søndag 15. juli 2012

Sommardagar i Tyrkia

 Tidleg morgon ved kanalen i Icmeler

Å summère i hop 14 dagar i Icmeler/Marmaris-distriktet i Tyrkia på ein kortfatta måte er ikkje så enkelt. Det viktigaste å fortelje er vel at vi hadde ein særs vellukka ferietur. Eldste dotter mi Margunn og barnebarna mine Sander og Hanna vart med. Vi greidde å halde hemmeleg for Olaug at alle ungane og barnebarna henner òg vart med. Det kom difor som eit sjokk for henne at Marie, Torbjørn, Håvard med Miriam og ungane Tora og Tirill kom til i Bergen. Sidan før jul i fjor har vi heldt dette hemmeleg. På tax-freen på Flesland sleppte vi bomba. Ein forseinka 50-års presang til Olaug! (Videoen av opptrinnet har eg lagt under privat på YouTube - den eignar seg ikkje i offentlegheit...:-)) Eit stort følgje på i alt 12 personar tok difor av frå Flesland 29/6 for ferietur til Tyrkia. 

 Istanbul frå flyet

Reisene gjekk perfekt frå ende til annan. Siste bil til ferja på Lavik, og siste bil på nattferja heim frå Oppedal 14 dagar seinare. Sjeldan mykje flaks med ferjene...! Flyturane supre. Ungane heilt uredde. Og flya nokolunde i rute, trass i lite flygeleiarar på arbeid rundt omkring. Nokre timar i buss frå Dalaman til Icmeler, og omvendt, gjekk heilt smertefritt òg. Aircondition i bussane var ein klar føremon. Også eit kvarter stopp undervegs med litt shopping/dobesøk var fint. Bussturane tok ca 2 timar kvar veg. Noko som gjekk relativt fort med så mykje nytt å sjå frå bilvindauga. 

Hotellet Blue Star Prince i Icmeler svarde heilt til forventningane. Kjekk betjening, veldig bra service, god mat og godt reinhald. Krydra med eit supert leikeområde for ungane. Greitt og passeleg basseng, godt barnebasseng og i det heile teke eit fint hotellområde, berre 100 meter frå den flotte stranda. Hotellet anbefalar eg på det varmaste. 

Morgonstell på Blue Star Prince

Varmen ja. Det var sjølsagt eit stort sjokk å kome til fleire og tredve varmegrader frå sipande regnvèr og 12 grader heime. Men det var jo akkurat det vi kom for. Og sola steikte i 14 dagar til endes, utan ei sky på himmelen. Vel, ein dag såg eg to skyer ute i horisonten...:-) Eit par dagar på slutten av opphaldet vårt passerte termometeret 40 grader i skuggen. Greitt å ha litt. ja akkurat, skugge innanfor rekkevidde. Personleg kunne eg likevel ligge i sola heile dagen då etter ei bra tilnærming frå faktor 30 til 10 og til slutt 6. Ungane derimot hadde best av å ta pausar frå sola midt på dagen når denne var sterkast. Inn på altanen vår om morgonen i 7-tida var sola så sterk at du nærast kunne sjå at du vart solbrend utan solkrem. Heilt ekstremt! Etter joggeturane mine åt eg medbrakte havregryn frå Norge til frukost her, før dei andre hadde stått opp. 

Nokre store fjell er det ikkje akkurat i Icmeler. Eg var oppom det høgste. Så det vart som nemnt jogging på meg. Det er ein kjempeflott strandpromenade frå Icmeler til Marmaris. Kor lang denne er veit eg ikkje eksakt. På kartet står det 10 km, men det trur eg må vere etter hovudvegen som går ovanfor. Denne promenaden er bilfri, hellelagd og fantastisk utforma. På desse 14 dagane sprang eg denne ruta 9 gonger tur/retur. Tidleg på morgonen gjekk det nemleg an å jogge. Eg sette klokka på 5.20 (4.20 norsk tid) då temperaturen varierte frå 24 til 28 grader på denne tid av døgnet.  Då var det forresten akkurat begynt å lysne av dag òg. Litt varierande morgontrekk gjorde godt.


