eg svare som sant var at googla dei Blegja så fann dei vel namnet mitt tusen gonger... Eller kanskje er det slik at ryktet går...:-))

Kjende Førdefolk på Blegja i dag

Vi tok ei litt anna rute ned igjen under andre ura. Vi sprang snøbakkane unna sørover mot Blegjaskardet, og deretter ned dalen mot vest til Nipevatnet. Sigla på rumpa i sommarsnøen. Lo og kosa oss. Peter hadde masa om bading. Ja, så gjorde vi det då. Eg vrei av meg shortsen og skorna og stupte ut i Nipevatnet... Snøfonnen låg framleis og kalva, ja, eg treng vel ikkje seie noko om temperaturen... Eg kom meg rimeleg fort på land igjen etter at ekkoet av brølet hadde stilna oppe i Rørvikefjellet. Men Peter let seg ikkje skremme. Han hoppa jammen til slutt han òg...:-) Videoklipp:


Så bar det vidare nedover igjen. Sola steikte. Like fint og vindstille. Men etter traversen under Rørvikenipa, og på veg ned til Nipebua, så låg skoddelòket der. Og frå hytta og nesten til fjorden igjen låg skodda tjukk. Helleveien kor heldige vi hadde vore. Ein heilt suveren dag i nydeleg vèr og solskin høgt til fjells. Hadde vi vore heime hadde vi gått aldeles med skodda ned i hårgarden heile dagen. Jo, jo, slik kan det arte seg. Av og til er ein heldig med vurderingane...:-))







lørdag 11. august 2012

Sol og skodde på Blegja

Storehesten dukkar opp frå skodda. 
Foto frå Blegja i dag

Eg var som vanleg tidleg oppe i dag sjølv om det var lørdag. Men etter å ha sjekka dei siste vèrvarsla tok eg livet heilt med ro. Det var nemleg meldt betre vèr utover dagen. I tillegg låg det ein del skodde ned i fjella. Etter ei tekstmelding med broderen inne i Dale, så fekk eg stadfesta at skodda låg tjukk opp i Blegja. (Sillan ser nemleg Blegja frå Bjerga, noko eg ikkje gjer frå Stongfjorden). Eg sysla difor med den nye smarttelefonen, pc`en og åt ein ekstra frukost ilag med Olaug då ho stod opp. Peter var nemleg i Flekke på besøk.

I 10-tida tok eg likevel turen innover til Rørvika. Vèret var allereie begynt å lette. Sola stakk seg fram meir og meir. Så då starta eg berre klyvinga oppover. 1304 meter opp. 

Etter å ha kome opp under Rørvikenipa dreiv skodda likevel ganske tjukk på igjen. Såvidt eg såg sola i alt det kvite. Men dette rekna eg med forsvann relativt fort. Og oppe i siste urane mot toppen gjekk eg rett gjennom skoddelaget og opp i perfekt solskin. Utan det minste vindpust. Perfekt i berre shortsen. Nokre minuttar etterpå stod eg på toppen. Piece of cake. 
Største attraksjonen opp var eit fjellrypekull eg gjekk på som enno ikkje kunne flyge. Ungane gjekk framfor meg oppe i ura medan mora kurra. Ho var ikkje meir enn meteren i frå meg på det næraste. Fast bestemt på å forsvare kyllingane til det siste. Fin oppleving. No er det berre å håpe at kyllingane overlever hausten òg... Dei har mange fiender desse få rypene som er att i fjellet...!

 Dei går nesten i eitt med stein og berg rypekyllingane
Rypemor vil forsvare kyllingane sine i tjukt og tynt...

Det var fantastisk fint på toppen. Nydeleg utsikt. Men skodda låg tjukk under meg på Dalsfjordsida. På Førdefjordsida derimot var den borte. Heilt vindstille. Ja, til og med sola steikte ved varden. 

Eg putla litt med mobilen for å teste den ut (tok nokre eigne bilder som ligg med eigen link under), men fann sjølvsagt ikkje igjen panoramafunksjonen då eg trengde den som mest (det må eg få inn i fingrane etterpå...). Eg sende dessutan eit par testbilder frå Instagram-appen direkte til Facebook for å sjå korleis det vart. Men elles brukte eg mest Panasonicen for å forevige augneblinken. Det vart difor ei heil flott stund på toppen i dag. I motsetnad til mange av dei andre turane i det siste der skodda stort sett har vore som graut, og kulden har slite i bar hud... Ei god stund seinare gjekk likevel turen ned igjen same vegen.

Foto Blegja 110812





torsdag 9. august 2012

Gi meg en dags pause...

Pinup: Foto frå Høgefjellet i juli

Eg har teke meg eit par dagar fri frå fjellet. Ein litt stiv korsrygg, sommargjestar, skodde, OL og ny smarttelefon  er grunnen til det. Ja, i tillegg til jobb og pendling då...! Men no har rastløysa meldt seg, så here we go again...:-)

Vèret for helga, og komande veke, ser nemleg lovande ut. Det hadde vore kjekt å prøvd og ta litt bilder med den nye Galaxy3 telefonen. Ei heilt ny verd med denne. No reknar eg likevel ikkje med at det er denne eg kjem til å ta mest bilder med då, men testing testing er jo artig. Bl.a har den ein enkel og flott panaromafunksjon som kan gjere seg frå Blegja. Så følg med! Bloggen er ikkje død (i lag med meg:-))

søndag 5. august 2012

Skodde - igjen!

Etter å ha vore barnevakt for jentene til Håvard og Miriam hjå oss her i natt, var det like greitt at vèrmeldingane for dagen var betre ut over ettermiddagen. (Den store Stongfjorden-festen trur eg kom vel i hamn. Eg kosa meg heller med OL og kom meg i seng til vanleg tid). Vel, så fantastisk mykje betre vart ikkje vèret. Ikkje oppe i Blegja iallefall. Som vanlig i det siste var det tjukk skodde og kald skoddevind då eg toppa ut....  Det har vore dårleg med sommartemperatur i fjellet i år ja...

MMS: Pause for jentene i ura ved Rørvikenipa
f.v. Karen, Mariann og Marit.

Artig var det likevel å ta igjen Karen H, Marit B og Mariann H oppe ved Nipevatnet i dag. To kollegaer på jobb og ein exkollega. Dei var litt usikre på skodda på toppen. Men pytt det der er ingen ting meinte no eg. Eg gjekk i shortsen, og hadde berre ei tynn trøye rundt livet, så eg måtte stå på vidare oppover. 

No møtte eg på dei på returen òg nede i ura. Då vart vi pratande litt lenger. Korleis det gjekk med dei veit eg ikkje no, men reknar med dei kom seg opp og ned igjen (som eg ba om melding om). 

P.S. Det fekk eg stadfesta litt seinare. Verre var det at jentene hadde forsynt seg av moltene eg har venta på skulle bli mogne.. Vel, vel dei har molter på Domus òg... ;-)

lørdag 4. august 2012

Double up

Røyrbotnholten i dag. Skoddevind og kjølig...
Etter å ha vore på Røyrbotnholten og Kultingane etter arbeid i går, tok eg oppatt same turen i dag tidleg. Eg manglar nokre turar hit på fjelltrimmen. 

Desse to toppane er forøvrig fine å ta i lag på same runda der sør. Kanskje eg har nemnt det før. Det er no ikkje så rare fjella heller. Dei kortaste på trimmen kanskje. Men dei må no gåast dei òg. I morgon får eg sjå om eg finn på noko anna. Til sjuande og sist er det ei tolmodsprøve å gå dei same toppane oppatt og oppatt.... Men forma er iallefall upåklageleg. 

I kveld står barnevakt på programmet. Og litt OL. Det er den store Larkin Poe festen inne i bygda. Ser ut som ein har gjort seg klar for fest no med partytelt og greier. Dei som kjenner meg veit vel kva eg tykkjer om partytelt. Øl, vin og dram, brennevin og sang, som vi song i Dale i gamle dagar, er heller ikkje heilt mi greie. Det er mange år sidan eg slutta med slikt.... Er egentleg reprise på reprisen det òg då, men eg held meg betre med nokre rundar på fjellet og kjem meg i seng når eg skal i staden. Men lukke til med festen for dei som skal;-)

torsdag 2. august 2012

Ei forlokkande dame

Eg stakk oppom Blegja på veg heim i dag òg. Ho ligg så steikje forlokkande til der oppe når eg køyrer heim frå arbeid. Som ei dame det ikkje går an å seie nei til...(spøk:-)) Då er det sjølvsagt greitt å vere utrusta og klar...