 Motiv frå joggeturane til Marmaris før soloppgang

Morgonen er ei fantastisk tid på kysten av Tyrkia. ( Eg elskar morgonen - av fleire grunnar. Livet startar på nytt då). På kyststrekninga til Marmaris var somme av ungdommane endå ikkje ferdige med beach-partiet sitt. Andre igjen var på veg på jobb. Somme hadde jobba heile natta som nattevakter eller nattklubbvakter. Og fleire heldt vakt langs kyststrekninga og hotellområda til Marmaris. Fleire kom eg på hels med. Dette var også tilfelle med fleire andre turgåarar som òg tok morgonturen sin på denne tid. Spesielt i utkanten av Marmaris gjekk fleire daglege tur før fuglane hadde stått opp. 

Ein kar eg hugsar godt, var ein eg sprang forbi like før eg snudde, og så sprang forbi igjen andre vegen. Då stoppa vi opp begge og vart pratande. Han lurte på kvar eg kom frå, og då eg svarde Norway lo han. Han sa at han vart kjend med ei norsk jente for litt sidan, og avtalte at han skulle treffe henne utanfor hotellet hennar. Då han kom dit, var det første ho sa at han var 3 minuttar for sein. Dette var nok for han. Det fortalde mykje om norske jenter - no hadde han ei russisk i staden....! Vi lo godt begge to. Før klokka 6 om morgonen (5 heime). Kanskje fortel denne historia noko vi kan legge oss på minne? 

 Ein blid og hyggeleg kar, her før kl 06 om morgonen,
 var ikkje spesielt begeistra for norske jenter lenger...

 Vart på hels meg mange smilande nattevakter på grytidlege joggeturar. 
Han her var blant dei blidaste, men kunne ikkje eit ord engelsk...

I det heile er folk i Tyrkia vennlegheita sjølv. Slik eg opplever dei. Spesielt mange av kurdarane som servar turistane. Men sjølv langt ute på den tyrkiske landsbygda blir ein møtt med eit ope sinn, vennlege, blide og hjelpsame. Sjølvsagt dreiar mykje seg om pengar. Men mange bryr seg faktisk ikkje så mykje om det. Det var som han sa han morgonfuglen ovanfor, då eg sa at han måtte ta seg ein tur til Norge og få seg godt betalt jobb, at "money means nothing". Kanskje har han rett? Eg veit ikkje om pengar har gjort nokon spesielt lukkelege.... 

Maten i Tyrkia er noko for seg sjølv. Vanvittig god! Fantastiske kjøtrettar, kebab og sjømat. Eg legg alltid på meg eit par kilo på desse turane, sjølv om eg mosjonerer bra. Seine og store middagar, is og andre kaloriar får ta skulda for det. Ferie er no ferie.... sjølv om kondisjonen og den generelle forma ikkje tek nokon skade av det. Men set ein seg først ned kjem ein seg ikkje opp att....! Eller rettare sagt - legg seg ned - på ei solseng! Det var som eg sa til Olaug, då vi kom første dagen på stranda, og eg såg to eksemplar av to kvinnfolk, knallbrune, digre og som velta seg på nokre solsenger under bare sola, at dei minte meg akkurat om desse sjøløvene eg ser på naturfilmane på TV. Same farge og same utforming...! Vel, vel eg skal ikkje harselere så mykje over det. Sjøløver er gjerne nøgde med seg sjølv dei...

Motiv ved infoskiltet om bymurane på Amos

Tja, kva meir skal eg velje å skrive om? Minna er mange og fleire. Vassparken i Marmaris - enorm - yrande folkeliv, tett strandliv, jeepsafari, bading på øde strender, Amos - eldgamal kulturby frå 3tusen år før Kristus - båtturar, handleepisodar etc etc. Det vil dra for langt. Kanskje legg eg ut nokre korte glimt seinare, men i denne omgang får det halde. Bilda på linken under fortel gjerne sitt. Meir enn tusen ord. Eg skal legge inn tekst til dei fortløpande og ved høve. Som mange andre turar til Tyrkia var denne òg fantastisk bra og minnerik. Ikkje minst for Olaug og hennar "surprise-party"...!

Foto ferie Tyrkia 2012

Fra Ferie Tyrkia 2012


P.S. Det ligg fleire videosnuttar på kanalen min på YouTube!

2 kommentarer:

Liv sa...

Flotte bilder fra turen, Gustav :-)
Inspererande og kjekt å sjå...!

Unknown sa...

Takk Liv! Eg likar meg veldig godt i Tyrkia. Kjekke folk, god mat, service og reinhald på hotella. Garantert sol og sommar for oss med 3 veker ferie! Utfordringa er rett og slett ikkje å bli for lat...:-))