Eg har fast med meg diverse klede og sko i bagasjerommet på bilen no. Greiast er det sjølvsagt å gå opp i joggesko og shorts, sjølv om det er lett å få seg ein kilevink på føter og legger oppe i urane. I dag var det i tillegg vått i gras og anna lenger nede, så kliss vart eg ganske fort. Så farleg er ikkje det når temperaturen er bra.  

No var det sjølvsagt skodde på toppen i dag òg. Fjellet gir liksom ikkje heilt slepp på den for tida. Dessutan følgde litt regn og yr med. Så mange plussgradene var det heller ikkje, sjølv om det kanskje kan sjå slik ut....:-))

Elles er det ikkje så mykje å skrive heim om. Som eg ikkje har nemnt mange gonger før. Mykje liv er det heller ikkje å sjå. Men ekstra kjekt er det med snøsporven der oppe. Den er både sjeldan og ikkje alltid så lett å få auge på hvis du ikkje har syn for fugl.  Kjem du for nær reir og unger så pip han såvidt. Utsjånadsmessig går han i eitt med stein og snø.

Ei og anna rype er òg å sjå. Høgt oppe i urane og elles rundt omkring. Men det er foruroligande lite fugl. Eg ser mindre og mindre for kvart år. 

Plantene her ute ved kysten, synest eg er spesielle. Heilt ute ved havet på over 1000 meter stikk dei seg fram i tjukkaste steinura. Og fleire av dei står i blomst. Hardføre og nøysame. Eg går vanlegvis forbi ei systerot (rosenrot) nesten heilt oppe ved toppen. I verste ura. Det synest eg er veldig kjekt. Her er også fjelljamne, kråkefot, sisselrot, fjellburkne, musøyre og vier for å nemne nokre av dei grøne. Nokre av dei blomstrande vi finn er som sagt systerot, sildre, fjelldronning, fjellmarikåpe, fjellpryd, fjellkattefot, stemorsblomst og blåklokke - for å nemne nokre.  

Kvitbladtistel Cirsium heterophyllum (Cirsium helenioides) på Blegja

For meg fortel plantane noko om livet i seg sjølv. Spesielt her oppe. Utan å dra det for langt i denne omgang... Fellesnemnaren er at dei alle strekkjer seg etter lyset i ei eller anna form.

Fin tur!

Snodige dyr

I går kveld stira eg i motabakkane som vanleg, sveitten sila, og brått høyrde eg torden langt i det fjerne... trudde eg. Så ustadig som vèret har vore i det siste, var no ikkje det særleg rart. Men eg glytte no opp og såg meg 360 grader rundt kva retning himmelen var mørkeblå og skralla kom frå. Jammen kvapp eg då tre kvite dottar stod hakk i hel på meg. Ein sjeviot og to lam hadde kome springande etter meg opp jordbakken som torden, utan at eg hadde sett dei... Dei tenkte vel på mjøl...! Skøyig!

Vel, dyrehistoriene tok ikkje heilt slutt med dette. I Størdalen stod kyrne midt i vegen som vanleg. Fleire bilar venta i kø på kvar side, utan at kyrne let seg affisere så mykje over det. Eg var akkurat på nippet til å springe ut av bilen, og forbi ein tysk-registrert bil, for å klapse kyrne på ræva, då eg kom på at eg sat i berre Pierre Robert boxeren min. Sjølv om den var svart med gule striper på, var det kanskje litt i tøffaste laget å springe ut i berre den. Ikkje godt å vite kva det female eksemplaret av ein tyskar tenkte der framom når eg kom springande forbi i berre den.... Så eg måtte berre sitte der. Då la eg merke til at det tyske registreringsnummeret på bilen var KUH. Då lo eg. Stressnivået var som fordufta...:-)

Eg hadde faktisk tyskaren framfor meg heilt heim igjen. Han fòr til Staveneset. Hvis nokon ser ein tyskregisrert gul, liten peugeot med kjennemerke KUH, ja så stemmer det...;-) 

onsdag 1. august 2012

Tele 2 og mi kjære mor

Sommar er vel reprisetid. Tid for agurkar og lette nyhende. På fjellet i dag kom eg på ein blogg eg hadde om diverse problem med mobilen min. Eg søkte opp stykket og fann det i august 2007. Eg legg dette ut igjen her no sidan eg har bestilt min første smarttelefon i dag. Tykte det passa litt godt, så her er den bloggen: 

Eg har funne ut at mobilen min lever sitt eige liv. Så etter å ha vore den heldige eigar av 971 69 357 i ”ein halv mannsalder” treivst den visst ikkje lenger med meg ”ude på den nøgne ø”. Den meinte visst det var grønare på hi sida av gjerdet. Eg gjer difor orda til Jakob Sande, min tidlegare sambygding, til mine, når eg kviskrar: ”Eg tenkjer på deg, ved dag og ved natt, og min draum er den, å få sjå deg att”

Frå Du, "Det kveldar på Kobbeskjer"

No var det vel ikkje mobilen Jakoben tenkte på då, men ei fager gift dame austafor. Som reinkarnert vil eg òg tenkje på fagre damer, gifte eller ei, og skrive bøker om alt frå mobiltelefonar til mitt hjartebarn - rennande, fossande og jomfrueleg vatn, krangle med alskens folk om kraftlinjer og kraftutbyggjingar og banne så mykje eg vil….) !

I forrige månad stusse eg over e-fakturaen eg fekk frå mobilselskapet mitt Tele 2. Eg har vore kunde her i mange år. No fekk eg berre rekning på breibandet, men ikkje på mobilen. Hadde eg snakka så lite i sommar? Var rekninga under 300 kr og overført til neste månad? Eller var Champion-abonnementet mitt blitt billegare i mobilkrigen? Mobilen hadde jo gløda med bilder og tekst om kraftlinjetrasèar, fotturar, dårlege kne, elendig fiske og kjekke kvinnfolk! Eg tenkte likevel ikkje så veldig mykje meir på det akkurat då.

Stor var difor mi undring då e-fakturaen i august òg dukka opp i nettbanken berre med krav på breibandet. Dette måtte eg ha greie på! Så eg tok å ringde inn på kundesenteret på Tele 2 og høyrde korleis dette hang i hop.

Eg fekk hakeslepp. Nummeret var ikkje lenger mitt! Spirrevippen hadde slept det fri, det hadde rømt, flytta, emigrert eller reist på ferie? Det hadde teke ein Global Travel gjennom universet utan sidestykke og vore på reise sidan 23.mai!
 

Eg sjekka på telefonkatalogen.no og riktig - mitt kjære 971 69357 gjennom mange år var ikkje lenger mitt! Det var reinkarnert og var dukka opp igjen frå sin sfæriske tur gjennom universet og glødande tastetrykk, diverse servarar og tomme pc-blikk og komme heim til mor mi i Dale.
Ikkje for det. Der er eg sikker på at den ville få ei framifrå framtid! I eit stort kvitt hus, som vittige tunger hevdar må seljast på rot fordi det er umogeleg å tømme, ville den få eit nytt rikt liv. Der i mange uutforska rom, i skuffer og skap ville den finne mange av same slaget som kunne berike kvardagen og føre til endå fleire, blomstrande nye nummer....Ein aura av fornying. Friske nye nummer som hadde visjonar for framtida. Som kunne utveksle meiningar om det meste og late nabonummeret vere i fred når det trengde det.

Så eg ringde mi kjære 70 årige mor og lurte på kva slags frieri ho hadde fått ja på på sine eldre dagar. Jau, ho hadde sendt inn eit skjema som ein luring av ein rundbrennar hadde sendt frå Tele2. Mi pratsame, kristeleg og nøysame mor med synspunkt på det meste, ville sjølvsagt prate så fritt og så lenge ho ville med alle sine utan at griske mobilselskap skulle rane ho endå meir frå pensjonen sin! Mor mi som i alle dagar har sytt for seg og sine! Når eg likevel lurte på om ho ikkje hadde merka noko på rekninga si, får eg som svar at det «kjem no så mange telefonrekningar". (Faderen tastar jo i veg han òg både på PC og mobil. Rett nok med litt feilsendingar av SMS og diverse problem med MMS,en....:-))

Dette var heilt tragikomisk. Eg måtte nesten le. Den kjære mor mi hadde fått overført nummeret mitt til seg, betalt rekninga mi i to månader. Det griske, ukristelege selskapet hadde heller ikkje noko omsut for meg, så eg visste ikkje eit kvekk!

Korleis i himmelens navn kunne dette gå an? Eg ringde Tele2 igjen. Veit du kva han svarte spirrevippen? Eg måtte få mor mi til å fylle ut eit eigarbytteskjema på nummeret MITT, signere og sende det tilbake til uvesenet. Dette skulle dei ha 199 kr for!!

DÅ vart eg forbanna! Dei hadde stole mobilen min – og no måtte eg attpåtil betale for å få den igjen!

Vidare detaljar kjem i neste kapittel, men so mykje kan eg røpe at ekteskapet mitt med dette selskapet heng i ein tynn tråd.
Eg er ein lojal fyr, men det får no vere visse grenser...

Når eg i tillegg dagen etter høyrer i nyheitene at dei er hacka for alle personnummera i kunderegisteret sitt, så har eg ikkje berre misst mobilen min i sommar, men og fødselsnummeret mitt! Eit identitetstjuveri av dimmensjonar er på gang! Kven er eg?

I etterkant av sjokket har eg fått pusten igjen frå min noko svekka kondisjon. Men no stussar eg over diverse telefonar eg har hatt i sommar.

For spesielt Sjømannskirka har vore usedvanleg travel på tråden for å selje lodd. Skuldast det at mobilen min no står på den 70-årige lettlurde mor mi? Og veit du kva dei spør om når dei ringjer? Vil du støtte Sjømannskirka? Når eg så svarar Nei, får eg spørsmålet tilbake – støttar du ikkje Sjømannskirka? Så her skal eg sitte med dårleg samvit og. Er eg schizofren blitt?

Nei, seljarar av mobilabonnement og lodd har eg fått opp i vrangstrupen. Hadde eg vore på eit folkemøte om desse uvesena òg, som stel og lyg, ville eg ha banna igjen...Ikkje berre ein gong – men, fleire!

Dei får ikkje sei ædda bædda til meg!


Og her er oppfølgjaren:


Historia om mobilen har tatt ei ny vending...Eg har fått att nummeret mitt. Som du sikkert hugsar hadde mor mi meldt nummeret mitt inn i Tele2 si familieløysing for familiær gratisprat utan å ha underretta meg, og Tele2 overførte nummeret mitt til henne, utan å seie eit pip til meg. Absurdement..Men som om ikkje dette var bort i hamp og staur og veggje, meinte selskapet at eg skulle betale 199,- kr for å få ATT nummeret MITT. Vel, DET laut dei gje seg på, og krype til korset. Det er no måte på kor toskne dei trur vi "bygdebønde" er....

Så sjølv om nummeret mitt framleis står på mor mi sitt namn på Opplysningen 1881 og telefonkatalogen.no sine lite oppdaterte registre, så er nummeret flytta heim igjen etter sin spaceflight!

Vel, no har det seg slik at påkjenninga for sjølva hard-waren på mobilen vart nesten uuthaldeleg når nummeret forsvann. Eg har difor hatt store problem med å få mat i karen i heile sommar. Med stadige oppkast og diarè var det kul flette å få i han fast føde, og det flytande var i så små porsjonar at han stadig gjekk seg tom i motabakkane. Når den i tillegg berre gjekk på halvparten av tangentane, og var vanskeleg å høyre i, dårleg å sjå på, og var skjelven i fisken, var det berre ein ting å gjere - søke om førtidspensjonering for den gråsprengde stakkaren som hadde slite eit heilt liv. For dette var berre ikkje til å leve med.
Så den utbrende og tilårskomne mobilen fekk sin rettferdige plass for å nyte alderdommen i eit nyinnreia rom i skjenken i stova.

No har det seg vel slik at den som framleis er litt frisk og rask, og nokolunde føl med tidens krav, lyt sjå innom til slike gamle stakkarar som har gjort si tèn. Det må vere utgangspunktet både for deg og meg. Men eg hadde aldri tenkt meg at sorga over å måtte flytte inn på sitt eige flotte og nyinnreia rom allereie første natta skulle få slike dramatiske konsekvensar at eg i hui og hast måtte rykkje ut for å stanse sytinga til den gamle stakkaren. No har det seg sjølvsagt også slik at eg har eit så lett sovehjarte at eg ofte vaknar av den minste ting. Dette er ein situasjon som har utvikla seg til ei aldri så lita plage dei seinare åra. Men trøysta får vere at når eg hugsar tilbake på Morgan Kane bøkene eg las som ungdom, så sov han aldri meir enn med eitt auge att, og i tilegg sat han alltid med ryggen mot veggen for å vere på vakt mot potensielle farar. Så såleis er eg i godt selskap.

Til å begynne med kunne eg ikkje fatte kva lyder som nådde hamrane i øyra mine seinnattes i mørkna denne natta. Først trudde eg det var avundsjuke kattar utanfor soveromsvindauget, så tenkte eg på nyfødde ungar - men det er det lite av her på Yndestad, så stussa eg på om cd-spelaren sto på på guterommet, men den hadde eg no slege av i går kveld? - kunne det vere brannvarslaren på gjesterommet?, nei, dette var eit mysterium som eg måtte finne ut av. Så eg kraup ut av den varme bikka og gjekk på oppdagingsferd rundt om i huset frå rom til rom for å avsløre mysteriet.

Ja, cd-spelaren var slegen av, ingen brannvarslar peip på gjesterommet, og ute på altanen kunne eg berre konstatere at ingen av dei 4 nabokattane til Hans;en og den eine til Kjellen i huset innafor, var å sjå eller å høyre. Nei, dette var og blei eit mysterium. Men lydane måtte eg berre finne ut av. Kunne dei kome frå kjellaren? Var her lekkasjar frå varmtvasstanken eller heldt frysaren (som har sett sine beste dagar) på med sine siste andedrag? Så, eg tok meg ein tur ned i kjellaren iført berre trusa og barfot til beins på det kalde betonggolvet for å søkje løysing på mysteriet. Men trur du øyra mine fanga opp noko nærare signal her nede?

Opp igjen i huset, ut i gangfanget, ingenting, inn på kjøkkenet igjen, ingen ting...kunne det komme frå stova? Eg gjekk hovudstups inn i stova etter å ha smelt likkjetåa godt ned i dørgotta så eg skreik høgt! Svarte f... for eit mareritt. Hadde nokon vore vitne til denne seansen hadde dei trudd eg var totalt maniac og ute av stand til å ta vare på meg sjølv...! Men eg kom meg no sakte til hektene igjen etter at eg fekk teke meg ein slurk Pepsi-max frå kjøleskapet....Og så peip det igjen..

Som du sikkert allereie har forstått no var eg begynt å vakne og greidde å lokalisere læta sånn nokolunde. Ja, og så var eg sjølvsagt begynt å bli relativt forarga på heile greia. Ikkje nok med at søvnen var røva i frå meg, men likkjetåa verka noko så bort i staur og veggje at eg trudde ho minst var brota. Så etter først å ha sjekka tuneren på parabolen og den bærbare pc,en, gjekk brått lyset opp for meg. For i svarte svingande det var jo den kjære, gråsprengde og tilårskomne mobilen min som ga i frå seg sine siste pip! Sine siste lydar som eg var så vel kjend med og som eg brått ikkje hadde kjent att! Gjekk det an? Kva vilske var eg vakna opp i? Kjende eg ikkje igjen min gamle ven? For sjølvsagt ville den at eg skulle stå opp og sjå til han. Det var jo eg som hadde bett han om å gjere nettopp det! Stakkars du gamle ven som har tent meg slik i tjukt og tynt - det var jo klart at du ville ha litt ekstra forpleining no første dagen i den nye flotte, men sterile heimen din! At eg kunne vere så dum å ikkje tenkje nettopp på deg når nokon peip så ynkeleg. Du med ei sjel så stor som alt rennande vatn og fjell! Min gamle kamerat som eg har slite på utan annan omtanke enn å tilfredstille meg sjølv og eigne lyster...

Eg vart brått flau kan du tenkje deg..Så eg tok min gamle våpendragar varsamt opp av den nye heimen i skuffa i skjenken, og sette meg pent ned i skinnstolen min, og strauk han ømt over tangentane. Ynkinga forsvann som dogg for morgonsol. Eg sat der og tenkte, med mitt gamle hjartebarn i nevane og strauk og strauk...til han stille sovna...

At eg kunne vere så dum! Klart den gamle mobilen min ville pipe så ynkeleg første natta i sin nye heim når vi ikkje hadde fått teke skikkeleg farvel kvelden før!
 

Dette har eg no teke som eit godt teikn på at du skal ta skikkeleg farvel med gamle vener når du skiljast! Det er heller ikkje så dumt å stikke innom av og til òg, for å sjå korleis det står til.

For no har min gamle heidersvenn atter funne roen i sin nye, velinnreia heim. Han ser meir optimistisk på livet når han no veit at eg atter kjem på besøk...No slepp han å skrike stygt om nettene for å få den rettmessige omsorg og pleie han har bruk for. Ja, for no veit han at eg snart kjem på ei ny vitjing...! Kanskje i kveld?

I dag har eg skaffa med ein ny mobilvenn. Det er ei dame - ei Sony dame, med tittelen K810i. Ho er ny og frisk i måten å tenkje på, har andre draumar og vyer for livet og ikkje minst fleire strenger å spele på, enn min gamle heidersven. Ho er spanande å sjå til, har lekre nye antenner, nytt blått lys i auga som glitrar når eg trykker på, og sender meg nye beskjedar som eg ikkje alltid heilt forstår. Men du verden når eg forstår ho, himmel på jord, du salige velgjerar som kan gje meg så mykje informasjon, flotte bilder å sjå og tenkje på. Eg blir reint yr og barnsleg i samkvemet med ho då...! Kan berre ikkje late ho få fred, tenkjer og jobbar og tenkjer på min nye venn...Ja, reint forførerisk er ho i måten å vere på då! Så brått prøver eg på noko nytt og pressar litt for mykje på - og så forstår vi ikkje kvarandre igjen... Nye trykk og meir forvirring...og så får eg atter nye beskjedar som òg er forvirrande. Eg prøver meg med gamal erfaring og nye instruksjonar att. Det hjelper, og eg er igjen i himmelen, og blir blenda av kva vi finn ut ilag.... Men når ho igjen seier stopp og eg ikkje har fleire knappar å trykkje på, blir eg nesten fortvila og lei meg. Verst er det å bli liggjande om natta å fundere på problemstillingane som eg ikkje finn ut av...Då kjem spørsmåla som perler på ei snor...Kva skal eg gjere? Skal eg prøve å sove på det? Ser eg lysare på problemstillingane i morgon? Eller skal eg berre ta tia til hjelp og sjå om alle problema som tårnar seg opp løyser seg sjølv?

Vel, sant å seie - eg veit ikkje. Vi får prøve å ta eit av problema om gongen (eller det heiter vel ikkje det, heller utfordringar...:-) og ikkje late alt bli eit mørkt, nakje og uoverstigeleg fjell....For er det noko eg veit, så er det at skal ein bestige store fjell, så er det viktig å ta eitt steg om gongen! Og det er ikkje særleg lurt å ta det neste steget altfor fort heller. For store fjell har eg komme over før, så her veit eg kva eg snakkar om!

Men ein ting er sikkert: min gamle ven, som ligg på Lit de parade i skuffa i skjenken, var til tider lettare å forstå....men, så har vi jo hatt mange år ilag og då....:-)